MGLU3509 - Samfunnsfag som vitenskaps- og skolefag (5-10)

Om emnet

Undervises ikke studieåret 2017/2018

Faglig innhold

Samfunnsfag 1 del 1 gjev innføring i samfunnsfaga som vitskapsfag og samfunnsfag som skulefag, og i tilhøvet mellom vitskapsfag og skulefag. Emnet er konsentrert om skulefagsinnhald på 5.-7. klassesteget, og særleg om kunnskapshistoriske og vitskapsfilosofiske utviklingsliner og tilnærmingar i sentrale periodar eller tema frå renessansen og dei store oppdagingane fram til fyrste delen av 1800-talet. Liner vert og dregne fram til nyare kunnskapshistorie og vitskapsfilosofiske perspektiv.

Innføringa i skulefaget omfattar og føremåla og verdimandatet til skulefaget, og dessutan læreplanen med vekt på grunnleggjande samfunnsfagferdigheiter. Emnet inneheld og eit innføringskurs i akademisk fagskriving.

Læringsutbytte

KUNNSKAP
Kandidaten
• har brei kunnskap om periodar og tema innanfor tida frå renessansen over dei store oppdagingane og dei vitskaplege gjennombrota fram til fyrste delen av 1800-talet.
• har brei kunnskap om utviklinga av vitskapsfilosofiske hovudposisjonar i perioden fram til fyrste delen av 1800-talet og kjenner til vidare utvikling av samfunnsvitskapane fram mot vår eiga tid.
• har brei kunnskap om føremåla med skulefaget samfunnsfag, læreplanen og om kva dei grunnleggjande ferdigheitene tyder i samfunnsfag og i tillegg om omgrepslæring.
• kjenner til hovudprinsipp for observasjonsmetodar og sentrale normer for forsking, og har brei kunnskap om kjeldebruk og om korleis vitskaplege resonnement byggjast opp.

FERDIGHEITER
Kandidaten
• kan knytta saman vitskapsfaglege innsikter med kunnskapar om skulefaget i vurderingar av føremålet for og innhaldet i skulefaget og av tilhøvet mellom samfunnsvitskapane og skulefaget samfunnsfag.
• kan tolka læreplanen slik at den fremjer indre samanheng i faget, djupnlæring og fagleg progresjon.
• kan planleggja og leia læringsøkter med fokus på omgrepslæring på ungdomssteget.

GENERELL KOMPETANSE
Kandidaten
• kan bruka grunnleggjande observasjonsmetodar
• kan lesa og tolka tabellar, diagram og kart, og skriva drøftande fagtekstar i samsvar med vitskapsfaglege normer.
• kan drøfta utvikling over tid, variasjon i rom og perspektiv i vitskaps- og skulefag.
• kan gjera greie for korleis samfunnsvitskapane har produsert kunnskap om fortid og samtid.

Læringsformer og aktiviteter

Førelesingar, sjølvstendig arbeid og arbeid i grupper. Rettleiing. Løysing av obligatoriske og andre oppgåver individuelt og i grupper, med og utan rettleiing. Ekskursjon. Praksis i skulen.

Spesielle vilkår

Krever opptak til studieprogram:
Grunnskolelærerutdanning for trinn 5-10 (MGLU5-10)

Forkunnskapskrav

Krav om førhandskunnskap:
Som opptakskrav til studieprogrammet, sjå studieplan for studiet.

Studierettskrav:
Emnet krev studierett ved grunnskulelærarutdanninga.

Kursmateriell

Endelig pensumliste legges ut på Blackboard før studiestart.

Studiepoengreduksjon

Emnekode Reduksjon Fra Til
MGLU1507 15.0 01.09.2017

Eksamensinfo

  • * Skriftlig eksamen plasseres på rom 3 dager før eksamensdato.
Hvis mer enn ett rom er oppgitt, finner du ditt rom på Studentweb.