MGLU2501 - Norsk 2 (5-10): Literacy, språk og litteratur

Om emnet

Undervises ikke studieåret 2017/2018

Faglig innhold

Norsk 2 bygger på norsk 1 og omfattar norskundervisning for 5.–10. trinn med vekt på ungdomstrinnet. Emnet gir historisk oversikt og meir omfattande kunnskap om sentrale språklege og litterære emne, djupare innsikt i aktuelle fagdidaktiske spørsmål og eit betre grunnlag for arbeid med læringsfremjande vurdering og tilpassa norskopplæring for alle elevar. Emnet gir òg studentane gode høve til å vidareutvikle sine eigne språkferdigheiter og sin eigen tekstkompetanse og formidlingsevne, mellom anna gjennom ulike former for respons og vurdering, utprøving og tekstrevisjon. Undervisning om vitskapleg metode blir knytt til arbeid med semesteroppgåve.

Hovudområde 1
Hovudområde 1 fokuserer på norsk språk (oppbygging, system og bruk), norsk som andrespråk, talemålsvariasjon, nabospråk og samisk språk. Eit sentralt arbeidsområde handlar om korleis ein kan bruke språk- og tekstkunnskap aktivt i utviklingsfremjande arbeid med lesing, skriving og munnleg kommunikasjon.

Hovudområde 2
Hovudområde 2 fokuserer på teoretiske, litteraturhistoriske og didaktiske innfallsvinklar til arbeid med skjønnlitteratur og saktekstar i ulike sjangrar og medium. Film, teater og medietekstar blir sette inn i ein norskfagleg samanheng. Kunnskap om tekst og litteratur i arbeid med munnlege, skriftlege og samansette elevtekstar på 5.–10. trinn, med vekt på ungdomstrinnet, står sentralt.

Læringsutbytte

Emnet er delt i to like store hovudområde. Læringsutbytteformuleringane under generell kompetanse blir ivaretekne i begge hovudområda.

Læringsutbytte som blir ivaretekne i hovudområde 1: Literacy, språk og språdidaktikk

KUNNSKAP
Kandidaten
- har omfattande kunnskap om språkleg variasjon og norsk som første- og andrespråk
- har kunnskap om språkhistorie, språklege endringsprosessar i eldre og nyare tid og gjeldande normering av nynorsk og bokmål
- har kunnskap om nasjonale minoritetsspråk og nabospråk
- har kjennskap til særtrekk ved den talespråklege praksisen til ungdom
- har brei kunnskap om utviklingsfremjande arbeid med språk og kommunikasjon i den vidare lese-, skrive og munnlegopplæringa
- har kunnskap om relevant fagdidaktisk forsking

FERDIGHEITER
Kandidaten
- kan bruke kunnskap om grammatikk, språk og tekst i analyse av skriftlege, munnlege og multimodale tekstar i ulike sjangrar og medium, inkludert elevtekstar
- kan gi tilpassa språkopplæring for elevar med varierande ferdigheiter i munnleg og skriftleg norsk
- kan bruke kunnskap om mangfald i språk og kultur som ein ressurs i norskfaget
- kan bruke relevante metodar og ny teknologi på måtar som fremjar samarbeid og fagleg progresjon i lese-, skrive- og munnlegopplæringa på 5. til 10. trinn
- kan vurdere ulike aspekt ved språkdidaktikk og språkleg mangfald og grunngi vurderingane

Læringsutbytte som blir ivaretekne i hovudområde 2: Literacy, litteratur og litteraturdidaktikk

KUNNSKAP
Kandidaten
- har kunnskap om litteraturhistorie og omfattande kunnskap om litteratur frå ulike tider, med vekt på litteratur for unge og vaksne
- har kunnskap om ulike litteraturteoretiske perspektiv og brei kunnskap om litteraturdidaktiske tilnærmingar, med vekt på ungdomstrinnet
- har brei kunnskap om utviklingsfremjande arbeid med tekst og litteratur i den vidare lese-, skrive og munnlegopplæringa
- har brei kunnskap om korleis gutar og jenter på ungdomstrinnet kan motiverast til lesing og vidareutvikle leseforståing
- har kunnskap om relevant fagdidaktisk forsking

FERDIGHEITER
Kandidaten
- kan bruke kunnskap om tekst og litteratur i analyse av munnlege, skriftlege og multimodale tekstar, inkludert elevtekstar
- kan legge til rette for variert arbeid med litteratur i tradisjonelle og nye medium
- kan planlegge, gjennomføre og vurdere arbeid med sakprosa og skjønnlitteratur frå ulike perspektiv og for ulike formål
- kan legge til rette for at elevar på ungdomstrinnet får lese, skrive og diskutere både saktekstar og skjønnlitterære tekstar i ulike sjangrar og medium
- kan kartlegge og vurdere munnlege og skriftlege ferdigheiter og gi læringsfremjande respons til alle elevar, med vekt på ungdomstrinnet
- kan vurdere ulike aspekt ved arbeid med litteratur og literacy og grunngi vurderingane

