NTNU - Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet 
Ansvarlig redaktør: Informasjonsdirektør Kåre Kongsnes 

Teknisk ansvarlig: 
Erik Prytz Reitan

 
Likestilling ved NTNU: 

Langt å gå 

Kvinnene er i fleirtal på mange hovudfag, men dette viser seg ikkje att i talet på kvinner i stipendiat- og faste stillingar. Det er mennene som legg premissa ved universiteta. 

Kvinnelege hovudfagstudentar er i fleirtal på mange fakultet ved NTNU. Auken i talet på kvinnelege studentar har derimot ikkje avspegla seg i stillingshierarkiet ved NTNU. Prosenttalet på kvinnelege stipendiatar ved NTNU i mars 1999 var 30. Det tilsvarande talet i 1995 var 27. Auken har altså vore marginal dei siste fire åra. 

- Dei viktige prosessar som skjer på hovudfagsnivå, betyr ikkje at det vil bli rekrutert fleire kvinner i akademia. Viss det skal skje, må det gjerast noko radikalt. 

Det er Berit Skog, fyrsteamanuensis ved Institutt for sosiologi og statsvitskap, som seier dette. I ei hovudfagundersøking frå 1995 søkte ho forklaringar på gapet i kvinneandelen mellom hovudfagsnivå og faste stillingar ved å setja søkjelyset på den akademiske kulturen. 

Mannleg hierarki 

- For det fyrste må kvinna forholda seg til eit hierarki som kanskje ikkje er tilpassa kvinner. Mange kvinner har omsorg for born, medan menn i sterkare grad kan etterleva den akademiske tidsrytmen. 

Ei anna forklaring Skog peikar på er dei uuttalte normene i akademika, som individualisme, konkurranse, prestasjon og tidsdisiplinering. 

- Dette er normer som tradisjonelt er knytta til menn, men som kvinner må kjenna att, forholda seg til og meistra: Dei må finna «koden». Kvinner må få betre sjølvkjensle - gjera seg meir synleg. Kvinner må læra nettverksbygging for å stå sterkare i kampen om stillingar. Kvinner har stor kontaktflate, men sidan det på universtitetet er mest menn, må ein også bli ein del av deira nettverk. 

- For det tredje blir det stilt krav om kompetanse hjå personen som «skal klatra». Han eller ho må ha motivasjon, god fagleg sjølvkjensle og ambisjonar, hevdar Skog og viser til hovudfagsundersøkinga som seier at dette ikkje er kvinner sitt hovudproblem. 

- Problemet er tid. Menn har betre moglegheit til å planleggja og gjennomføra eit normert studium. Dei får dermed eit akademisk karriereforsprang på kvinner. 

Ansvar for barnet 

Offentlege utdanningsmeldingar føreslår barnehageutbygging som ein strategi for å auka kvinnedelen i akademika. Skog meiner slike forslag er paradoksalt ut i frå eit likestillingssynspunkt: 

- Det blir gitt ein utdanningspolitisk legitimitet til at borna utelukkande er kvinner sitt ansvar. Forslaget gir dessutan ei «privat» forklaring på at kvinner er fråverande i vitskaplege posisjonar. 

Hovudfagsundersøkinga viser at fleire menn enn kvinner har kontorplass og utstyr som pc og telefon. 

- Menn har betre arbeidsvilkår, noko som påverkar studiemotivasjon og trivsel, og som gir ein materiell base for å innarbeida seg sosialt og fagleg i ein akademisk marknad, seier Skog. 

Dei tre p-ane 

- Sentrale normer ved universiteta er prestasjon, produksjon og publikasjon. Undervising og rettleiing er ikkje like meriterande i det akademiske vurderingssystemet. Universiteta har på den måten marginalisert område der kvinner tradisjonelt har kompetanse, det vil seie i mellommenneskelege forhold. 

Hovudfagsundersøkinga viser at kvinnelege studentar reagerer sterkare på på konkurranse og prestasjonspress enn menn. 

- Dette kan tyda på at kvinner føretrekkjer samarbeidskultur framfor konkurransekultur. 
     
      
Les også: Mannsbastionen NTNU 
Les også: - Topp å vera NTNU-kvinne