NTNU - Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet
Ansvarlig redaktør: Informasjonsdirektør
Anne Katharine Dahl

Redaktør:
Tore Oksholen

Teknisk ansvarlig: 
Kenneth Aar

 

Debatt

Sidemål og norrønt

Grunnfagsstudent Frode V.C.S. Dahl har eit innlegg i Universitetsavisa 3/2000, der han m.a. kritiserer tre sider ved studieplanen for nordisk grunnfag. At pensum er på mange sider, skal eg lata liggja, eg vil heller kommentera dei to andre punkta hans.

Sidemålstvang

Dahl vil ikkje ha sidemålstvang. Men ved Universitetet er det jo ikkje noko som heiter hovudmål eller sidemål. Begge målformene skal brukast ved grunnfagseksamenane i nordisk, men ordet «sidemålseksamen», slik Dahl uttrykkjer seg, er misvisande.

Dahl etterlyser «sidemålsundervisning» på grunnfaget. Men slik studieplanen er no, er det korkje meininga å læra bokmål eller å læra nynorsk på nordisk grunnfag, det høyrer til grunnskulen. Dette då i motsetnad til t.d. tysk grunnfag, der det er meininga å læra meir tysk.

Eg har forståing for at eit fattig institutt ikkje då vel å satsa på grunnskulepensum. Men eit tips kan vera at Studentmållaget stundom skipar til nynorskkurs. Eg har ikkje høyrt at det skal finnast tilsvarande bokmålskurs nokon stad.

Og om det ikkje skulle vera slike kurs i byen akkurat når ein student skulle trenga det, so stend studenten sjølvsagt fritt til å studera det på eiga hand. Les aviser på den målforma du er svak i, og skriv dagbok og handlelappar på den same målforma. Etter nokre få veker vil du merka tydelege framsteg.

Ordbok på eksamen, seier Dahl, det er vanleg på både tysk-, engelsk- og franskstudiet. Eg vil tru at skilnaden ligg i at nordiskstudiet fyrst og fremst er eit studium i det som allereie er morsmålet til studentane. Sameleis er heller ikkje litteraturdelen på nordisk grunnfag meint som halvvegs middel i språkopplæringa, slik tilfellet er i framandspråka.

Dahl etterlyser konsekvens frå instituttet, og lurer på kvar det vert av samisk i studieplanen for nordisk grunnfag. Til det kan berre seiast at ordet «nordisk» i denne samanhengen ikkje er geografisk men språkgenetisk. Det dreier seg ikkje om dei språka som finst i det politisk-geografiske Norden (som òg inkluderer finsk, forresten), men om dei nordgermanske språka. Studietilbod i uralske språk som samisk har me diverre ikkje i Trondheim, sjølv om me geografisk sett ligg i eit sørsamisk område.

Norrønt

Dahl vil ha fjerna norrønt frå det obligatoriske pensumet, fordi han ikkje får «bruk for norrønt i det praktiske liv». Men kva praktisk nytteverdi har litterær metode i dagleglivet? Eller alt det andre som ein studerer på nordisk grunnfag?

Nordiskstudiet er eit studium der ein skal læra meir om strukturane, særtrekka og funksjonane til dei sidene av menneskeleg kultur og liv som heiter språk og litteratur, og då med utgangspunkt i nordiske forhold, særleg norsk. Dette har ein verdi i seg sjølv, i den grad det å vera menneske har ein verdi i seg sjølv. Då å samanlikna dette studiet med framandspråksstudia er vågalt, fordi det ikkje er meininga å meistra norrønt slik ein elles skal «beherske henholdsvis fransk og engelsk».

Disiplinen norrønt ligg der som ein praktisk illustrasjon på diakrone prosessar, dvs. pensumet i eldre språkhistorie. I tillegg ligg kunnskapar i norrønt til grunn for å kunna forstå pensumet i yngre språkhistorie, både måten som bokmål og nynorsk er normerte på, og til dels dei ulike ideologiane som ligg til grunn for dette. Dialektdelen av talemålspensumet byggjer òg på kunnskapar i norrønt, samstundes som norrønt illustrerer godt spesielt morfologipensumet, men òg syntakspensumet.

Det er sjølvsagt mogeleg at desse samanhengane mellom dei ulike disiplinane kan gjerast meir eksplisitte enn dei er i dag. Det er òg mogleg at at eit anna tekstpensum i norrønt kunne ha vore meir inspirerande. Ein kunne t.d. bruka den sterkt erotiske Bósa saga. Det viktigaste med tekstpensumet er likevel at det skal illustrera den meir teoretiske grammatikken.

Nordisk grunnfag eit allmennstudium i nordisk språk og litteratur, ikkje eit særstudium. Dei som ikkje vil gå på eit allmennstudium, kan heller reindyrka språkinteressa si på lingvistikk eller fonetikk grunnfag, eller litteraturinteressa si på allmenn litteraturvitskap grunnfag. Men hugs at utan nordisk i fagkrinsen vil ein gå glipp av det allmenne nordiskstudiet, og at ein heller ikkje vil kvalifisera seg som norsklærar.

Sjølv har eg ikkje angra ein dag på at eg har ei allmennutdanning i språk og litteratur frå nordiskstudiet, same kor lei eg der og då var av alt som heitte litteratur. Og det fall meg aldri inn å spørja som ein annan ungdomsskuleelev: Eg vil ikkje læra dette, treng eg å læra det? For å læra noko hadde ein verdi i seg sjølv.

Jardar Eggesbø Abrahamsen

stipendiat, Lingvistisk institutt

.