Hva er god undervisning?

Dialog, humor og personleg tone

Studentane veit å sette pris på god undervisning. Jardar Eggesbø Abrahamsen vart den første til å få HF-studentanes undervisningspris.

Av Idun Haugan

Jardar Eggesbø Abrahamsen underviser i fonologi. Det er eit relativt teoretisk emne, som forenkla sagt handlar om korleis lydar fungerer i språk. Fonologi er ein del av lingvistikk-studiet, som handlar om språklege analyseverkty. Dette greier han å få studentane interesserte i, og han får dei til å forstå faget.

Kva er det han gjer?

– Studentane seier at eg skaper god stemning i auditoriet, mens eg opplever at det er dei som skaper stemninga. Det må tyde på at det er ein form for interaksjon ute og går. For meg er det viktig at vi trivst saman, seier den populære forelesaren. Han fekk i fjor den nyoppretta undervisningsprisen som studentane på HF-fakultetet har teke initiativ til.

– For meg handlar det mest om prøve å vere meg sjølv og å la studentane vere seg sjølve. Men eg trur kvar og ein som underviser, må gjere det på sitt eige vis. Det som passar for meg, fungerer ikkje nødvendigvis for andre, seier han.

Bruker humor

Noko som studentane seier dei set pris på er engasjement, god struktur, humor, at han bruker konkrete eksempel og at han tek studentane på alvor.

I grunngjevinga frå juryen heiter det mellom anna: ««Engasjementet hans strekker seg langt utover stillingsbeskrivelsen. Jardars innlevelse smitter lett. Det skal noe spesielt til for å få hele D10 til å le av en vokal!»

Studentane ved HF-fakultetet har oppretta prisen fordi dei vil bidra til å løfte statusen på fagleg formidling. Prisen er ein vandrepris. Alle studentane vert invitert til å nominere sin favoritt, og dei studenttillitsvalde på fakultetet utgjer juryen. Fleire fakultet deler ut liknande priser.

Finnes ingen oppskrift

Kva meiner du er god undervisning?

– Det veit eg ikkje noka ferdig oppskrift på, det er jo så individuelt. Men fonologisk teori er relativt ukjent landskap for dei fleste studentane, og noko som dei har trekt fram i tilbakemeldingar, er at det er fint med tovegskommunikasjon. Dei har også fortalt at det er kjekt at dei får verte kjende med bakgrunnen for analyseverktya, i staden for berre å få vite at slik og slik er det.

Han stiller spørsmål til studentane.

– Det er ikkje sikkert at dei svarer, men dei begynner å leite etter moglege svar. Det er fint når vi har tid til at studentane kan reflektere på eiga hand.

Har dialog med studentane

Abrahamsen er opptatt av dialog med studentane. At gruppene han underviser, er små, ofte under ti personar, gjer sitt til at ein personleg dialog er mogleg på ein annan og nærare måte enn når ein har 200 studentar føre seg i auditoriet.

– Det går an å ha dialogbasert undervisning i store grupper òg. Men det kjem an på kor mykje tid du har. Dialog tek tid, og på enkelte kurs og emne kan vere knapt med tid.

Eit anna viktig element i dialogbasert undervisning er tillit og trygghet slik at studentane vågar å stille spørsmål.

– Det finst ingen dumme spørsmål, og dei tilsynelatande enklaste spørsmåla er ofte dei viktigaste, seier han og legg til:

– Sjølv om eg fekk pris, så har eg òg hatt dårlege forelesingar.

Detaljert manus og mykje improvisasjon

Når noko er svært teoretisk, bruker Abrahamsen ofte konkrete eksemplar for å illustrere kva teorien tyder. Og han trekker gjerne parallellar til noko som ligg utanom faget. Historier og eksemplar frå eige liv blir brukt aktivt inn i undervisinga.  Plutseleg kan merittane til kattane hans dukke opp som ein høgst relevant anekdote for å illustrere eksepsjonelle sonoritetsgrenser for prosodiske konstituentar.

– Eg stiller til forelesing med eit uhyre detaljert manuskript. Å utarbeide det såpass detaljert får meg til å tenke grundig over kva eg skal gå gjennom. Men når eg held forelesinga, bruker eg manuset mest som ein stikkordsbasis eg improviserer omkring.

Vil ha studentrespons

Jardar Eggesbø Abrahamsen synest ordninga med referansegrupper som gir tilbakemeldingar til forelesaren, er grei nok. Men sidan han har små grupper, synest han også det er fint når alle studentane på kurset kan vere med. I tillegg til at studentane gjev ein skriftleg evaluering, samlar han dei ein til to gonger i semesteret for å få direkte respons på undervisninga.

– Her er ordet fritt. Det er studentane som styrer kva som skal takast opp.  Det kan òg hende at eg stiller dei spørsmål dersom det er noko eg ønsker respons på.

I tillegg prøver han å ta imot signal undervegs i semesteret. Alt dette dreier seg om å forstå kvarandre sine utfordringar og rammevillkår, altså gjensidig og ikkje berre einvegs.

– Kva som fungerer, er noko som ein må sjå an på faget og på studentane på kurset. Det finst ikkje ei løysing eller ein mal som høver for alt og alle. Difor kan det vere farleg viss det kjem altfor mange pålegg om korleis undervisninga skal gå føre seg, understreker han og legg til:

– Studentar er kjekke folk! Og vi er jo alle ikkje anna enn vaksne menneske som kan snakke saman.