Ph.d.-programmet i estetiske fag
Ein kan oppsummere ph.d.-studiet i estetiske fag med følgjande tre punkt:
- Eit sjølvstendig forskingsarbeid på eit spesialfelt som skal resultere i ei vitskapleg avhandling på høgt fagleg nivå
- Opplæring i vitskapleg teori og metode som gir fagleg soliditet og innsikt i eigenarten til dei estetiske disiplinane
- Opptrening av evna til å sette faget sitt inn i ei større ramme gjennom fagleg refleksjon, og i å kunne artikulere dei utfordringar og moglegheiter dei humanistiske faga som åndsdisiplinar og kulturforvaltarar står overfor i ei konfliktfylt verd prega av globalisering, nye teknologiar og på ei og same tid oppbrot frå tradisjonane og retradisjonalisering
Estetiske fag omfattar etablerte humanistiske disiplinar som litteraturvitskap (engelsk, fransk, nordisk, tysk og allmenn litteraturvitskap), dansevitskap, drama/teater, filmvitskap, kunsthistorie, medievitskap og musikkvitskap. Gjennom ph.d.-studiet i estetiske fag ved Det historisk-filosofiske fakultetet, NTNU, får du moglegheit til å spesialisere deg i eitt av desse fagområda. Fagområda blir òg studerte gjennom forskjellige tverrfaglege perspektiv og innafor rammene av breie, multidisiplinære prosjekt. Ph.d.-programmet i estetiske fag er òg opent for kandidatar med bakgrunn i andre fagområde viss tema, prosjektskildring og problemstilling skulle tilseie det.
Ph.d.-studiet er normert til tre år på fulltid. Studiet er avhandlingsorientert. Arbeidet med avhandlinga er normert til 2 1/2 år på fulltid. I tillegg kjem ein opplæringsdel normert til 1/2 år som rommar grundig kursing i vitskapleg teori, refleksjon og metode. Ein viktig del av skoleringa i ph.d.-programmet i estetiske fag er at doktorgradskandidatane blir introduserte for relevante vitskaplege forskarmiljø utanfor NTNU, både nasjonalt og internasjonalt.
Du finn meir informasjon om ph.d.-programmet i estetiske fag ved å bruke menyen til venstre, eller ved å lese den fullstendige Studieplan for ph.d.-programmet i estetiske fag.
Leiar for ph.d.-programmet i estetiske fag
Professor Gunnar Iversen
Institutt for kunst- og medievitenskap
telefon: 73591828
e-post: gunnar.iversen@ntnu.no
Kontaktpersonar
Gro Lurås
Telefon: 73 59 66 89
Vemund Warud
Telefon: 73 59 67 01
Viss du har spørsmål om disputas, kontakt:
Vera Hamran
Telefon: 73 59 61 72