Læringsutbytte

Kunnskap

Kandidaten

  • har avansert kunnskap om planlegging, utforming og bruk av våre fysiske omgivnader
  • har god kunnskap om og forståing av Plan- og bygningslova og andre relevante lover og regelverk knytt til fysisk planlegging
  • har kunnskap om fagområdets vitskapelege teoriar og metodar

Ferdigheter

Kandidaten

  • kan arbeide sjølvstendig med planfaglege problemstillingar i tråd med yrkesetiske og planfaglege normer
  • kan leie og gjennomføre tverrfagleg planleggingsprosessar og utgreiingsarbeid
  • kan samarbeide konstruktivt om fleirfaglege planleggingsoppgåver
  • kan analysere faglege problemstillingar med utgangspunkt i planleggingsfagets historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet
  • kan bruke relevante metodar for forsking og utvikling i planleggingsfaget
  • kan analysere og reflektere kritisk over planleggingsinformasjon og bruke denne informasjonen på ein nyttig måte
  • kan handtere ulike verktøy og planleggingsmetodar som set ein stand til å utarbeide arealplanar etter Plan- og bygningslova

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan vise initiativ og evne til å søke ny kunnskap i faget
  • kan bruke tileigna kunnskap og ferdigheiter på mange ulike planleggingsoppgåver
  • kan kommunisere kompleks prosjekt- og prosessinformasjon knytt til ulike planleggingsoppgåver både med spesialistar og allmennheita på ein forståeleg måte
  • kan bidra til nytenking og kritisk refleksjon som kan utvikle faget