spesialsamlinger - historiske bilder

Historiske bilde

Søk etter bilde i den nye søketenesta vår Gunnerus.no

NTNU Universitetsbiblioteket har tatt vare på bilde sidan år 1899 og har i dag om lag 1 million eksemplar datert frå 1840-talet og fram til i dag.

Omtrent 100 000 av desse er søkbare via gunnerus.no og talet aukar stadig. Materiale relatert til NTNUs historie, fagområde og forsking jobbar vi spesielt hardt med å gjere tilgjengeleg.

Spesielt verdt å merke seg er samlinga vår av eldre og unike fotografi som inneheld daguerreotypi, ambrotypi og ferrotypi.

Dei fleste bilda vi har, er frå Midt-Noreg og Trondheim, men det finst eldre bilde frå andre delar av Noreg. Vi har òg arkiv frå yrkesfotografar i Trondheim, reklamebilde, pressebilde, amatørfotografi, gåver frå privatpersonar og foreiningar, flyfoto, Nidarosdomen, portrett, interiør- og eksteriørbilde frå heimar, skoler og arbeidsplassar. Vi har ikkje mange bilde frå utlandet, men dei førekjem.

Vi tar imot bildeopplysningar frå brukarar med stor takk! Send dei til oss via kommentarfelta på gunnerus.no eller til e-postadressa til bildesamlinga. Besøk blogg for spesialsamlingar for bilde og fortellingar frå spesialsamlingane ved NTNU Universitetsbiblioteket.

Utsikt mot dagens NTNU på Gløshaugen og Trondheim

Kontakt

Kontakt

Bildesamlingen, Dorabiblioteket

Arkivsenteret, Maskinistgt.1

 

Ta kontakt med oss på epost for spørsmål og veiledning.

Tlf.: 73 59 00 81

E-post bildesamlingen: bilder@ub.ntnu.no

 

SoMe spesialsamlinger

Følg bildesamlingen på sosiale medier:

Ikon: Facebook Ikon: Blogg  Ikon: Instagram Ikon: Twitter