MGLU3101 - Norsk 2 (1-7): Lesing, skriving og muntlighet i ulike tekstkulturer

Om emnet

Undervises ikke studieåret 2017/2018

Faglig innhold

Norsk 2 bygger på norsk 1. Emnet gir historisk bakgrunn og meir omfattande kunnskap om sentrale språklege og litterære emne, djupare innsikt i fagdidaktiske spørsmål i begynnar¬opplæringa og i norskundervisninga på mellomtrinnet, og betre fagleg grunnlag for arbeid med læringsfremjande vurdering og tilpassa norskopplæring for alle elevar. Studentane får òg gode høve til å vidareutvikle sine eigne språkferdigheiter og sin eigen tekstkompetanse og formidlingsevne. Undervisning i vitskapleg metode blir knytt til arbeid med FoU-oppgåve.

Hovudområde 1
I dette emnet skal studentane få kunnskap om litteraturhistorie og ulike litteraturteoretiske perspektiv, og dei skal vidareutvikle kunnskapen om munnleg og skriftleg kommunikasjon. Teoriar om lesing, leseutvikling og ulike didaktiske innfallsvinklar til arbeid med skjønnlitteratur og sakprosa er sentrale tema.
Tekstar frå norsk skjønnlitteratur og sakprosa blir sette inn i ein historisk samanheng, og teksttypar frå ulike medium blir studerte og vurderte. Det blir arbeidd med adaptasjon av barnelitterære tekstar til filmmediet, og både film, teater og medietekstar blir sette inn i ein norskfagleg kontekst. Studentane skal også få kunnskap om språkleg kommunikasjon i ulike medium og teoretisk kunnskap om samansette og digitale tekstar.

Hovudområde 2
I dette emnet skal studentane vidareutvikle kunnskapen sin om norsk språk (system og bruk), og dei skal få omfattande kunnskap om norsk som andrespråk og talemålsvariasjon. Samisk språk og nabospråk er òg tema som inngår i emneområdet. Eit sentralt arbeidsområde handlar om aktiv bruk av språk- og tekstkunnskap i rettleiing av elevar som skriv tekstar i ulike sjangrar.
Moglegheiter og utfordringar innafor skriftlege sjangrar og teksttypar blir utforska, og det blir arbeidd med analyse og vurdering av elevtekstar frå ulike trinn. Studentane si eiga skriving blir også tematisert, m.a. gjennom ulike former for respons og vurdering, revisjon og utprøving. Målet er at studentane som norsklærarar skal kunne arbeide kreativt og systematisk med skriving og leggje til rette for varierte skrivesituasjonar, slik at elevar med ulike føresetnader kan utvikle den skriftlege tekstkompetansen sin.

Læringsutbytte

Emnet er inndelt i to like store hovudområde som går parallelt i vårsemesteret. Læringsutbytteformuleringane under generell kompetanse blir ivaretekne i begge hovudområda.

Læringsutbytte som blir ivaretekne i hovudområde 1: Lesing, skriving og munnlegheit i arbeid med litterære tekstar:

KUNNSKAP
Kandidaten
• har kunnskap om litteraturhistorie og brei kunnskap om skjønnlitteratur frå ulike tider, for barn, unge og vaksne
• har kunnskap om samisk litteratur og kultur
• har brei kunnskap om litteraturdidaktiske tilnærmingar og kunnskap om ulike litteraturteoretiske perspektiv
• har omfattande kunnskap om munnleg kommunikasjon, begynnaropplæringa og den vidare leseopplæringa

FERDIGHEITER
Kandidaten
• kan bruke tekst- og litteraturkunnskap i analyse av munnlege, skriftlege og multimodale tekstar, inkludert elevtekstar
• kan legge til rette for variert arbeid med skjønnlitteratur og saktekstar i tradisjonelle og moderne medium
• kan bruke forteljing som pedagogisk verktøy og legge til rette for fortellestunder i klassen
• kan bruke relevante metodar og ny teknologi på måtar som fremjar samarbeid og fagleg progresjon i den første og den vidare leseopplæringa
• kan legge til rette for at elevar på 1.–7. trinn lærer å lese og diskutere saktekstar og skjønnlitterære tekstar i ulike sjangrar og medium
• kan skrive akademiske fagtekstar på nynorsk og bokmål

Læringsutbytte som blir ivaretekne i hovudområde 2: Lesing, skriving og munnlegheit i arbeid med språk:

KUNNSKAP
Kandidaten
• har omfattande kunnskap om språket som system og språket i bruk
• har omfattande kunnskap om språkleg variasjon og norsk som første- og andrespråk
• har kunnskap om språkhistorie, språklege endringsprosessar i eldre og nyare tid og gjeldande normering av nynorsk og bokmål
• har kunnskap om samisk språk, nasjonale minoritetsspråk og nabospråk
• har omfattande kunnskap om den vidare opplæringa i skriving

FERDIGHEITER
Kandidaten
• kan bruke grammatikk-, språk- og tekstkunnskap i analyse av skriftlege og multimodale tekstar, inkludert elevtekstar
• kan gi tilpassa opplæring for minoritetselevar med varierande ferdigheiter i munnleg og skriftleg norsk
• kan bruke relevante metodar og ny teknologi på måtar som fremjar samarbeid og fagleg progresjon i den første og den vidare skriveopplæringa
• kan legge til rette for at elevar på 1.–7. trinn lærer å skrive saktekstar og skjønnlitterære tekstar i ulike sjangrar og medium
• kan skrive akademiske fagtekstar på nynorsk og bokmål

Læringsutbytte som blir ivaretekne i hovudområde 1 og 2:

GENERELL KOMPETANSE
Kandidaten
• har innsikt i skulefagets historie og eigenart som språk-, kultur-, litteratur- og danningsfag
• kan formidle fagstoff om språk, litteratur, tekstar og medium i relevante uttrykksformer
• kjenner til norskdidaktisk forsking og utviklingsarbeid og kan drøfte forskingsetiske problemstillingar
• kan planlegge, gjennomføre og vurdere fagleg og tverrfagleg utviklingsarbeid på 1.–7. trinn i samarbeid med andre

Læringsformer og aktiviteter

Studentane vil møte varierte arbeidsformer og både formative og summative vurderingsformer. Undervisninga vil i stor grad vere seminarbasert, med konsentrert det blir arbeid om eit gitt tema over tid og eit avsluttande framlegg. Studiet fordrar derfor stor eigenaktivitet av studentane.
Det er ein føresetnad at studentane tileignar seg lærestoff gjennom sjølvstudium utanom den organiserte undervisningstida, gjennom arbeid i grupper og gjennom læringsplattforma. Studentane skal gjennom heile studiet bruke språket aktivt i skriftleg og munnleg kommunikasjon med medstudentar og faglærarar. Vidare er det forventa at studentane bruker biblioteket aktivt og møter førebudde til undervisninga.

Spesielle vilkår

Krever opptak til studieprogram:
Grunnskolelærerutdanning 1.-7. trinn - masterstudium (MGLU1-7)

Forkunnskapskrav

Krav om førhandskunnskap:
Som opptakskrav til studieprogrammet, sjå studieplan for studiet.

Studierettskrav:
Emnet krev studierett ved grunnskulelærarutdanninga.

Eksamensinfo

  • * Skriftlig eksamen plasseres på rom 3 dager før eksamensdato.
Hvis mer enn ett rom er oppgitt, finner du ditt rom på Studentweb.