Læringsutbytte som blir ivaretekne i hovudområde 1 og 2:

GENERELL KOMPETANSE
Kandidaten
- har innsikt i skulefagets historie og eigenart som språk-, kultur-, litteratur- og danningsfag
- kan formidle fagstoff om språk, litteratur, tekstar og medium i relevante uttrykksformer
- kjenner til norskdidaktisk forsking og utviklingsarbeid og kan drøfte forskingsetiske problemstillingar
- kan planlegge, gjennomføre og vurdere fagleg og tverrfagleg utviklingsarbeid på 5.– 10. trinn i samarbeid med andre
- kan skrive akademiske fagtekstar på nynorsk og bokmål

Læringsformer og aktiviteter

Studentane vil møte varierte arbeidsformer og både formative og summative vurderingsformer. Undervisninga vil i stor grad bli seminarbasert, med konsentrert arbeid om eit gitt tema og eit avsluttande framlegg. I hovudområde 2 arbeider ein òg med adaptasjon av barne- og ungdomslitteratur til filmmediet. Studiet fordrar derfor stor eigenaktivitet av studentane.

Det er ein føresetnad at studentane tileignar seg lærestoff gjennom sjølvstudium utanom den organiserte undervisningstida, gjennom arbeid i grupper og gjennom læringsplattforma. Studentane må bruke språket aktivt i skriftleg og munnleg kommunikasjon med medstudentar og faglærarar. Vidare er det forventa at dei bruker biblioteket aktivt og møter førebudde til undervisninga.

Obligatoriske aktiviteter

  • Obligatoriske arbeidskrav: Hovedområde 1
  • Obligatoriske arbeidskrav: Hovedområde 2

Mer om vurdering

Obligatoriske arbeidskrav:

Hovudområde 1:

- Eitt munnleg framlegg i gruppe

- Obligatorisk frammøte i samband med munnlege gruppeframlegg

- Logg i etterkant av det einskilde temaområdet

- Godkjent plan for semesteroppgåve (for dei som vel å skrive semesteroppgåve i hovudområde 1)

 

Hovudområde 2:

- Eit munnleg framlegg i gruppe

- Obligatorisk frammøte i samband med munnlege gruppeframlegg og filmprosjekt

- Godkjent plan for semesteroppgåve (for dei som vel å skrive semesteroppgåve i hovudområde 2)

 

Obligatoriske arbeidskrav vert vurderte med godkjent/ikkje godkjent.

Obligatoriske arbeidskrav må vere godkjende før ein kan framstille seg til eksamen. Kandidatar som står i fare for å bli nekta å gå opp til eksamen pga. manglande arbeidskrav, skal varslast om dette, jf. gjeldande studieforskrift ved NTNU.

 

Vurderinga er todelt og kjem ved semesterslutt.

Delvurdering 1:

Individuell semesteroppgåve.

Alle hjelpemiddel er tillatne.

 

Delvurdering 2:

Individuell munnleg eksamen. Individuelt munnleg framlegg med påfølgjande eksaminering. Retningsliner for munnleg eksamen blir gitt ved semesterstart.

Alle hjelpemiddel er tillatne i førebuingstida.

 

Semesteroppgåva er knytt til eitt av hovudområda. Hovudområdet som ikkje er knytt til semesteroppgåva, skal studentane forsvare munnleg.

 

Ny/utsatt eksamen blir gjennomført i samsvar med gjeldende studieforskrift ved NTNU.

Delvurderinger kan tas opp eller forbedres enkeltvis.

Spesielle vilkår

Vurderingsmelding krever godkjent undervisningsmelding samme semester. Obligatorisk aktivitet fra tidligere semester kan godkjennes av instituttet.

Krever opptak til studieprogram:
Grunnskolelærerutdanning for trinn 5-10 (MGLU5-10)

Forkunnskapskrav

Krav om førhandskunnskap:
Som opptakskrav til studieprogrammet, sjå studieplan for studiet.

Studierettskrav:
Emnet krev studierett ved grunnskulelærarutdanninga.

Kursmateriell

Endelig pensumliste legges ut på Blackboard før studiestart.

Eksamensinfo

  • * Skriftlig eksamen plasseres på rom 3 dager før eksamensdato.
Hvis mer enn ett rom er oppgitt, finner du ditt rom på Studentweb.