MGLU5506 - Vitenskapsteori og metode (5-10) (Samfunnsfag)

Om emnet

Undervises ikke studieåret 2017/2018

Faglig innhold

Emnet omfattar vitskapsteori og forskingsmetodar for masteroppgåver. I førelesingar og seminar vert vitskapsteoretiske posisjonar, teori- og metodeval og val og innhenting av empiri/kjelder teke opp og drøfta. Studentane får opplæring og øving i bruk av ulike kvantitative og kvalitative forskingsmetodar, irekna kjeldekritiske metodar.

Vidare vert forskingsdesign med vekt på samanhengen mellom tema, problemstilling, forskingsspørsmål og bruk av relevant teori og metodar lagt vekt på. Gjeldande krav til masteroppgåver med omsyn til struktur, språk og presisjonsnivå, referanse- og teoribruk vert og tekne opp. Forskningsetiske spørsmål og spørsmål omkring personvern er også en del av emnet.

Studentane skal levera ei prosjektoppgåve som skal vera eit forprosjekt til masteroppgåva, der dei skildrar og grunngjev tema, problemstilling, teori og metodar.

Læringsutbytte

KUNNSKAP
Kandidaten
• har inngåande kunnskap om vitskapsteori og kvalitative og kvantitative metodar tilstrekkeleg til å sjølv kunne gjennomføra vitskaplege undersøkingar.
• har kunnskap om ulike forskingsparadigme og samanhengar mellom ontologisk og epistemologisk ståstad og val av forskingsmetodar.
• har inngåande kunnskap om personvern og forskingsetiske retningsliner.
• har avansert kunnskap om korleis vitskapleg fagstoff fra eiga forsking presenterast.

FERDIGHEITER
Kandidaten
• kan vurdera og forholda seg kritisk til eigne val av problemstilling, forskingsdesign og metode.
• kan vurdera om eit forskingsprosjekt treng godkjenning frå NSD og kan søkja om godkjenning i samarbeid med rettleiar.
• kan gjennomføra sjølvstendige forskingsprosjekt og analysera innsamla empiriske data/kjelder.
• kan vurdera kvaliteten på empiriske data/kjelder konstruktivt og kritisk, presentera resultata på ein måte som er forståeleg, etisk forsvarlig og byggjer på kritisk forståing av eksisterande fagtradisjonar

GENERELL KOMPETANSE
Kandidaten
• kan laga eit arbeidsopplegg og disposisjon for masteroppgåva.
• kan gjera greie for og grunngje val av forskingsfokus og metode og analysera relevante problemstillingar innanfor samfunnsfag og samfunnsfagdidaktikk.
• kan gjennomføra kritisk vurdering og kvalitetssikring av eiga og andres forsking
• kan kommunisera om faglege problemstillingar, teori og metode på ein avansert måte, og bidra til fagleg og fagdidaktisk nytenking i skulen.

Læringsformer og aktiviteter

Førelesingar, sjølvstudium, gruppeøvingar, individuelt prosjektarbeid. Løysing av obligatoriske og andre oppgåver. Rettleiing. Seminar med studentpresentasjonar.

Studentane skal levera inn ei skriftleg prosjektoppgåve. Prosjektoppgåva skal danna vitskapsteoretisk og forskingsmetodisk grunnlag for masteroppgåva. Detaljerte krav og leveringsfrist vert kunngjort ved semesterstart.

Spesielle vilkår

Krever opptak til studieprogram:
Grunnskolelærerutdanning for trinn 5-10 (MGLU5-10)

Forkunnskapskrav

Krav om førhandskunnskap:
Stått samfunnsfag 1 og samfunnsfag 2 (totalt 60 studiepoeng).

Studierettskrav: Emnet krev studierett ved grunnskulelærerutdanninga.

Kursmateriell

Endelig pensumliste legges ut på Blackboard før studiestart.

Eksamensinfo

  • * Skriftlig eksamen plasseres på rom 3 dager før eksamensdato.
Hvis mer enn ett rom er oppgitt, finner du ditt rom på Studentweb.