NTNU - Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet
Ansvarlig redaktør: Informasjonsdirektør
Anne Katharine Dahl

Redaktør:
Tore Oksholen

Teknisk ansvarlig: 
Kenneth Aar

 

Debatt

Konsertar i støy

Eg ser i Universitetsavisa nr. 1/2000 at Vigdis Moe Skarstein tek Einar J. Aas på ordet, og vil arrangere konsertar i Rådssalen. Takk for det, det er eit godt tiltak! Men eg må få kommentere påstanden om at «Rådssalen, og aulaen for den saks skyld, er en utmerket arena for konserter.»

Eg har sjølv ved fleire høve vore med på å framføre musikk både i rådssalen og aulaen, eg har vore på fleire doktor-disputasar i rådssalen, og aulaen går eg gjennom rett som det er. Begge romma er på mange måtar eigna til musikkframføring. Men akustisk sett har dei ein stor mangel, som burde vere vel kjent: Det er alt for mykje ventilasjons-støy der. Og at ein ikkje skal ha hørbar støy, er eit av dei viktigaste krava til eit godt konsertlokale.

Rådssalen er etter mi meining lite eigna til disputasar, og enno mindre til konsertsal, på grunn av denne støyen. Og i aulaen er det enno verre, med «tung» lavfrekvent during og støy frå ventilasjonsanlegget kombinert med lang etterklangstid. Skal ein sikte mot gode konsertopplevingar i desse romma, så må det gjerast noko med denne støyen. Enten ved å få oppgradert eller skifta ut ventilasjonsanlegget, eller ved å få stengt det av under konsertane. (Den første løysinga er naturlegvis den beste, støyen er ei plage óg når det ikkje er konsertar. Og disputasar i rådssalen er det jamt og samt.)

Så, Skarstein, du som lovar oss konsertar: Kan du love oss konsertar utan ventilasjonsstøy og?

Asbjørn Sæbø
Stipendiat på Akustikk,
Inst. for teleteknikk