NTNU - Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet
Ansvarlig redaktør: Informasjonsdirektør
Anne Katharine Dahl

Redaktør:
Tore Oksholen

Teknisk ansvarlig: 
Kenneth Aar

 

Kronikk


Noralv Pedersen
er NTNU-student,

skribent og styremedlem
i Stiftelsen ISFiT.

 

Da Silva var på vitjing i Trondheim i fjor.

Laurdag 18. mars kjem uavhengigheitsleiar Xanana Gusamo, nobelprisvinner José Ramos-Horta og vinnar av Studentenes fredspris 1999 Antero Benedito da Silva til Trondheim. NTNU har eit unikt høve til å hjelpa eit land som må venta i mange år for å få utdanna ein einaste planleggjar, lege og ingeniør, skriv Noralv Pedersen.

NTNU og Aust-Timor

For Aust-Timor har 1999 vore eit dramatisk år, som kjem til å bli ståande som skilsetjande i historia. Frigjeringskampen har endeleg nådd målet sitt: Dei indonesiske undertrykkjarane er ute, og landet er fritt, om enn under administrasjon av FN og Verdsbanken inntil vidare. Men prisen var skyhøg, ei nesten total øydelegging av landet og nye store massakrar. I skrivande stund er det uråd å vita kor store tapa har vore. Det er framleis kritisk for 150 000 flyktningar i grenseområdet mellom Vest- og Aust-Timor. Dei er i praksis gislar for restane av dei pro-indonesiske militsgjengane, som no har tapt alt politisk, men som framleis har makt over desse flyktningane og bruker denne makta for alt ho er verd.

«Motstandsrørsla si felles «fiende» er borte.»

På sjølve Aust-Timor har det vore gnissingar mellom FN og motstandsrørsla CNRT, som ser ut til å botna i at det er uavklart kva rolle den sistnemnde organisasjonen skal ha i gjennomoppbygginga; det finst enno ikkje austtimoresiske politiske organ som FN og andre kan forholda seg til. Inntil slike organ blir etablert, representerer CNRT folket. På Aust-Timor blir det å utvikle ein demokratisk kultur og eit politisk system som fungerer, ein vanskeleg prosess. Indre motsetnader finst innan motstandsrørsla, og desse vil gje seg uttrykk på ein eller annan måte når trykket frå indonesarane, deira felles «fiende», er borte.

Asia sin Mandela

Uavhengigheitsleiar Xanana Gusmao, som har blitt ein Mandela-figur for austtimoresarane, har heile tida hatt støtte frå både motstandsrørsla (CNRT), geriljaen (Fretelin/Falentil), kyrkja og eksilpolitikarar som nobelprisvinnar José Ramos-Horta. Den karismatiske leiaren formanar til forsoning. Til austtimoresarane som blei tvangsrekruttert inn i militsen, seier han: Kom heim og be om tilgjeving. Han meiner at indonesarane som er att på Aust-Timor også må bli akseptert, men forsoning blir inga lett oppgåve, noko som kom klart til uttrykk då den indonesiske presidenten Abdurrahman Wahid vitja øya på skotårsdagen for å be det austtimorske folket om orsaking. Portugisiske FN-soldatar måtte skyta to gonger i lufta for å roa den opphissa folkemengda.

Etter 24 år med massakrar, arrestasjonar, avhøyr, ransakingar, forsvinningar, tortur, valdtekt og mishandling er austtimoresarar skeptiske til både dei angrande militsmedlemmane og indonesarane. 200 000 austtimoresarar, ein tredel av den opphavelege folkesetnaden på øya, er blitt drepne sidan indonesarane invaderte den tidlegare portugisiske kolonien i 1975, ein invasjon som i løynd var godkjent av Australia og USA. Dei frykta sovjetisering etter at det sosialistdominerte Fretilin-partiet blei sitjande med makta på Aust-Timor.

I dei 24 år som gjekk frå den indonesiske okkupasjonen til folkerøystinga i fjor der eit stort fleirtal sa ja til sjølvstyre, kjempa austtimoresarane fridomskampen åleine. Den 12. november 1991 følgde fleire tusen austtimoresarar ein ung student til grava. Han vart drepen av indonesiske militærstyrkar. Gravferda vart forvandla til eit blodbad då indonesiske soldatar utan åtvaring opna eld mot gravfølgjet. Over 200 menneske blei myrda.

Denne massakren, som har fått namn etter kyrkjegarden Santa Cruz, markerte eit vendepunkt for fridomskampen på Aust-Timor. To britiske fotografar og to amerikanske journalistar var på kyrkjegarden då det skjedde og greidde å smugla ut tragedia dei hadde festa på film. Etter 16 år med lidingar fekk endeleg politikarar og media i Vesten opp augo. Mange har i ettertid spurt korleis det i nesten to tiår kunne rasa ein blodig krig utan at verda viste interesse.

Aust-Timor, år null

Dagen etter generalsekretæren i FN, Kofi Annan, laurdag 4. september 1999 kunngjorde valresultatet frå den historiske folkerøystinga, braut helvetet laus. Valsigeren drukna i blod. Militsen - med open støtte frå den indonesiske hæren - sette i gang ein valdsorgie som kosta eit ukjent tal menneske livet. Tre fjerdelar av folket blei drivne på flukt - opp i fjella eller ut av landet. Dei fleste bygningane blei brent til grunnen.

