Master i fysisk planlegging

Oppbygging av studiet

Tabellane under gjeld for studieåret 2015/2016. Det kan bli endringar i studieplanane i seinare studieår.

1. år

Emnekode Emnenamn Studiepoeng
Første semester
AAR4220 Region- og kommuneplanlegging 7,5
AAR4845 Landskapsanalyse 7,5
FP4100 Arkitektur og stedsforming 7,5
AAR4841 GIS som planverktøy 7,5
Emnekode Emnenamn Studiepoeng
Andre semester
AAR4215 Reguleringsplanlegging 7,5
AAR4225 Samordnet areal- og transportplanlegging 7,5
  Eksperter i team 7,5
  Valgemne 7,5

2. år

Emnekode Emnenamn Studiepoeng
Første semester
AAR4874 Teori og metoder for masteroppgaver 7,5
FP4350 Planleggingsteori og bypolitiske teorier 7,5
AAR4815 Plan og byggeprosess 7,5
  Valgemne 7,5
Emnekode Emnenamn Studiepoeng
Andre semester
FP4400 Masteroppgave i fysisk planlegging 30


Utdanningsplan og emneval
Studentane skal kvart år følje ein utdanningsplan som er godkjent av programrådet. Planen skal registrerast i byrjinga av haustsemesteret slik at oppmelding i emne kan skje innan 15. september for haustsemesteret, og 15 februar for vårsemesteret. Emne skal ordinært veljast blant dei tilrådde emna i den valde fagprofilen. Fakultetet kan godkjenne val av andre emne dersom det er kapasitet.

Deltidsstudiar
Programstyret kan godkjenne søknad om deltidsstudiar for eitt år om gongen i samsvar med utdanningsplanen. Studenten kan ikkje bruke meir enn tre år på same årskurs. Masteroppgåva kan ikkje takast som deltidsstudium.

Masteroppgåve

Masteroppgåva skal vere på 30 studiepoeng
For å få starte arbeid med masteroppgåve må alle obligatoriske og valbare emne som inngår i utdanningsplanen, vere bestått. Programstyret kan i særskilde tilfelle fråvike dette, og skal ta omsyn til omfanget av gjenståande emne og om dei er viktige for gjennomføring av masteroppgåva.

Masteroppgåva skal normalt takast ut i løpet av veke 2, alternativt veke 33. Tidsramma for arbeidet er 20 veker. Programstyret kan godkjenne utvida tidsramme dersom:

  • studenten har undervisningsarbeid ved NTNU
  • studenten blir forsinka i arbeidet på grunn av sjukdom eller andre tvingande grunnar
  • studenten utfører masteroppgåva i utlandet.

Masteroppgåva kan gjerast:

  1. Individuelt
  2. I gruppe med individuell vurdering
  3. I gruppe med felles vurdering

Alle studentar har krav på å få gjere masteroppgåva individuelt. Studentar kan velje oppgåveform 2 og 3 dersom dei sjølv set saman gruppa og emneansvarleg for oppgåva godtek det. I tilfelle 2 skal den enkelte students bidrag kunne skiljast ut. Ved gruppearbeid skal studentane på førehand inngå skriftleg avtale om forholdet. Avtalepartane er studentane i gruppa og emneansvarleg. Det blir brukt særskild avtaleformular.

Den innleverte masteroppgåva med vedlegg kan fritt brukast av NTNU til undervisnings- og forskingsformål. Ved bruk ut over dette, som utgjeving og anna økonomisk utnytting, må det gjerast særskild avtale mellom NTNU og kandidaten.

GENERELLE BESTEMMELSAR

Øvingsarbeid
Studenten kan normalt ikkje levere svar eller vedlegg til desse etter oppsett innleveringsfrist. Det aktuelle instituttet kan i særskilde tilfelle gje utsetting.

Tilgang til eksamen
For å få tilgang til eksamen må studenten ha fått godkjent eventuelle obligatoriske øvingar i emnet.

Utsett eksamen
I emna som blir underviste av Fakultet for arkitektur og biletkunst, blir utsett eksamen normalt lagd til neste ordinære eksamensperiode. I andre emne gjeld reglane for det ansvarlege fakultetet. Ved gjentak av eksamen i emne der øvingsarbeid tel 50 % eller meir, må det leverast nytt eller revidert øvingsarbeid.