Allmenn litteraturvitskap
Kva er master i allmenn litteraturvitskap?
Kva kan studiet av skjønnlitteratur seie oss om ideologiske motsetningar, kjønnsrelasjonar, politikk og moral i eit bestemt samfunn eller ei bestemt tidsepoke? Kan ein bruke skjønnlitteratur og andre kunstuttrykk som historisk kilde? Korleis forheld me oss vitskapeleg til språklege og litterære fenomen?
Master i allmenn litteraturvitskap består av to fordjupningskurs i litteraturteori (15 studiepoeng), eit fordjupingskurs i eldre litteratur (før 1800) og eit i nyare litteratur (etter 1800). Dei to siste semestra er avsett til skriving av masteroppgåve (60 studiepoeng) med tilhørande oppgåveseminar (7,5 studiepoeng). Studentane deltek og i Ekspertar i team (prosjektbasert obligatorisk fellesemne).
Kvifor ta master ved INL?
Allmenn litteraturvitskap er eit fagmiljø med variert undervisings- og forskingsaktivitet. Det blir forska på emne som spenner frå antikken, europeisk barokk og 1700-talet og fram til dagens modernistiske litteratur. I dette arbeidet blir eit mangfald av teoretiske innfallsvinklar utprøvde, til dømes moderne kjønnsteori, psykoanalytisk teori og diskursteori. Dei tilsette deltek i fleire tverrfaglege prosjekt og arbeider stadig med å utvikle nye, viktige forskingsoppgåver.
Presentasjon av masterstudenter i nordisk og allmenn litteraturvitenskap.
Kontaktinformasjon
- Telefon:
- 73 59 64 25
- Epost:
- studieveiledning-inl@hf.ntnu.no
- Åpningstider:
- Mandag-fredag: 08:00-15:45
Fakta om masterprogram allmenn litteraturvitskap:
Gradsnivå: Master
Varigheit: 2 år
Avgrensa tilgang: Ja
Søknadsfrist: 15. april
Søknad: Søknadsweb
Institutt:
Institutt for nordistikk og litteraturvitskap
Fakultet:
Det humanistiske fakultet
Gyldigheit:
Informasjonen om masterprogram allmenn litteraturvitskap er gyldig for studieåret 2013/2014.
Kjekt å vite om for nye studenter:
Bolig
Bussruter i Trondheim
Data og epost
Frister
Helse- og velferdstilbud
Lånekassen
Pensum
Studentersamfundet
Studentweb (oppmelding til eksamen, utdanningsplan)
Timeplaner, eksamensdatoer og emneinfo (se egen ex.phil-timeplan)
Trening
Eksperter i team
Felles tverrfaglig emne for alle som tar mastergrad ved NTNU.