NTNU - Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet
Ansvarlig redaktør: Informasjonsdirektør

Teknisk ansvarlig:
Erik Prytz Reitan

 
Brygga er stengt:

80 000 i eiga lomme

Eit styremedlem på Studentbrygga har tappa Studentbrygga sin konto for 80 000 kroner. På grunn av dette blir heile aktivitetshuset ved Nidelva stengt og truleg ikkje opna før til hausten.


- Kafeen blir lagt ned, Zenter blir lagt på is, men me håpar på å opna lesesalen i løpet av eit par veker, seier Øystein Mørkved, informasjonsansvarleg på Studentbrygga.
Foto: Erik Prytz Reitan

Eit sentralt medlem i styret på Studentbrygga er meldt til politiet, mistenkt for å ha putta 80 000 kroner i eiga lomme. Det er mistanke om at dei økonomiske underslaga har føregått sidan hausten 1998 då personen blei medlem i styret. 

- Dette er tragisk for personen som no er utestengt frå Studentbrygga, og det er tragisk for Studentbrygga, seier Øystein Mørkved, informasjonsansvarleg ved Studentbrygga. Som eit resultat av underslaget blir heile studentaktivitetshuset stengt. Det betyr at kafédrifta blir lagt ned, og avisa Zenter blir lagt på is. Mørkved seier lesesalen blir opna om eit par veker. 

Ute av kontroll

Den mistenkte trekte seg frå styrevervet sitt før det økonomiske underslaget vart avdekt. I etterkant gjekk eit anna styremedlem gjennom dei økonomiske papira og fann at det mangla store beløp på Studentbrygga sin konto. 

- Korleis kunne dette skje? 

- Styret på Studentbrygga har ikkje hatt leiar sidan jul. Derfor var den mistenkte den einaste i styret som hadde tilgang til kontoen, forklarar Mørkved. 

Det meste av dei 80 000 kronene har blitt tappa frå kontoen etter jul, men det er også mistanke om at personen før jul har brukt Studentbrygga sine midlar til eige forbruk. 

- Det siste har styret på Studentbygga ikkje fullstendig oversikt over, seier Mørkved. Informasjonsansvarleg gjev stor utskiftning i styret og dårlege kontrollrutinar skulda for det som har skjedd. 

- Kva vil styret gjera for å stramma inn kontrollrutinane på Studentbrygga? 

- Det vil bli nye rutinar for økonomistyringa. Det vil bli fleire som skal ha kontroll med kontodisposisjonen. Inntil i dag har denne kontrollen vore altfor dårleg. 

Styret på Studentbrygga har heller ikkje oversikt over det totale underskotet etter underslaget. 

Treng Studentbrygga

Dei økonomiske underslaga er ikkje dei einaste problema Studentbrygga har slite med dei siste månadane. Før jul mista kafeen skjenkeløyvet fordi den tidlegare leiaren ikkje hadde svart på fleire brev frå Juridisk kontor i Trondheim kommune. Trass i vanskar har Mørkved eit stort håp om at Studentbrygga kan bli starta opp att til komande haustsemester. 

- Det er Brygga, Samfundet, Samskipnaden og NTNU sin intensjon at Brygga på sikt skal drivast vidare, seier Mørkved 

Studentbrygga (tidligere AVH-senteret) blei oppretta i 1993 av høgskulestyret på den tidlegare Allmennvitskapelege Høgskulen (AVH). Ønsket var å skapa ein meir helskapleg identitet på AVH. To år seinare vedtok Stortinget å leggja ned AVH og NTH og oppretta NTNU. Mørkved understrekar at Studentbrygga trass i NTH/AVH-fusjonen i 1996 har ein sentral funksjon i dag. 

- Det er særskilt linjeforeiningane ved det gamle AVH som treng ein stad som Studentbrygga, seier Mørkved.  

TEKST: NORALV PEDERSEN
 Les også: NTNU vurderer å dekke underskuddet