Masterprogram 2-årig

Fysisk planlegging


Arbeid på salen. Foto: Sverre Flack


Med utdanning i fysisk planlegging kan du delta i samfunnsplanlegging og utforming av våre fysiske omgjevnadar. Du er med på å skape ein del av framtida og påverke folks kvardag.

Arbeid med fysiske planar krev kompetanse innan mange fagfelt og samarbeid mellom ulike fagområde. Det tverrfaglege aspektet er ivareteke ved at masterprogrammet inneheld stor fagleg breidde og studentane har ulike utdanningsbakgrunnar. Fysisk planlegging møter ofte interessemotsetnader som må handterast gjennom samarbeid og opne planprosessar. Programmet legg derfor stor vekt på prosesskompetanse. Studentane får erfaring i tverrfaglege prosessar gjennom prosjektarbeid i grupper.

Programmet blir gjennomført i regi av Fakultet for arkitektur og biletkunst/Institutt for byforming og planlegging, i nært samarbeid med andre fagmiljø ved NTNU.

Læringsmål
Masterstudiet i fysisk planlegging skal gjere kandidatane kvalifiserte til å utarbeide fysiske planar og delta i tverrfaglege planprosessar.

Studiet eignar seg for
bachelorkandidatar eller tilsvarande med relevant fagbakgrunn og interesse for fysisk planlegging, tverrfagleg samarbeid, formelle og uformelle planprosessar. Eksempel på udanningsbakgrunn er arealplanlegging, ingeniørfag, formingsfag, transportfag, samfunnsfag, kulturminne, naturforvaltning/økologi, økonomi, administrasjon og leiing, og pedagogikk. Eksempel på relevant praksis er arbeid innan fysisk planlegging og leiar for ein planleggingsrelevant sektor, stab eller institusjon i privat eller offentleg verksemd.

Konkurransefordel
Masterprogrammet er det einaste i sitt slag i Norge. Fullført studium gjev graden Master i fysisk planlegging.
 

For deg som er tatt opp som student