NTNU - Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet 
Ansvarlig redaktør: Informasjonsdirektør Kåre Kongsnes 

Teknisk ansvarlig: 
Erik Prytz Reitan

 
Eksamen på eiga målform! 

I nr. 3-99 av Universitetsavisa tek Svein Sigmond og Jostein Grepstad til orde for nekta studentane retten til få eksamen på den målforma dei ynskjer. For oss i Studentmållaget i Nidaros verkar det som om dei ikkje er i stand til tenkja utover det som er mest praktisk for dei sjølve. Det vert hevda at ein del faglærarar ikkje meistrar nynorsk, og slik sett kan ein skjøna det klagekoret som no kjem. Men dette meiner vi er ansvarsfråskriving: Som tilsette ved statsinstitusjonen NTNU har dei plikt til fylgja gjeldande forskrifter. I «Forskrifter om målform i eksamensoppgåver» står det i ß2 tydeleg at eksamensoppgåver skal liggja føre på begge målformer, og at eksamenskandidatane etter eige ynskje kan få oppgåvene anten på bokmål eller på nynorsk. 

Når den eine professoren etter den andre går i mot oppfylla studentane sin rett til eksamen på ynskt målform med den grunngjevinga at dei ikkje har nok kunnskap og tid, ja då er det noko som skurrar. Det tek slett ikkje lang tid setja om ein eksamenstekst frå bokmål til nynorsk, og dersom det verkeleg er kunnskap det skortar på, kva med gjera ein innsats for retta på dette? Eit godt tips i denne samanhengen: Studentmållaget i Nidaros skipar til gode norskkurs ein gong i semesteret. 

Det er ikkje tale om kva som er snøggast og lettast, men kva som er rettast: Nynorsk og bokmål er to offisielt jamstilte språk i Noreg, og som ein statleg kunnskapsformidlar har NTNU plikt til etterleva denne jamstillinga. Å nekta studentane eksamsoppgåver på den målforma dei ynskjer er undertrykkjande, og slett ikkje verdig NTNU; kunnskapens høgborg. 

   
Håvard Moe
Skrivar i SMIN