NTNU - Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet
Ansvarlig redaktør: Informasjonsdirektør Kåre Kongsnes

Teknisk ansvarlig:
Erik Prytz Reitan

 
Universitetsavisa

banker på hos

Sissel Høyem Aune

Yrke: Fyrsteamanuensis ved Musikkonservatoriet i Trondheim

Alder: 53,5 år

Sivilstatus: Skilt, to vaksne born

Bustad: Byåsen

På det lysaste kontoret i Olavkvartalet sit songpedagog Sissel Høyem Aune saman med student Sonja Kristensen og terpar den franske teksten til operaen Orpheus og Euridice. Kristensen, som skal ha eksamen i musikkteater til våren, viser fram tekstkladden.

- Dette er fransk med skikkeleg inntrøndersk aksent, humrar Sissel Høyem Aune.

- Du likar å ha elevar?

- Eg elskar det. I 1970 byrja eg å undervisa i song - utan å ha peiling på det. Etterkvart har eg gjennom studiar skaffa meg ein del visdom. Eg får veldig mykje att av studentar som Sonja. Dei kjem inn hit og har med seg ein ballast dei óg - dei er jo ikkje grøne.

- Sjølv om me ser slik ut, skyt Sonja inn. [Latter]

- Hadde eg ikkje hatt studentane, ville eg gått trøytt i denne bansjen. Dei får meg til å halda koken. Det er mykje som skal gjerast med desse folka. Å vera songar har mykje med kropp og spenning å gjera ? dagsformen, rett og slett: Dei har jo sine «ups and downs» då, veit du - som alle oss andre.

- Korleis artar det seg for ein songar?

- Det har du sikkert merka sjølv: Er du stressa, blir du stiv i nakken. Det går ikkje å syngja med stiv nakke - du får ikkje fin klang fordi musklane rundt stemmebanda er spente. Og so blir du nervøs og får ein stor klump nedi magen. Me syng med mangen me, veit du: Det er uttruleg spretne magar her på huset. [Latter]

- Sjølv starta du som profesjonell songar?

- Ja, alle her på Konsevatoriet er utøvande lærarar. Sjølv tek eg til å bli ein utgamal songar og blir skubba til sides av dei unge, vakre som du ser her [Peikar på Sonja. Latter]

- Ja , det er vel flest kvinnelege operaroller for unge kvinner?

- Jo, det jo det. No har eg stort sett vore konsertsongar og er utdanna som det. Kollegaen min, Kåre Bjørkøy, derimot er operasongar. Me utfyller kvarandre difor ganske godt og kan gje eit OK tilbod til denne banden.

- Kor mange studentar har du?
- Før hadde eg ti, men no har eg sju. Me har fått mindre tid på undervising etter at me kom inn under NTNU. Dessutan har eg so mykje å gjera utanfor dette huset. Og sidan eg tek til å bli ei dame i satt alder, kan eg tillata med å redusera litt, smiler Høyem Aune.

- Kva er det finaste du har sunge?

[Pause]

- Hm. Det er so avhengig av situasjon og medspelarar. Men det kanskje mest morosame eg har gjort var å syngja i ein sportshall i Vesterålen - ein kunne sjå målinga av handball- og basketballstrekane på parketten. Me framførte Händels Messias føre ein stappfull sal, og er sikker på at dei fleste aldri hadde vore å høyrt på noko slikt før, fortel Sissel Høyem Aune som er ein ækt byåsing

- Det var ikkje so mange hus på Byåsen før. Me hadde mykje plass og var ute heile tida. Skulle eg øva på pianoet, hang venene utanfor vidauga mitt etter tærne og ropa: «Sissel, kjæm du ut snart?»

Høyem Aune har også budd mange år i utlandet. Frå bupelen i Liechtenstein pendla ho til Wien og Zürich for å studera.

- Kva var det som drog deg til Liechtenstein?

- Det er ei altfor lang historie å fortelja. Eg samla frimerke då eg var lita. [Latter]

- Er heile livet ditt song?

- Nei då, eg er ein aktiv bymarktravar. Du finn meg både bannande og sygjande oppe i myra. [Latter]
 
 

TEKST: NORALV PEDERSEN