NTNU - Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet 
Ansvarlig redaktør: Informasjonsdirektør Kåre Kongsnes 

Teknisk ansvarlig: 
Erik Prytz Reitan

 
Mannsbastionen NTNU 

Året er 1999: Tre fakultet ved Norges nest største universitet har ingen kvinner blant dei vitskapleg tilsette. Kun tre av tjue vitskapleg tilsette er kvinner. 

Kun 16 prosent av dei vitskapleg tilsette ved NTNU er kvinner. Det tilsvarande prosenttalet i 1995 var 13. Trass i ein handlingsplan for likestilling og mindre tiltak er det altså blitt rekrutert få nye kvinner til akademia. Situasjonen for stipendiatane er ikkje lysare - sjølv om det har vore ein stor auke i talet på kvinnelege hovudfagsstudentar dei siste åra. Tretti prosent av stipendiatane ved NTNU er kvinner. I 1995 var det tilsvarande talet 27 prosent. På fakulteta for marin, maskin og geofag er det ingen kvinner blant dei vitskapleg tilsette. 

Ikkje nok å knipsa 

- Tala er ei klar erkjenning om at talet på kvinner i vitskaplege stillingar er altfor lågt og at det er eit skrikande behov for fleire kvinner i akademia, kommenterer Vigdis Moe Skarstein, universtitetsdirektør ved NTNU. 

I strategiplanen for NTNU - vedteke i Kollegiet i desember 1998 - er dette punktet eitt av dei fem hovudmålsetjingane: «NTNU skal aktivt nyttiggjøre seg kvinners kompetanse i den faglige utviklingen.» Kollegiet vedtok også i 1996 ein handlingsplan for likestilling ved NTNU fram til 2001. For å rekrutera fleire kvinner vitskaplege stillingar vart desse tiltaka sett i gang: Det er til no vorte øyremerka tre professorat til kvinner. To andre prosjekt har retta seg inn mot dei kvinnnelege stipendiatane og fyrsteamanuensane. Sistnemnde kan søka om støttebeløp slik at dei kan kjøpa seg fri frå undervising og får dermed meir tid til å kvalifisera seg til professorat. Og gjennom det såkalla Mentorprosjektet har NTNU prøvd å rekruttera og kvalifisera kvinner til leiande administrative og vitskapelege stillingar og til valde leiarposisjonar. 

Tiltak og handlingsplan til tross - NTNU er framleis ein mannsbasiton. Viser ikkje tala sin klare tale at det ikkje er gjort nok for å rekrutera kvinner til vitskaplege stillingar, Skarstein? 

- NTNU må heile tida leita etter løysingar og moglege tiltak. Me er utålmodige, men det ikkje nok å knipa for å snu trenden, seier Skarstein. I tillegg til dei nemnde tiltaka viser ho til at Kollegiet følgjer med på at det sit nok kvinner i tilsetjingskomiear for vitskapleg tilsette, slik krava tilseier. 

Kvinner ikkje meritert 

- Med bakgrunn i målsetjingane i mellom anna NTNU sin handlingsplan, har rekrutteringa av kvinner i vitskaplege stillingar vore altfor dårleg, seier Anna Ølnes, likestillingsombod ved NTNU. Ho meiner det spesielt er viktig å rekruttera kvinner innafor teknologiske fag. Her er også utfordingane størst. Teknologimiljøet på Gløshaugen er dominert av menn. Ved dei teknologiske fakulteta ved NTNU er det med eitt unntak mindre enn 20 prosent kvinner i stipendiatstillingar. 

- Det må utarbeidast ein undervisningsstrategi der det må bli lagt vekt på både læringsmetodar som passar både for gutar og jenter, seier Ølnes og trekkjer fram problembasert læring (PBL) der undersøkingar tyder på at denne metoden passar for kvinner. 

- Kvinner er i større grad enn menn oppteken, og har kvalitetar innan tverrfagleg forsking og undervising. Dessverre blir ikkje brei fagleg orientering og pedagogiske kvalitetar meritert ved universiteta, seier Ølnes som saknar ein debatt om dette ved NTNU 

- Tykkjer du leiinga ved NTNU gjer nok for å få kvinner inn i vitskapleg stillingar? 

- Rett etter opprettinga av NTNU blei det sett i gang ein del prosjekt. Men dei siste par åra har Orgut teke so mykje av merksemda at det kan verka som om handlingsplanen for likestilling er blitt litt gløymt. 
     
      
Les også: Langt å gå 
Les også: - Topp å vera NTNU-kvinne