NTNU - Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet
Ansvarlig redaktør: Informasjonsdirektør
Anne Katharine Dahl

Redaktør:
Tore Oksholen

Teknisk ansvarlig: 
Kenneth Aar

 

Debatt

Etter- og vidareutdanning og IKT ved NTNU

Dersom NTNU vil bli leiande innan forsking på og bruk av IKT i undervisningssamanheng, bør ein så snart som råd sørgje for at det blir oppretta offisielle IKT-miljø som har dette som eit definert fagområde. Det er då viktig at ein kombinerer kunnskapen og erfaringane til dei som arbeider med IKT ut ifrå ein meir teknisk synsvinkel, og dei som brukar IKT i samband med fagleg retta praktisk-pedagogisk verksemd. Eit godt organisert IKT-miljø ved NTNU er ein føresetnad for at etter- og vidareutdanninga (EVU) skal kunne komme opp på eit nivå som er akseptabelt for eit universitet. Ein treng derfor eit profesjonelt fagleg «senter» for EVU der kompetanse frå ulike fagfelt er samla. Eit slikt senter vil dessutan kunne utnytte dei finansielle ressursane på ein mykje betre måte enn om ein overlèt alt utviklingsarbeid til småmiljø utan kontakt med kvarandre.

EVU vil bli stadig viktigare etter kvart som talet på «ordinære» studentar går ned. I framtida vil ein basere seg meir og meir på bruk av IKT, som gjer det lett å skaffe seg nye kunnskapar og formell kompetanse utan omsyn til t.d. geografisk plassering. Dette vil mest truleg resultere i at EVU vil komme opp på eit nivå tilsvarande grunnutdanninga.

EVU må sjølvsagt vere forankra i den faglege verksemda ved NTNU. Ein kan likevel utvikle spesiell kompetanse innan EVU for enkelte prioriterte fagområde og knytte denne kompetansen opp mot eit praktisk-pedagogisk IKT-miljø ved NTNU. På den måten vil det vere mogleg for den enkelte faglæraren/programutviklaren å vidareutvikle seg, og det vil òg vere lettare for nye personar å komme i gang med EVU.

EVU er også eit effektivt rekrutteringstiltak. Dersom ein legg til rette for internettbaserte EVU-kurs (og grunnutdanningskurs), vil ein nå mange fleire potensielle studentar. I mange tilfelle vil ein kunne auke studenttalet med 50% eller meir dersom ein legg til rette for gode fjernundervisningstilbod.

Senter for etterutdanning (SEU) har i mange år vore ein serviceinstitusjon for bl.a. SVT,- HF- og KB/FIM-fakulteta (og andre interesserte miljø) når det gjeld EVU. SEU er eitt av dei miljøa ved NTNU som har lengst erfaring innan EVU, og mange er interesserte i kompetansen på SEU fordi ein har eit heilskapleg syn på etter- og vidareutdanning, som kombinerer fag, utvikling og administrasjon. NTNU ønskjer derimot eit klart skilje mellom fag og administrasjon, noko som er svært vanskeleg dersom ein skal kunne tilby tilfredsstillande EVU til eksterne studentar. EVU er ikkje noko ein kan drive med «på si» ved sida av den vanlege faglege verksemda. EVU krev faktisk større innsats av faglæraren (og administrasjonen) enn vanleg on-campus-undervisning. Førelesingane må vere nøye utarbeidde, det formelle må vere i orden, og ein må ta seg av sosiale aspekt i mykje større grad enn i forhold til ordinære studentar. Dette er ikkje noko den «vanlege» universitetslæraren tenkjer mykje over i dag. EVU stiller større krav til fagleg-pedagogisk bevisstheit og sosialt engasjement til faglæraren enn ordinær undervisning. Dei færraste av dei som er tilsette på institutta ved NTNU i dag, har kompetanse på EVU - og det er heller ikkje lett å skaffe seg slik kompetanse, med mindre ein sjølv leitar opp relevante personar. Det er vanskeleg å sjå at NTNU på den måten vil kunne byggje opp eit aktivt EVU-miljø av høg fagleg kvalitet. Det er heller ikkje lett å sjå at NTNU videre med den sjølvdefinerte administrative funksjonen skal kunne bidra til å byggje opp eit slagkraftig EVU-miljø.

Eg er for tida bl.a. engasjert i eit samarbeidsprosjekt (Realfagsuniversitetet) mellom UiO, HiA og NTNU. NTNU si gruppe skal utarbeide eller finne fram til eit praktisk system for organiseringa av EVU vha. IKT. Realfagsuniversitetet har hittil bruka to studentar frå IDI som har utvikla eit system for PLU (FPPU). Samtidig har Geografisk institutt utvikla eit system, og språkfaga på HF (LINGO) er også i gang med eit nettbasert undervisningssystem. ITEA har sitt kurshotell, og IDI har eit system som ser ut til å bli kommersielt. Det finst sikkert fleire utviklingsprosjekt, og det er openbert at dette er ressurssløsing og uheldig for den samla kompetansen ved NTNU. Dersom dei som er involverte i EVU, var samla i eit IKT-miljø der ein kunne utarbeide og evaluere system i samarbeid, ville ein kunne oppnå mykje meir på kortare tid. Det ville også verke mykje meir seriøst overfor eksterne samarbeidspartnarar dersom NTNU hadde klare mål og strategiar på dette området.

Eg sit elles også i ei arbeidsgruppe saman med representantar frå NKS, BI og Høgskolen i Lillehammer for å diskutere EVU for Skattedirektoratet. Ein blir konsekvent omtalt som «tilbydar», men det er vanskeleg å sjå at NTNU per i dag har så mykje konkret å tilby, samanlikna med dei kommersielle tilbydarane når det gjeld behovsretta EVU. Eg føler heller ikkje at det er noka konkret hjelp å få frå NTNU i form av mandat eller strategi - eller eit arbeids-/referansemiljø.

Slik situasjonen er no, må kvart enkelt fagmiljø vurdere sjølv kva ein kan gjere for å komme i gang med EVU. NTNU videre er i praksis ikkje til særleg mykje større hjelp enn at ein blir lokka med incentivmiddel og administrativt hjelp. NTNU videre seier sjølv at ein ikkje skal blande fag og administrasjon, fagleg hjelp er derfor ikkje mogleg å få der. Kven skal så representere fagkompetansen innan etter- og vidareutdanning ved NTNU?

Når det gjeld den tekniske kompetansen, er det heilt klart at datamiljøet, representert ved IDI, er sentralt. På den andre sida er dette miljøet også prega av eigne faglege interesser. Som ein serviceinstitusjon har ITEA derimot ei heilt anna stilling i forhold til fakulteta og institutta. Bl.a. er tradisjonen for å tenkje praktisk og brukarretta mykje større på ITEA. Ved sida av NTNU-vidare ser det derfor ut til at ITEA bør vere éin sentral del innan etter- og vidareutdanningsmiljøet ved NTNU. Spørsmålet er derimot kva form eit eventuelt fagleg-pedagogisk senter for etter- og vidareutdanning skal ha, og om ein skal organisere noko nytt, eller byggje på det som er etablert og som har eit nettverk.

Jens Haugan

Senter for etterutdanning