Almås - vår mann i Verdikommisjonen?

Universitetsavisa presenterte 12. februar eit intervju med professor Reidar Almås. Almås er oppnemnt til medlem for styringsgruppa til Verdikommisjonen. Denne posisjonen har han, i følgje seg sjølv, fått m.a. som bygdeforskar og vitskapsmann. Intervjuet gir eit innblikk i kva Almås ser på som viktige spørsmål for Verdikommisjonen. Det kan enkelte gonger vere vanskeleg å følgje logikken i resonnementa til Almås. Noko kan kanskje skyldast måten journalisten formidlar tankane til Almås på. Men det kan og vere at årsaka ligg i Reidar Almås sitt bodskap.

Almås kjem i intervjuet med fleire utsegn han seier han veit er kontroversielle, men han poengterer samtidig at han ikkje kan la vere å si sanninga av den grunn. Som samfunnsforskar er det uventa at Almås snakkar om «sanning» i samband med verdispørsmål, og at han tar seg rett til å definere korleis det er rett eller galt å leve. Spørsmål om personlege verdiar og subjektive meiningar er ikkje mogleg å måle på ein universell og objektiv skala. Almås må gjerne ha meiningar, men det blir problematisk om hans meiningar skal vere meir sanne eller riktige enn meiningane kritikarane hans har om det same tema.

Almås spør om det er riktig at begge foreldra er i arbeid i småbarnsperioden, slik at barn må vere i barnehagen sine første leveår. Han skisserer ingen forslag til løysning. Almås understrekar at han ikkje ønskjer å vere med på å gi t.d. einslege mødrer dårleg samvit. Men dagens småbarnsmødrer møter stadig forventninga om å fylle husmorrolla, samtidig som dei er i lønna arbeid. Mange kvinner, i langt større grad enn menn, slit derfor med dårleg samvit fordi dei ikkje klarer å leve opp til dei forventningane dei som mødrer blir møtt med. Med sine utsegn bidreg Almås (anten han vil eller ikkje) til å oppretthalde dette normative presset.

Almås stiller spørsmål om det som blir kalla «barnehagenes fortreffelighet». Han burde vite at forsking på dette tema sprikar i alle retningar. På grunnlag av undersøkingar omkring kva for konsekvensar barnehagar har for barn si utvikling, meiner t.d. professor Stein Ulvund frå Universitet i Oslo at det er kvaliteten på omsorga som er det viktige, ikkje kvar omsorga blir gitt.

Almås tar også opp problem knytt til familieoppløysing, og brukar som døme skilsmissebarn som gruar seg til å gå på skolen fordi dei ikkje har vore på tur med både mor og far i helga. Tidlegare forsking om konsekvensar av skilsmisse, som ofte var klientbasert, har vist at skilsmisse er skadeleg for barn. Anna nyare forsking viser derimot at barn som opplever samlivsbrot, klarer seg like bra som andre barn. Kunnskap på dette feltet er likevel stadig avgrensa, dermed får mytar og synsing fritt spelerom. Dette kan ein sjå t.d. når Reidar Almås tar snarvegen frå skilsmisse til kriminalitet.

Prognosar gjort på grunnlag av norsk statistikk, viser at 40 prosent av barn født tidleg på 90-talet vil leve med berre ein forelder i periodar før dei fyller 16 år. Det vil si at skilsmissebarn ikkje lenger er ei lita særgruppe. Vidare viser forsking om barn og foreldre at «tidsklemma» gjør at foreldra i stadig større grad er saman med barna kvar for seg. Å komme på skolen på måndag utan å ha vore på tur saman med begge foreldra er derfor noko som majoriteten av norske barn opplever. Skal ein tru Almås, er det derfor mange triste barn på skolevegen måndag morgon.

Vår forventning til ein forskar og vitskapsmann (om det no er som vitskapsmann Reidar Almås snakkar) er at han brukar forsking, der det finst, som utgangspunkt for det han i ein slik samanheng vil si noko om. Det finst årelang forsking på skilsmisse, familie og arbeidsliv m.a. ved hans eige institutt. Dette er forsking vi kunne ønske at vår mann i Verdikommisjonen hadde kjennskap til.

Samfunnet er i stadig endring. Dette kjem til uttrykk i forhold til arbeidsliv, familiemønster og måten barneomsorg blir organisert på. Almås trakk i intervjuet fram ein del spørsmål han meiner vil bli viktig for Verdikommisjonen sitt arbeid. Vi er einige i at dette er sentrale spørsmål, men vi håpar vi unngår ein debatt der dagens situasjon blir målt mot idealiserte førestellingar om familie og samfunn slik det var i «gode, gamle dagar».

Brita Gjerstad, Gry M. D. Haugen, Trine Holter og Hege Lundeby


forsida  nyheter  kronikk  innspill  kultur  debatt