TPG4180 - Petrofysikk, tolking av brønndata, videregående kurs

Om emnet

Vurderingsordning

Vurderingsordning: Skriftlig eksamen
Karakter: Bokstavkarakterer

Vurderingsform Vekting Varighet Hjelpemidler Delkarakter
Skriftlig eksamen 100/100 4 timer D

Faglig innhold

Emnet fokuserer på utvalde emne og metodar for innsamling og tolking av brønndata. I emnet kan det bli prosjektøvingar knytte opp mot Gullfaksdatabasen. Integrasjon med andre datatypar. Kunnskapane frå grunnkurset vil bli bygde ut, og nye metodar introduserte. Grunnleggande petrofysiske synspunkt og relasjonar. Radiometriske metodar i opne og fora borehol: Spektrometri av naturleg og indusert gammastråling, nøytron levetids-målingar (vassmetning bak foringsrøret), mudlogging. Nukleær magnetisk resonans, NMR. Eigenskapar hos leire og skifer. Vassmetnings-modellar i skifrige formasjonar. Bruk av kjernedata. Trykkmålingar. Akustiske og mekaniske bergartseigenskapar. Karbonateigenskapar. Produksjonslogging.

Læringsutbytte

Ingress:
Emnet byggjer på TPG4175, og drøftar meir avanserte måleteknikkar i petrofysikk og tolking av data frå slike målingar. Fagpersonar frå industrien underviser deler av kurset.

Kunnskapar:
Overflatelogging - også kalla mudlogging, måling bak foringsrør, radioaktiv spektrometri, nøytron levetidsmåling for å finne vassmetning bak foringsrør, skifereigenskapar, vassmetning i skifrige formasjonar, Akustisk og elektrisk avbilding i borehol, magnetisk resonans, induksjonslogging, trykkmåling, logging under boring, kjernetaking, geomekanikk, finne fluidtype.

Ferdigheiter:
Studentane skal kunne forstå dei underviste målemetodane og tolke dataene frå desse.

Generell kompetanse:
Gjennom gruppearbeid lærer studentane å samarbeide og å vise ansvar for sin del av øvingsarbeidet. Ved å arbeide med verkelege data frå felt i drift, lærer studentane å forstå at verkelege data kan vere usikre, og at ein må vise skjønn og forståing for å finne gode svar på tolkingsproblema.

Læringsformer og aktiviteter

Forelesningar og gruppearbeid. PBL kan bli brukt. Obligatoriske øvingar. Emnet blir undervist på engelsk.

Obligatoriske aktiviteter

  • Øvinger

Mer om vurdering

Eksamensoppgåvene blir berre gjevne på engelsk. Studenten sitt svar kan gjevast på norsk eller engelsk. Ved utsett eksamen (kontinuasjonseksamen) kan skriftleg eksamen bli endra til muntleg eksamen.

Spesielle vilkår

Vurderingsmelding krever godkjent undervisningsmelding samme semester. Obligatorisk aktivitet fra tidligere semester kan godkjennes av instituttet.

Forkunnskapskrav

Kunnskapar tilsvarande TPG4175. Be faglærar om å vurdere bakgrunnen din om du ikkje tilfredsstiller kravet.

Kursmateriell

Artiklar, forelesningsnotat og anna relevant litteratur.

Studiepoengreduksjon

Emnekode Reduksjon Fra Til
SIG4052 7.5

Eksamensinfo

Vurderingsordning: Skriftlig eksamen

Termin Statuskode Vurderingsform Vekting Hjelpemidler Dato Tid Rom *
Vår ORD Skriftlig eksamen 100/100 D
  • * Skriftlig eksamen plasseres på rom 3 dager før eksamensdato.
Hvis mer enn ett rom er oppgitt, finner du ditt rom på Studentweb.