NTNU - Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet
Ansvarlig redaktør: Informasjonsdirektør Kåre Kongsnes

Teknisk ansvarlig:
Erik Prytz Reitan

 
NTNU-damer i hælane 
på TV2-Davy

- Du får ikkje 10 000 mannfolk til å stilla opp i eit mosjonsløp, seier Astrid Salvesen og Gunvor Hanssen.

Liv Undseth (tv.), Astrid Salvesen og Gunvor Hanssen oppfordrar alle NTNU-kvinner til å bli med på mosjonsløpet Jentebølgen 8. juni.

- Det er for få damer frå NTNU med på Jentebølgen når du tenkjer på kor mange det er å ta av, seier Gunvor Hanssen og Astrid Salvesen. Dei to som til dagleg jobbar i høvesvis Studieavdelinga og Fakultet for kjemi og biologi oppfordrar alle kvinnelege NTNU-tilsette til å bli med på mosjonsløpet 8. juni. I 1997 stilte 160 NTNU-damer på startstreken. Hanssen og Salvesen håpar at dei i år vil slå rekorden frå jubileumsåret.

Ut av sofaen

Jentebølgen samla i fjor 12 500 kvinner. Mosjonsløpet finn også stad i 15 andre norske byar. Målet er ikkje å setja løyperekordar, men å lokka flest mogleg ut av sofaen.

- Du treng slett ikkje vera i kanonform for å bli med. Det er dei sosiale - ikkje dei idrettslege - prestasjonane som er det viktigaste med Jentebølgen. Du får møta trivelege damer som du elles ikkje møter på jobben, seier Salvesen.

Deltakarane kan velja mellom å gå, jogga eller springa. Alle får medalje. Hanssen og Salvesen har reservert startnummer: Alle som melder seg på og skriv NTNU som klubb og sender kopi av påmeldingsblanketten til ein av dei to, vil få starta i samla tropp. Dei to initiativtakarane lokkar også med gratis NTNU-trøyer til dei som stiller opp.

- Me vil markera NTNU på ein flott måte i Midtbyen, meiner Hanssen.

Ut på by'n

- Kva er opplegget etter målpassering?

- Det er då det viktigaste skjer: Me har reservert bord på Druen og førebur oss på ein lang og hyggjeleg kveld på by'n, smiler dei to. For å få ta del i denne tilstellinga må deltakarane melda seg på hjå Hanssen eller Salvesen ved å senda kopi av påmeldingsblanketten.

Hjallis skal fyra av startskotet, og Åge Aleksandersen skal underhalda. Og med Davy Wathne som harepus lovar Hanssen og Salvesen å springa styggfort.

- For han skal me køyra fort over, ler dei to.

Påmeldingsfristen: 16. mai.

NTNU-trening: tysdagar kl. 20.00 ved Idrettsbygget, Gløshaugen. Studieavdelinga stiller med hare.

Påmelding og spørsmål
vedrørande NTNU-
arrangementa kan rettast til Gunvor Hanssen (73 59 53 95) og Astrid Salvesen (73 59 14 08).
 
 
 

TEKST: NORALV PEDERSEN