bibliotek - gjovik - rom-og-utstyr

Bilde av studentarbeidsplasser

Grupperom og arbeidsplassar

Biblioteket Gjøvik held til i 2. etasje i G-bygget, over kantine og studenttorg. Biblioteket har 6 grupperom. Du finn individuelle arbeidsplassar og gruppearbeidsplassar både i biblioteket og i M-bygget, der det òg er ein stille lesesal. I den stille lesesalen kan du bruka PC, men mobilen din må vera i lydlaus modus og utan vibrering. Dersom du har lydlekkasjefrie hovudtelefonar, så kan du bruka dei. 

Du finn fleire grupperom ved atriet i A-bygget, med gjennomgang frå biblioteket via M-bygget.
Enkelte grupperom har storskjerm, andre har tavle. Whiteboardpennar kan kjøpast i bokhandelen. Studentar kan reservere rom via TP.

Vi har nokre ordensreglar som gjeld for biblioteklokala, og du finn dei her

Datamaskiner og trådlaust nett

Vi har tre søketerminalar i biblioteket (NB. Inga utskrift frå desse) og ein PC som kan brukast til utskrift på kopirommet. Du treng ikkje brukarnamn og passord til søketerminalene. Til PC påp kopirommet brukar du det vanlege brukarnamnet ditt og passord. Du kan få gjestepålogging på IT-tenesta. Det finnast ein datalab hjå biblioteket (G223) der det finst nokre få PC-ar og elles skjermar der du kan kople til laptop. Datalab kan fritt nyttast når det ikkje er anna undervisning der. 

Du nyttar Eduroam nettverket for å kopla deg på det trådlause nettverket i biblioteket.

Rettleiing for å kopla til trådlaust nettverk.

 

Utskrift

Biblioteket har eige kopirom der det står to kopimaskiner. Kopimaskinene blir òg nytta som skrivarar og scannere. Treng du hjelp til å setja opp skrivar?  Windows, OSX, Linux.

Informasjon om utskriftsmoglegheiter ved NTNU Universitetsbiblioteket for studentar og tilsette.

30 sep 2022