MGLU3510 - Makt, demokrati og undervisning i samfunnsfag (5-10)

Om emnet

Undervises ikke studieåret 2017/2018

Faglig innhold

Emnet har tre faglege tyngdepunkt, som grip inn i kvarandre på fleire punkt.

For det fyrste inneheld emnet utvalde periodar og tema frå norsk og internasjonal politikk etter 1750, med vekt på demokratiutvikling, innføring i demokratiteori og norske og internasjonale konfliktar.
For det andre økonomiske utvikling og natur- og miljøpolitiske utfordringar i nyare tid, med vekt på samtida.

Det tredje fokusområdet tematiserer sentrale spørsmål i forvaltninga av skulefaget: overgangen frå barneskulen til ungdomsskulen og frå ungdomsskulen til vidaregåande opplæring, års- og periodeplanlegging, elevvurdering og eksamen, kjeldebruk og samfunnsfagdidaktiske teoriar og innsikter med relevans for tematikkane i studiet, t.d. demokratiopplæring og museums- og arkivdidaktikk.

Læringsutbytte

KUNNSKAP
Kandidaten
• har brei kunnskap om utvalde periodar, tema og perspektiv på norsk og internasjonal politikk etter 1750, med vekt på konfliktar i Noreg i komparativt perspektiv.
• har brei kunnskap om økonomisk utvikling og om natur- og miljøpolitiske utfordringar i nyare tid
• har brei kunnskap om aktørar, strukturar, prosessar, interesser, ideologiar og makttilhøve
• har brei kunnskap om forskingsmetodar for tekstanalyse og om fagdidaktiske tilpassingar for bruk av desse i skulen.
• har brei kunnskap om overgangen mellom barnesteg og ungdomssteg og mellom ungdomssteg og vidaregåande opplæring, og kjenner til utviklingsarbeid innanfor desse felta.
• har brei kunnskap om samfunnsfagdidaktiske teoriar, tradisjonar og sentralomgrep

FERDIGHEITER
Kandidaten
• kan trekkja liner mellom temaområda innanfor emnet og forklåra korleis dei grip inn i kvarandre.
• kan bruka vitskapsfaglege innsikter og kunnskap om skulefaget til å planleggja og gjennomføra samfunnsfagundervisning som fremjer progresjon i læring.
• kan vurdera tilhøvet mellom kunnskapar, ferdigheiter og haldningar i skulefaget samfunnsfag og kan arbeida med verdiar og haldningar.
• kan samarbeida i skriveprosessar fram mot akademiske tekstar som byggjer på skriftlege kjelder og bruk av kjeldekritiske ferdigheiter.
• kan reflektera over og praktisera samfunnsfaget som arena for ope og demokratisk meiningsbryting og for læring om demokrati og samfunnsdeltaking.

GENERELL KOMPETANSE
Kandidaten
• kan finna fram til elektroniske læringsressursar og kjelder og oppdatera seg fagleg.
• kan reflektera sjølvstendig over samfunnsfaglege spørsmål.
• kan tilpassa opplæringa til elevar som treng ulike mengder og ulike typar faglege utfordringar og støtte.

Læringsformer og aktiviteter

Førelesingar, sjølvstendig arbeid og arbeid i grupper. Seminar. Løysing av obligatoriske og andre oppgåver individuelt og i grupper. Ekskursjon/byvandring. Praksis i skulen.

Spesielle vilkår

Krever opptak til studieprogram:
Grunnskolelærerutdanning for trinn 5-10 (MGLU5-10)

Forkunnskapskrav

Krav om førhandskunnskap:
Som opptakskrav til studieprogrammet, sjå studieplan for studiet.

Studierettskrav:
Emnet krev studierett ved grunnskulelærarutdanninga.

Kursmateriell

Endelig pensumliste legges ut på Blackboard før studiestart.

Studiepoengreduksjon

Emnekode Reduksjon Fra Til
MGLU2507 15.0 01.09.2017

Eksamensinfo

  • * Skriftlig eksamen plasseres på rom 3 dager før eksamensdato.
Hvis mer enn ett rom er oppgitt, finner du ditt rom på Studentweb.