Mannen bak PBL på Bygg:
- Eit stykkje att å gå
- Me har eitt stykkje att å gå, seier professor Rolf
Lenschow, eldsjel bak PBL på Bygg. Den tidlegare
universitetsrektoren har henta mykje av inspirasjonen til PBL frå
eit år ved Stanford University i California, som i lang tid
har kopla PBL og teknologiutdanning. Han vedgår at
fakultetet ikkje har teke steget fullt ut.
- At noko av det gamle heng att er naturleg fordi dei gamle
undervisningsformene er ein del av sjela til lærarane. Men
endringsprosessen er i gang: No kjem faktisk lærarar sjølve
for å føreslå reduksjon i dei tradisjonelle førelesingane
i undervisinga.
- Kva må gjerast med eksamensordninga for å
tilpassa ho meir til resten av undervisningsopplegget?
- Studentane er rasjonelle med tanke på eksamen. Me har
derfor vekta prosjektarbeidet slik at det omlag vil telja
halvparten av den totale karakteren i eit kurs.
- Kva vil de gjera for å betre effekten av
gruppearbeidet i PBL?
- Me må ofra prosessen i gruppene langt større
merksemd. Me trudde det ville gå seg til, men det krevst ei
mentalitetsendring både blant studentar og lærarar.
- Vil det bli arrangert kurs i korleis å arbeida i
grupper? - Ja. Til hausten startar me i tillegg opp
med «E-bok», eit prosjekt som skal læra tilsette
og studentar meir om kva den nye læringsprosessen inneber.
20-30 studentar blir utstyrt med bærbar PC der dei kvar
studiedag skal rapportera om tidsbruk, faglig progresjon, utbytte
av førelesingar , øvningar og prosjekt, og om
korleis arbeidet med studiane og arbeidet i gruppene fungerer.
Les også: Sterk kritikk av PBL
på Bygg Les
også: Vil ha ny eksamensform |