NTNU - Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet 
Ansvarlig redaktør: Informasjonsdirektør Kåre Kongsnes 

Teknisk ansvarlig: 
Erik Prytz Reitan

 
Dei nynorske bokmåla - og eksamensoppgåver 

Den som kun tar spøg for spøg 

og alvor kun alvorligt 

han og hun har faktisk fattet 

begge dele dårligt 

Piet Hein
     
Nynorsk har vore talemålet her i landet sidan midt på 1500-talet, etter at gamalnorsk og millomnorsk 'ved Tidens Længde og Tungemaalets merkelige Forandring Tid efter anden', som Christian den femte skriv i den norske lovboka si i 1687, hadde vorte knadd om til eitt enklare mål. 

Millom nynorsk, nysvensk og nydansk er det berre dialektskilnader - og det største skillet går, som for 1000 år sidan, millom aust- og sørskandinaviske dialektar på den eine sida og dei vestnorske på den andre, ikkje etter landegrensene. I fortalen til Heimskringla kalla Snorri Sturlason alle dei skandinaviske dialektane for 'dansk tunge'. 

Diverre har vi fått fleire offisielle bokmål - fire - der vi godt kunne greidd oss med eitt. Og i vår tid, der utalandske språk pressar på, gjer dette at kulturgrunnlaget i Skandinavia smuldrar opp. Ei bok som skulle kunne lesast på skandinavisk av godt over 20 millionar menneskje, og gje grunnlag for eit rikt kulturliv, blir ofte ikkje gjeven ut i det heile, avdi opplaget på kvart av bokmåla for seg blir for lite. Vi ser det særleg tydeleg i lærebøker i teknologi og naturvitskap, der det mest berre er engelske bøker å finne. 

Likevel, alle norske studentar ved universiteta våre skal i det minste kunne lesa både austnorsk og vestnorsk bokmål - og om ikkje krava i vidaregåande skule har vorte svært mykje lågare enn då eg gjekk i gymnaset, skal dei og kunne lesa svensk og dansk bokmål. Og i vanleg undervisning godtek vi, i alle fall på Gløshaugen, alle dei nyskandinaviske dialektane. 

Kvifor blir vi då pålagde av Kollegiet og studiedirektøren å skriva eksamensoppgåver på både austnorsk og vestnorsk bokmål? Er det berre avdi dei ynskjer å jatta med Mållaget og Riksmålsforbundet - dei to laga som vel har hovudansvaret for fragmenteringa av det fellesskandinaviske språkgrunnlaget her til lands? Eg har vondt for å sjå at det kan væra onnorleis. Studentane på Gløshaugen har til no vore nøgde med å få oppgavane på det bokmålet som faglæraren nyttar, og hjå oss på fysikk ved tidlegare NTH veit eg berre om to tilfelle av klage på målbruken - dei var begge frå kinesarar, som ikkje hadde lært seg den vestnorske varianten. 

No ser det vel ut som om vi vitskapleg tilsette berre kan gløyme pålegget frå kollegium og studiedirektør: Gjer vi som professor Jostein Grepstad (UA3) og les lovteksten innanat, ser vi at pålegget er utan lovheimmel. Sjølv om det kjem frå 'prominente personar' - heller ikkje universitetsleiing og departementssekretærar står over lova. Og om dei vil definera skriving av eksamensoppgåver som 'administrativt arbeid' (lova gjeld berre slikt) - so får administrasjonen skrive oppgåvene sjølve - om den trur den kan. 

Det er sjølvsagt rett som det blir skrive i to forarga innlegg i UA4 (Jardar Eggesbø Abrahamsen og Arvid Staupe) at det tek ikkje MYKJE ekstra tid å setja om oppgåver frå det eine bokmålet til det andre. Men det kan ein og seie om dei fleste andre tullute påboda vi får frå administrasjonen og andre høgre makter - kvar for seg blir dei ikkje til so mykje. Men totalmengda har vorte øydeleggjande, og vi blir utsette for ein leiarfilosofi av slag 'tek du den so tek du den so tek du den' - til vi mest ikkje har tid att korkje til å undervise eller forska. 

Eg trur det ville væra til stor sæle for skandinavisk kultur om vi i Norden kunne einast om EITT nyskandinavisk bokmål, for alle som nyttar det Snorre kalla dansk tunge. So kunne etterkomarane våre kanhende og ha eitt eige mål - og ikkje miste det, som til dømes irane har gjort. 
     

Helge Skullerud