spesialsamlinger - heraldisk samling

Heraldisk samling

Heraldisk samling

Heraldikk er læra om våpenskjold. Våpenskjold er fargerike figurar og bilde som blir plassert i ei skjoldforma innramming. Dei blei nytta av europeisk adel, borgarar og bønder frå 1100-tallet og hadde juridisk betydning og stor gjenkjenningsverdi. I Noreg begynte ein å bruke våpenskjold i seinmellomalderen.

Bilde av Peder Wibkes seglGunnerusbiblioteket har ei større samling heraldisk litteratur. I arkiva finst brev og manuskript med påtrykt segl med våpenskjold. Segla er avtrykk av eit stempel eller ein signet i brevlakk på papir. Desse breva og manuskripta viser Det Kongelige Norske Videnskabers Selskabs kontaktar i inn- og utland. I 1980-åra kom boka Segl i Universitetsbiblioteket i Trondheim der samlingane var gått gjennom og segla dokumenterte og klassifiserte. Det eldste seglet i denne samanhengen er frå 1500-talet. Samlingane som inngår i denne katalogen, er Manuskriptsamlinga, Christopher Hammers manuskript, Brevsamlinga, Det Kongelige Norske Videnskabers Selskabs (DKNVS) arkiv, nokre få privatarkiv og dessutan ei mindre samling av lause segl.

I tillegg finst ei eiga samling diplom og gamle brev daterte 1329–1660 som òg har segl. Desse segla er ofte vedheng til breva og påtrykt bumerke. Bumerka var eigarmerke som bestod av strekfigurar og ofte gjekk i arv. Eit utval slike diplom og segl skal etter planen gjerast tilgjengelege i bibliotekets database gunnerus.no.