spesialsamlinger - bokhistorisk samling

Bokhistorisk samling

Bokhistorisk samling

Med sitt opphav i det Kongelige Norske Videnskabers Selskabs Bibliotek frå 1760 har Gunnerusbiblioteket bokhistorisk svært viktige samlingar. Sidan siste halvdel av 1700-talet har biblioteket jamleg mottatt som gåve og skaffa ved kjøp små og store samlingar av bøker og andre trykk. Blant bokhistorisk viktige eldre samlingar fekk biblioteket Gerhard Schønings samling på ca. 12 000 bind i 1781, Christopher Hammers boksamling på 2000 bind i 1801 og Thorvald Boecks samling på 31 500 bind i 1902. Desse samlingane inneheld bøker og trykk tilbake til 1400-/1500-talet.

Samlingane dekker meir enn 500 år og speilar viktige hendingar i kultur og samfunn. Det er likevel frå «det lange 1700-talet», perioden 1650–1800, at samlingane våre har ein særleg verdi, ikkje berre i norsk og nordisk, men òg i internasjonal samanheng. Hovudvekta av språk er tysk og latin for den eldste litteraturen, og når latin blei mindre nytta, er dansk særleg godt representert i tillegg til norsk.

Dei bokhistoriske samlingane er i relativt god forfatning samanlikna med mange andre europeiske bibliotek, sidan bøkene har vore lite i bruk. Med Thorvald Boecks store samling fekk biblioteket særs god dekning av norsk og til dels dansk litteratur frå 1800-talet. Frå 1939 fekk biblioteket etter lov rekvisisjonsrett og kunne rekvirere alle norske trykk. Med bakgrunn i dette fungerte Gunnerusbiblioteket også som nasjonalbibliotek for det nordafjelske Noreg i mange år. Forutan dei store boksamlingane har borgarane i Trondheim og medlemmar av Videnskabsselskabet, både i Noreg og i utlandet, jamleg donert mindre samlingar som òg er av bokhistorisk betydning. Eit eksempel på dette er Sigrid Undsets faglege boksamling som biblioteket fekk i 1949. Allereie frå Videnskabselskabets første år på 1700-talet blei bøker kjøpt på auksjon i Trondheim etter byen sitt opplyste borgarskap. Dei mange auksjonskatalogane er etterspurde til forsking. Dei eldre samlingane våre inneheld viktig bokhistorisk informasjon om mellom anna innbinding/handverk, proveniens, ex libris, segl og notasjonar som enno ikkje har vore gjenstand for registrering og forsking.
 

Det Kongelige norske videnskabers selskab Biblioteket. 1779. Catalogus librorum atque rerum naturalium & artificialium. Niderosiae, Typis Vindingianis. 106 s. (pdf)

Det norske Athen: Trondheim som lärdomsstad - hjemmeside for Lychnos 

Eide, Elisabeth S. 2013. Bøker i Norge : boksamlinger, leseselskap og bibliotek på 1800-tallet. Oslo, Pax, 333 s.

Håkon With Andersen; Brita Brenna; Magne Njåstad; Astrid Wale. 2009. Æmula Lauri: The Royal Norwegian Society of Sciences and Letters, 1760–2010. Sagamore Beach, Mass., Science History Publications, 440 s.

Nyerup, Rasmus. Catalog over Det Norske videnskabers selskabs Samlinger. 1. Del, Böger og Haandskrifter. - Kjöbenhavn : Schultz, 1808. - XXXX, 652 s. (pdf)

Skard, Sigmund. 1939. Ein heimstad for ånd : tale ved opninga av nybygget for Det kgl. Norske videnskabers selskabs bibliotek 11. oktober 1939.  Trondheim : [Biblioteket], 30 s.

Aase, Monica og Hård, Mikael. 1998. "Det norske Athen". Trondheim som lärdomsstad under 1700-talets andra hälft. I: Lychnos. Årsbok för idé- og lärdomshistoria. Stockholm.

 

Søk i Oria