MGLU4509 - Nasjon, folkestyre og globalisering for samfunnsfag (5-10)

Om emnet

Undervises ikke studieåret 2017/2018

Faglig innhold

I det fyrste hovudområdet i emnet byggjer me vidare på fagleg innhald i Samfunnsfag 1 del 2 og Samfunnsfag 2 ved å analysera framvoksteren av europatankar og fylgja prosessen fram mot dagens EU. Saman med det storpolitiske biletet i etterkrigstida og viktige økonomiske utviklingsliner, skal den økonomiske globaliseringa også trekkjast inn i ei overordna drøfting av forfatning, nasjon og demokrati, men med særleg vekt på Noreg og diskusjonar og konfliktar om politisk og økonomisk globalisering og verknadene desse prosessane har på det norske samfunnet og på folkestyret.

Globaliseringsvenlege og globaliseringskritiske posisjonar og ytringar koplar tematikken med det andre hovudområdet i emnet: Ytring og media i fortid og notid. Dette skal studerast med fokus på fagskriving, tekst- og diskursanalyse og kritisk tenking i samfunnsfag, ein tematikk der forskarblikk og forskingsmetode møter skulefag, grunnleggjande ferdigheiter i samfunnsfag og samfunnsfagdidaktisk tenking. Dei fleste av casestudia vil vera henta frå ordskifte og medieytringar om Noregs plass i Europa og verda etter 1945.

Læringsutbytte

KUNNSKAP
Kandidaten:
- har avansert kunnskap om tilhøvet mellom nasjon, folkestyre og globalisering og om konsekvensar for forfatninga av globaliseringsutviklinga.
- har inngåande kunnskap om internasjonal arbeidsdeling og ulike former for internasjonalt samarbeid
- har avansert kunnskap om utviklinga fram imot samtidas EU, om styrings- og demokratiutfordringar i denne unionen og om korleis konfliktar knytte til globalisering har påverka skiljeliner og samarbeidsmønster i norsk politikk etter 1945.
- har avansert kunnskap om aktørar, posisjonar, interesser og konfliktar i spørsmål som vedkjem Noregs tilhøve til inter- og overnasjonale samarbeidsformer
- har inngåande kunnskap om ytringsformer i det offentlege rommet, om retoriske teknikkar og om medias skiftande rolle som kulisse for og aktør i meiningsdanning.
- har avansert kunnskap om fagskriving, tekst- og diskursanalyse både som inngang til forsking og som utgangspunkt for kritisk dannande samfunnsfagundervisning.

FERDIGHEITER
Kandidaten:
- kan analysera og forholda seg kritisk til forsking om globalisering og bruka denne innsikta i undervisninga.
- kan bruka diskurs- og tekstanalyse i eiga fagskriving og som utgangspunkt for fagdidaktisk tilrettelegging for skulen.
- kan finna, vurdera, velja og bruka mediekjelder i tilrettelegging for samfunnsfagleg læring.
- kan vurdera munnlege og skriftlege elevtekstar om politiske tilhøve og konfliktar.

GENERELL KOMPETANSE
Kandidaten
- kan analysera offentleg meiningsdanning og meiningsbryting med utgangspunkt i innsiktene frå masterfaget.
- kan analysere og vurdere relevante faglige og etiske problemstillinger knyttet til mediebruk

Læringsformer og aktiviteter

Førelesingar, sjølvstendig arbeid og arbeid i grupper. Seminar. «Kollegaveiledning». Løysing av obligatoriske og andre oppgåver individuelt og i grupper.

Spesielle vilkår

Krever opptak til studieprogram:
Grunnskolelærerutdanning for trinn 5-10 (MGLU5-10)

Forkunnskapskrav

Krav om førehandskunnskap:
Stått samfunnsfag 1 (30 studiepoeng) eller tilsvarande.

Studierettskrav:
Emnet er obligatorisk for studentar med studierett på grunnskulelærarutdanning 5-10 med studieretning master i samfunnsfag.
Emnet er valbart som obligatorisk undervisningsfag etter føresegn om rammeplan for studentar med studierett på grunnskulelærarutdanning 5-10 med studieretning master i spesialpedagogikk eller profesjonspedagogikk, for studentar som har 60 studiepoeng i samfunnsfag.
Dersom det er ledig kapasitet, vil det være mogeleg å ta emnet for studentar som har studierett ved anna studieprogram ved NTNU, og som dekkjer kravet om førehandskunnskap. Plassar innanfor emnet vert tildelte etter fylgjande prioritet:
3. Studentar som har studierett på grunnskulelærarutdanning 5-10 med studieretning master i samfunnsfag
4. Studentar som har studierett på grunnskulelærarutdanning 5-10 med studieretning master i spesialpedagogikk eller profesjonspedagogikk
5. Studentar som har studierett ved anna studieprogram ved NTNU.

Adgangsavgrensing: Maksimalt 35 studentar.
Oppgjeve tal er maksimalt studenttal per gruppe. Fakultetet kan vurdera å oppretta fleire studentgrupper i emnet dersom søkjartilfanget tilseier dette og fakultet har kapasitet.

Kursmateriell

Endelig pensumliste legges ut på Blackboard før studiestart.

Eksamensinfo

  • * Skriftlig eksamen plasseres på rom 3 dager før eksamensdato.
Hvis mer enn ett rom er oppgitt, finner du ditt rom på Studentweb.