Ph.d.-programmet i historie og kulturfag

Vi kan oppsummere ph.d.-studiet i historie og kulturfag med følgjande tre punkt:

  1. Eit sjølvstendig forskingsarbeid på eit spesialfelt som skal resultere i ei vitskapleg avhandling på høgt fagleg nivå
  2. Opplæring i vitskapleg teori og metode som gir fagleg soliditet og innsikt i eigenarten til fagdisiplinane
  3. Opptrening av evna til å sette faget sitt inn i ei større ramme gjennom fagleg refleksjon

Historie og kulturfag omfattar etablerte humanistiske disiplinar som arkeologi, filosofi, engelsk/fransk/tysk kulturkunnskap, historie, klassisk kultur, kristendomskunnskap og religionsvitskap. Gjennom ph.d.-studiet i historie og kulturfag ved Det humanistiske fakultetet, NTNU, får du moglegheit til å spesialisere deg i eitt av desse fagområda. Fagområda blir òg studerte gjennom forskjellige tverrfaglege perspektiv og innafor rammene av breie, multidisiplinære prosjekt. Ph.d.-programmet i historie og kulturfag er òg opent for kandidatar med bakgrunn i andre fagområde viss tema, prosjektskildring og problemstilling skulle tilseie det.

Ph.d.-studiet er normert til tre år på fulltid. Studiet er avhandlingsorientert. Arbeidet med avhandlinga er normert til 2 1/2 år på fulltid. I tillegg kjem ein opplæringsdel normert til 1/2 år som rommar grundig kursing i vitskapleg teori, refleksjon og metode. Ein viktig del av skoleringa i ph.d.-programmet i historie og kulturfag er at doktorgradskandidatane blir introduserte for relevante vitskaplege forskarmiljø utanfor NTNU, både nasjonalt og internasjonalt.

Du finn meir informasjon om ph.d.-programmet i historie og kulturfag ved å bruke menyen til venstre, eller ved å lese den fullstendige Studieplan for ph.d.-programmet i historie og kulturfag.

Fakta om studieprogrammet

Gradsnivå: Ph.d.
Studieprogramkode: PHHIST
Normert studietid: 3 år

Campus: Dragvoll, Trondheim
Søknadsfrist: Rullerende opptak