Ole Brumm i tre nye år

Etter Orgut seier rektor Emil Spjøtvoll framleis «ja takk, begge deler»: Han vil satsa breitt på grunnforsking samstundes som han vil prioritera NTNU si frontforsking med økonomisk stønad frå næringslivet.
 
 
Rektor Emil Spjøtvoll trur NTNU-folket er litt lei av omorganisering no og vil fyrst sjå korleis Orgut fungerer før det blir sett i gang nye omorganiseringsprosjekt. Foto: Erik Prytz Reitan  

– Kvifor var det naudsynt med Orgut?
– For det fyrste fekk fagmiljøa stadig mindre ressursar i forhold til arbeidsoppgåvene. Me ville bli meir effektive i bruk av ressursar og effektivisera dei administrative system. Det er alltid innsparingspotensiale viss ein leiter. For det andre såg det ikkje ut til at me hadde fått dei ønska synergieffektane etter samanslåinga av dei to store organisasjonane NTH og AVH. 
– Kva var årsaka til at dette ikkje skjedde?
– For det fyrste skulle ingen seiast opp. Det var også viktig med omsyn til det nye fellesskapet at dei som hadde hatt posisjonar tidlegare også fekk rimeleg bra posisjonar i framtida. 
– Dette var vel viktig midt inne i forsoningsprosessen?
– Ja nettopp. Det kunne ha skapt vonde stridigheiter viss me hadde vore for sterk i utvalet av personar eller for hard i val av struktur. 
– Det var vel også eit motiv bak Orgut at ein skulle sameina dei to kulturane på AVH og NTH i eit felles NTNU?
– Dette var ikkje eit sterkt motiv. 
– Har det blitt ein gevinst i etterkant?
– Ja, det tykkjer eg. Det har jo sameina oss på godt og vondt. [Mild latter] Det var derimot eit anna viktig motiv: Me såg at sjølve organisasjonsstrukturen var litt for komplisert – spesielt sentraladministrasjonen. 

Forsoning
– Leiargruppene og samrådingforuma på institutt- og dekannivå har fått ei sentral rolle i Orgut trass i at desse gruppene ikkje har beslutningsmandat. Kvifor?
– Me fann etterkvart ut at det var viktig å bruka dekanmøta fordi me fekk til ein god dialog mellom dei gamle miljøa; dei gamle frontane viss ein vil seia det på den måten. I desse møta var det ein gjensidig forståing av at me var eitt felles universitet. Eg hadde trudd at dekanmøta ville bli meir konfronterande, men sidan me fekk det til i dekanmøta, var det viktig at me hadde viktige ting å diskutera sidan dekanane kjenner fakulteta veldig godt. Me såg at dei tidlegare utvala og komiteane kom litt på sida av dette møtet. Det var derfor me la ned desse i Orgut. I Orgut har dekanmøta blitt forlenga i leiargruppekonseptet. Ein fare med dekanmøta er at det er ei overvekt at teknologifakultet, men i realiteten trur eg ikkje det har fungert på den måten. Det er ikkje noko avstemmingsorgan. 
– Trass i forståing på tvers av kulturane var det mykje debatt om Orgut – spesielt i 1998. Det kom sterke reaksjonar frå gamle AVH-miljøet spesielt mot omorganiseringa på instituttnivå. Dei var svært skeptiske mot denne bedriftstankegangen med éin sterk instituttleiar med stor handlingsfridom. Korleis opplevde du kritikken?
– Det eg var overraska over var at det var ei manglande vilje til å diskutera alternativ. Møta på Dragvoll og Gløshaugen blei konfrontasjonsmøte der det vart fokusert på ekstremstandpunkt på begge sider. Men gjennom dei høyringane me hadde på instituttnivå etterpå fekk me meir nyansert tilbakemelding. 

Framleis demokratisk
– Eitt av forslaga som no ligg på bordet går ut på å leggja meir ansvar på instituttleiar. Er du ikkje redd for at dette skal gå ut over demokratiet på institutta?
– Nei, det trur eg ikkje. For det fyrste er instituttleiaren valt. So er det eit instituttstyre som også er valt. Dette styret skal gje dei overordna retningslinjene. Instituttleiar si oppgåve er å arbeida innafor desse retningslinjene. Me slepp at mange detaljsaker kjem opp i styret. 
– Det har også kome kraftige innvendingar frå studentane. Dei meiner at studentane etter Orgutprosessen er blitt marginalisert. Har du gløymt studentane i prosessen?
– Nei, tvert i mot. Studentane får mykje større påverknadskraft enn dei hadde før. 
– På kva måte?
– Dei får vera med i leiargruppa. Om det er to eller tre studentar i eit styre; det er ikkje det som er avgjerande for kva styret besluttar. 
– I utgangspunktetet meinte du at studentane ikkje skulle vera med i leiargruppa. Var viktigheita av studentrepresentasjon noko du innsåg under Orgutprosessen?
– Ja, det var ein del av prosessen. Eg er no overtydd om at det er viktig å ha med studentane. 
– Du har altso endra synet på det etterkvart?
– Ja. For leiargruppa er viktig for å ha kontakt med studentane, men det handlar om meir enn kontakt. I leiargruppa må dei også ta eit leiaransvar. Dessutan er studentane sitt engasjement viktig. 

