MGLU2101 - Norsk 1 (1-7) emne 2: Språk og tekst 2

Om emnet

Undervises ikke studieåret 2017/2018

Faglig innhold

Norsk 1, emne 2 omhandlar begynnaropplæring i lesing og skriving, utvikling av munnlege ferdigheiter, norsk som andrespråk, litteratur for småtrinnet, og fagdidaktiske spørsmål. Emnet tematiserer òg den tette samanhengen mellom språk og språkbruk og identitetsutvikling. I tillegg legg det vekt på at studentane skal utvikle sine eigne språkferdigheiter og sin eigen tekstkompetanse og formidlingsevne. Studentane vil møte varierte arbeidsmåtar, også praktisk-estetiske tilnærmingar.

Læringsutbytte

KUNNSKAP
Kandidaten
- har omfattande kunnskap om barns språkutvikling på småtrinnet
- har kunnskap om språkleg identitet, norsk som andrespråk og fleirspråkleg praksis
- har kunnskap om kva som kjenneteiknar munnlege og multimodale tekstar
- har kunnskap om eit utval skjønnlitterære tekstar i ulike sjangrar og medium, med vekt på litteratur for barn på småtrinnet.
- har brei kunnskap om metodar i den første lese- og skriveopplæringa
- har kunnskap om kartleggingsprøver og læremiddel for småtrinnet, både digitale og andre.

FERDIGHEITER
Kandidaten
- kan bruke kunnskap om språk og språkutvikling i språkstimulerande arbeid og gjere greie for fagdidaktiske val som skal fremje munnleg og skriftleg språkutvikling for alle elevar på småtrinnet
- kan bruke kunnskap om kva som kjenneteiknar ulike tekstar og sjangrar i arbeid med munnlege og multimodale tekster i ulike medium
- kan planlegge, gjennomføre og evaluere elev- og klassesamtaler
- kan bruke ulike metodar i den første lese- og skriveopplæringa og tilpasse opplæringa for elevar med ulik bakgrunn og varierande ferdigheiter i norsk
- kan kjenne att teikn på lese-, skrive- og språkvanskar
- kan kartlegge og vurdere lese- og skriveferdigheiter og gi læringsfremjande respons til alle elevar på småtrinnet
- kan vurdere norskfaglege læremiddel for småtrinnet, digitale og andre

GENERELL KOMPETANSE
Kandidaten
- kan legge til rette for at elevane på småtrinnet utviklar og vidareutviklar grunn-leggande språkferdigheiter og blir tekstkyndige språkbrukarar som kan delta aktivt i klasserommet og på andre sosiale arenaer
- kan planlegge og gjennomføre norskundervisning på småtrinnet i sentrale emne og gjere greie for elevtilpassa fagdidaktiske val
- kan vurdere eigen praksis på småtrinnet med gjeldande læreplanar, fagkunnskap og fagdidaktisk innsikt som grunnlag

Læringsformer og aktiviteter

Studiet inneber både fellesforelesingar, undervisning i seminarform, skriveverkstad og arbeid i mindre grupper. Studentane skal bruke språket aktivt gjennom heile studiet, både i munnleg og skriftleg kommunikasjon med medstudentar og faglærarar. Det er ein føresetnad at studentane tileignar seg fagstoffet gjennom sjølvstudium utanom den organiserte under-visningstida, og gjennom arbeid i kollokviegrupper. Det er forventa at studentane møter førebudde til undervisninga og at dei bruker biblioteket aktivt. Det er forventa at studentane er aktive gjennom heile studiet.

Obligatoriske aktiviteter

  • Obligatoriske arbeidskrav iht. emnebeskrivelsen

Mer om vurdering

Obligatoriske arbeidskrav:

Antall på arbeidskrav: 4

- Obligatorisk oppmøte på eit skriveseminar

- Tre skriftlege innleveringar

 

Obligatoriske arbeidskrav vert vurderte med godkjent/ikkje godkjent.

 

Obligatoriske arbeidskrav må vere godkjende før ein kan framstille seg til eksamen. Kandidatar som står i fare for å bli nekta å gå opp til eksamen pga. manglande arbeidskrav, skal varslast om dette, jf. gjeldande studieforskrift ved NTNU.

 

Individuell vurderingsmappe. Målform: Nynorsk

Krav til omfang og innhald i mappa vil gå fram av eit eige skriv.

 

Ny/utsatt eksamen blir gjennomført i samsvar med gjeldende studieforskrift ved NTNU.

Spesielle vilkår

Vurderingsmelding krever godkjent undervisningsmelding samme semester. Obligatorisk aktivitet fra tidligere semester kan godkjennes av instituttet.

Krever opptak til studieprogram:
Grunnskolelærerutdanning 1.-7. trinn - masterstudium (MGLU1-7)

Forkunnskapskrav

Krav om førhandskunnskap:
Som opptakskrav til studieprogrammet, sjå studieplan for studiet.

Studierettskrav:
Emnet krev studierett ved grunnskulelærarutdanninga.

Kursmateriell

Endelig pensumliste legges ut på Blackboard før studiestart.

Eksamensinfo

  • * Skriftlig eksamen plasseres på rom 3 dager før eksamensdato.
Hvis mer enn ett rom er oppgitt, finner du ditt rom på Studentweb.