Folkerøystinga blei gjennomført etter avtale mellom FN og Indonesia som blei samde om at Indonesia skulle ha ansvaret for sikkerheita kring valet. I staden blei den indonesiske hæren og politiet aktive deltakarar i terroren mot folket. Mange har kritisert FN for at dei tilsynelatande ikkje forsto at avtalen ville føra til katastrofe, men i staden evakuerte alle sine medarbeidarar ut frå Aust-Timor 14. september i fjor: Austtimoresarane vart på nytt svikta av verdssamfunnet der dei sto att forsvarlause mot militsen og Indonesia sine terroraksjonar.

Aust-Timor ligg no i ruinar. Det store spørsmålet er korleis ein kan byggja ein stat frå inkje i eit krigsherja og øydelagt land. Denne krevjande oppgåva har ei handfull timoresiske leiarar og høgtståande FN-funksjonærar fått ansvaret for. Epidemiar og arbeidsløyse gjer ikkje utfordringa mindre. I tida som har gått sidan FN rykka inn i hovudstaden Dili og fekk kontroll over Aust-Timor i slutten av september 1999, har det kome stadige meldingar om kor kontroversielt hjelpeorganisasjonane har gått fram på i Dili og på resten av øya. Til Dagbladet 16. november 1999 rettar Gusmao kraftig kritikk mot FN og andre organisasjonar som i følgje uavhengigheitsleiaren er i ferd med å ta over Aust-Timor: «Vi opplever en invasjon av organisasjoner. De har bedt om 200 millioner dollar til sine nødhjelpsprogrammer. Det er helt utrolig. Jeg er ikke engang sikker på om vi får mer enn 100 millioner av Verdensbanken. Jeg forventer at vi må betale UNAMET halvparten av dette, og jeg regner med at kanskje bare 20 millioner blir igjen til reell utvikling av Øst-Timor».

Kritisk til hjelpeorganisasjonar

Xanana Gusmao har også skulda FN og hjelpeorganisasjonane for ikkje å ta CNRT med på råd. Dette kan skuldast det tidlegare nemnde manglande politiske nivået på Aust-Timor. Gusmao har no fått etablert eit mellombels råd med representantar frå CNRT, geriljaen, kyrkja, studentar og friviljuge. Offisielt har Gusmao moderert seg litt og seier at samarbeidet med FN etterkvart har gått betre. Det store spørsmålet blir likevel på kva måte det austtimorske folket får ta del i gjennoppbyggjinga, eit folk som sjølv gjennom 24 år har kjempa for eit fritt Aust-Timor, men som no opplever at organisasjonsmedarbeidarar inntek jobbar på øya som dei sjølve kunne ha utført.

«NTNU kan bidra aktivt med effektiv bistand
til eit land i ruinar.»

Misnøya blant folket skal vera stor; verkeslause austtimoresarar er frustrerte over ikkje å få ta del. Korleis skal ein få roa ned dei unge arbeidslause, som ikkje eig noko, og som ser dei nye FN-bilane køyre forbi- Korleis skal ein hindra slagsmål mellom gjengar væpna med macheteknivar- Svaret er eintydig: arbeid. Men inntil vidare kan ikkje Gusmao nå fram med forklaringar ein gong. Fjernsynet verkar ikkje, og det er langt mellom radioane. Kanskje blir det naudsynt å å be om hjelp frå David Ximenes. Han er sjef for motstandsfronten FPI, som klarte å verje titusenvis av flyktningar i fjella i september i fjor. Før gjennoppbygginga har byrja å ta form, og det vil enno ta fleire månadar, er det snakk om å remobilisere FPI. For å sørgje for ro og orden.

NTNU kan hjelpa

Det vil ta mange år før Aust-Timor kan utdanna ein einaste planleggjar, lege og ingeniør som kan vera med å byggja opp infrastruktur. Det einaste universitetet på øya, i hovudstaden Dili, er øydelagt etter militsherjingane, og alt av undervisningsmateriell manglar. Til «NRK Verden på lørdag» i byrjinga av januar sa nobelprisvinnar José Ramos-Horta at den beste måten Norge kunne følgja opp gjenoppbyggjinga på Aust-Timor på var å tilby studiestipend for unge austtimoresarar. Ramos-Horta har ved fleire høve understreka at det er ikkje milliardbeløp Aust-Timor treng no. Han er redd for at slik bistand kan føra landet ut i det uføret mange u-land har hamna i, å bli avhengig av økonomisk hjelp. Det Aust-Timor derimot treng sårt, i følgje Ramos-Horta, er høgt utdanna innafor eit breitt spekter av fagfelt, personar som kan gå inn i nøkkelposisjonar i gjenoppbygginga. Denne utfordringa nobelprisvinnaren gir til norske styresmakter og norsk universitetsleiing, kan vera eit unikt høve for NTNU til å bidra aktivt med effektiv bistand til eit land i ruinar. Det austtimoresiske leiarskapet og studentrørsla kjenner eit sterkt band til Trondheim på grunn av Studentenes fredspris som studentleiar Antero Benedito da Silva frå Aust-Timor mottok under ISFiT-99, og andre solidaritetsmarkeringar med Aust-Timor. NTNU med sitt breie fagtilbod, tverrfaglege perspektiv og teknologiske tyngdepunkt kan tilby kompetanse som Aust-Timor treng for å byggja opp ein demokratisk stat med velfungerande infrastruktur.