Sponsing frå næringslivet
– Lat oss løfta blikket og sjå Orgut som del av ein overordna strategi ved NTNU: Du har no nettopp teke til på din siste treårsperiode som rektor ved NTNU. I den førre rektorperioden din freista du å skapa forsoning mellom frontane frå samanslåinga av AVH og NTH i 1996. Ein av hovudutfordringane du står framføre no er spenningane mellom breiddeuniversitetet og spisskompetanseuniversitetet. Kor breitt er det mogleg å vera bra?
– Alle må retta eit klarare fokus på kva dei skal satsa og vera gode på – både innanfor teknologi, naturvitskap, samfunnsvitskap og humaniora. Viss ein breier seg veldig ut, klarer ein ikkje å oppnå gode resultat på nokre av områda. Me skal også satsa på hovudprofilen og spisskompetansen ved NTNU der næringslivet er med. Me håpar å finansiera denne satsinga med hjelp frå næringslivet.
– So det er ikkje snakk om å kutta ned på hovudprofilen ved NTNU?
– Nei. 
– Vil du då kutta ned på dei frie faga?
– Eg ser ingen grunn til å kutta; eg ser grunn til konsentrasjon. 
– Det vel noko som må prioriterast vekk?
– Prioritering må skje gjennom konsentrasjon på alle fagområde. Ein bør kanskje innsnerva fagtilbodet og konsentrera om hovudområde innafor kvart fag der ein kan vera best i landet. 
– Det du seier er at kvart fag skal retta eit klarare fokus?
– Ja. 
– Er det snakk om å prioritera hovudprofilen og spisskompetansen ved hjelp av løn og større løyvingar?
– Det er lite å henta frå budsjetta. Slike tiltak må stort sett finansierast i samarbeid med Forskingsrådet og næringslivet. 
– Er spenninga mellom breiddeuniversitetet og spisskompetanseuniversitetet noko som uroar deg?
– Dette er ikkje noko spesielt for oss. Alle universitet er i samme situasjon. Eg ser ikkje noko grunn til at me skal gjera noko med den faglege breidda me har ved NTNU no. Det er meir snakk om at kvart fag finn si nisje slik at ein kan utnytta den kompetansen som finst ved andre universitet. 

Ole Brumm
– Du er framleis ein Ole Brumm som seier «ja takk, begge deler»?
– Du kan godt kalla meg Ole Brumm viss du vil det. [Latter] Men me skal vera tydelegare enn me er no på dei område der NTNU satsar på å ha brei internasjonal spisskompetanse. 
– Og midlane skal koma frå næringslivet?
– Ikkje primært næringslivet, men frå Forskingsrådet i samarbeid med næringslivet. 
– Opplever du det problematisk å samarbeida so tett med næringslivet som du har gjort og som du framleis vil gjera?
– So langt har det ikkje vore problematisk, men ein må vera merksam på dei farane som ligg der. 
– Kva farar er det snakk om?
– Det eine er at små midlar kan setta næringslivet i stand til å styra delar av vår forsking. Det er ein fare for at studentar og professorar blir kanalisert dit pengane kjem frå. 
– Har du fått signal på at grunnforskinga lir på grunn av den tette koplinga mot næringslivet?
– Ikkje på det nivået eg opererer, men det føregår jo mykje rart uti verda: På Berkeley er det eit farmasøytisk firma som støttar opp under aktivitetar på eit institutt mot at dei skal få fyrsterett på å nytta forskningsresultat som kjem. Dette er ein utvikling som gjer at ein kan bli veldig avhengig av næringslivet. 
– Betyr koplinga mot næringslivet at du har gitt opp håpet om å pumpa ut meir pengar frå det offentlege?
– Nei, eg gjev aldri opp håpet. Det som er spesielt vanskeleg er å få politikarane til å satsa stort på nokre institusjonar; dei strør pengane jamnt utover. 

Stiller krav til resultat
– Vil det kuttast flatt på fakulteta?
– Me får no ein ny budsjettmodell som vil vera meir knytta til dei faktiske aktivitetane på fakulteta, ikkje so mykje til studenttal. 
– Betyr det at du no vil stilla større krav til resultat enn tidlegare?
– Ja. 
– Kva slags kriterium skal resultata vurderast ut i frå?
– Det er jo kva ein har av resultat når det gjeld talet på kandidatar som er uteksaminert til dømes. 
– Er Orgut starten på ein kontinuerleg omorganiseringsprosess ved NTNU?
– Ja, me har tenkt det slik, og det er difor me har ein organisasjonsutviklingsavdeling. Ein må heile tida ha prosjekt gåande for å sjå om det er ressursar å spara. 
– Det er i hovudsak sentraladministrasjonen som er blitt råka av Orgut. Er det fakulteta som no står for tur?
– Ja, me må sjå på fakultetsstrukturen, men eg har ikkje tenkt at det skal skje med det fyrste. 
– Er det ei ny omorganisering som er umiddelbart føreståande no?
– Nei, eigentleg ikkje. Me må fyrst sjå korleis Orgut fungerer. Også trur eg folk er litt lei av omorganisering no. [Latter] 

AV NORALV PEDERSEN

 

 Tilbake
Trykk her for   komme til Orguts nettsiderTilbake til hovedsiden for OrgutbilagetTil NTNUs hovedside