MGLU5222 - Masteroppgave i musikk

Om emnet

Undervises ikke studieåret 2017/2018

Faglig innhold

Masteroppgåva i musikk svarar til eit halvt års full arbeidsinnsats og skal vise at kandidaten kan arbeide sjølvstendig og vitskapleg med ei relevant musikkpedagogisk problemstilling. Tema for oppgåva skal vere aktuelt for arbeid med musikk i skulen. Prosjektet skal inkludere teoretiske og vitskaplege perspektiv frå ein musikkfagleg, pedagogisk og/eller musikkpedagogisk forskingstradisjon. Tema og forskingsdesign for oppgåva skal godkjennast av emneansvarleg og rettleiar.

Læringsutbytte

Kunnskap
Kandidaten:
- har avansert kunnskap om sentrale musikkpedagogiske tema og problemstillingar
- har spesialisert kunnskap om det musikkpedagogiske fagfeltet/emnet som han/ho har arbeidd med i masteroppgåva si
- har inngåande kunnskap om dei vitskaplege, musikkfaglege og pedagogiske teoriar og metodar som er nytta i masteroppgåva
- har kunnskap om akademisk skriving, forskingsetikk og innsikt i musikkpedagogiske forskingstradisjonar
- har inngåande kunnskap om vitskapsteori, metodologi og metode for generering og analyse av data
- kan nytte avansert kunnskap i kritisk drøfting og refleksjon i dialog med eit akademisk, kunstnarisk og musikkfagleg fagfellesskap
- kan artikulere, drøfte, initiere og delta i musikkpedagogisk debatt og praksis på ein reflektert måte

Ferdigheter
Kandidaten:
- kan analysere og kritisk vurdere relevant musikkpedagogisk forskings- og utviklingsarbeid, og nytte ulike informasjonskjelder til å strukturere og formulere faglege resonnement
- kan orientere seg i og nyttegjere seg av nasjonal og internasjonal musikkpedagogisk forskingslitteratur, samt finne fram til og vurdere relevant forskingsbasert kunnskap for å belyse problemstillingar innan det valde fagfeltet/emnet
- kan generere, dokumentere og studere kompleks musikkpedagogisk kunnskap i eige forskings- og utviklingsarbeid
- kan nytte og vurdere ulike tilnærmingar til musikkpedagogisk forsking og/eller kunstnarisk utviklingsarbeid på ein sjølvstendig måte
- kan førebu, gjennomføre og publisere eit sjølvstendig forskingsarbeid eller kunstnarisk utviklingsarbeid innanfor musikk med under rettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske prinsipp

Generell kompetanse
Kandidaten:
- kan nytte kunnskapane og ferdigheitene sine i nye musikkpedagogiske område på ein avansert måte for å bidra til vidare kunnskapsutvikling i det musikkpedagogiske forskingsfeltet
- kan formidle omfattande sjølvstendig arbeid og meistrer dei av fagområdets uttrykks- og vitensformer som han/ho har arbeidd med i masteroppgåva si
- kan kommunisere om musikkpedagogiske problemstillingar, analysar og konklusjonar innanfor det musikkfaglege, pedagogiske og kunstfaglege området, både med spesialistar og til ålmenta
- kan ved å nytte vitskaplege og teoretiske perspektiv bidra til nytenking og innovasjonsprosessar i musikkpedagogiske samanhengar

Læringsformer og aktiviteter

- Rettleiing og masterseminar
- Kandidaten skal under rettleiing skrive ei masteroppgåve i musikk
- Kandidaten deltek på obligatoriske masterseminar som er retta inn mot det individuelle prosjektet. Innhald og arbeidsform vil derfor variere

Obligatoriske aktiviteter

  • Obligatoriske arbeidskrav iht. emnebeskrivelsen

Mer om vurdering

Obligatoriske deltaking:
- Masterseminar
- Sluttseminar med framlegg av eige masterprosjekt samt opposisjon av medstudent

Obligatoriske arbeidskrav vurderes med godkjent/ikke godkjent.
Obligatoriske arbeidskrav må være godkjent før en kan framstille seg til eksamen. Kandidater som står i fare for å bli nektet å gå opp til eksamen pga. manglende arbeidskrav, skal varsles om dette, jf. forskrift om studier ved NTNU.

Masteroppgåve

Ny/utsatt eksamen blir gjennomført i samsvar med gjeldende studieforskrift ved NTNU.

Spesielle vilkår

Vurderingsmelding krever godkjent undervisningsmelding samme semester. Obligatorisk aktivitet fra tidligere semester kan godkjennes av instituttet.

Krever opptak til studieprogram:
Grunnskolelærerutdanning 1.-7. trinn - masterstudium (MGLU1-7)
Grunnskolelærerutdanning for trinn 5-10 (MGLU5-10)

Forkunnskapskrav

- Bestått Musikk 1 og Musikk 2 (60 studiepoeng) eller tilsvarande
- Bestått FoU-oppgåve i grunnskulelærarutdanningas tredje studieår

Studierettskrav:
Emnet er reservert studentar med studierett ved grunnskulelærarutdanninga

Kursmateriell

Sjølvalgt pensumlitteratur

Eksamensinfo

  • * Skriftlig eksamen plasseres på rom 3 dager før eksamensdato.
Hvis mer enn ett rom er oppgitt, finner du ditt rom på Studentweb.