MGLU1507 - Samfunnsfag som vitenskaps- og skolefag (5-10)

Om emnet

Nytt fra studieåret 2017/2018

Vurderingsordning

Vurderingsordning: Mappevurdering og skriftlig eksamen
Karakter: Bokstavkarakterer

Vurderingsform Vekting Varighet Hjelpemidler Delkarakter
Mappevurdering 49/100 HJELPEMIDD
Skriftlig eksamen 51/100 6 timer HJELPEMIDD

Faglig innhold

Samfunnsfag 1 del 1 gjev innføring i samfunnsfaga som vitskapsfag og samfunnsfag som skulefag, og i tilhøvet mellom vitskapsfag og skulefag. Emnet er konsentrert om skulefagsinnhald på 5.-7. klassesteget, og særleg om kunnskapshistoriske og vitskapsfilosofiske utviklingsliner og tilnærmingar i sentrale periodar eller tema frå renessansen og dei store oppdagingane fram til fyrste delen av 1800-talet. Liner vert og dregne fram til nyare kunnskapshistorie og vitskapsfilosofiske perspektiv.

Innføringa i skulefaget omfattar og føremåla og verdimandatet til skulefaget, og dessutan læreplanen med vekt på grunnleggjande samfunnsfagferdigheiter. Emnet inneheld og eit innføringskurs i akademisk fagskriving.

Læringsutbytte

KUNNSKAP
Kandidaten
• har brei kunnskap om periodar og tema innanfor tida frå renessansen over dei store oppdagingane og dei vitskaplege gjennombrota fram til fyrste delen av 1800-talet.
• har brei kunnskap om utviklinga av vitskapsfilosofiske hovudposisjonar i perioden fram til fyrste delen av 1800-talet og kjenner til vidare utvikling av samfunnsvitskapane fram mot vår eiga tid.
• har brei kunnskap om føremåla med skulefaget samfunnsfag, læreplanen og om kva dei grunnleggjande ferdigheitene tyder i samfunnsfag og i tillegg om omgrepslæring.
• kjenner til hovudprinsipp for observasjonsmetodar og sentrale normer for forsking, og har brei kunnskap om kjeldebruk og om korleis vitskaplege resonnement byggjast opp.

FERDIGHEITER
Kandidaten
• kan knytta saman vitskapsfaglege innsikter med kunnskapar om skulefaget i vurderingar av føremålet for og innhaldet i skulefaget og av tilhøvet mellom samfunnsvitskapane og skulefaget samfunnsfag.
• kan tolka læreplanen slik at den fremjer indre samanheng i faget, djupnlæring og fagleg progresjon.
• kan planleggja og leia læringsøkter med fokus på omgrepslæring på ungdomssteget.

GENERELL KOMPETANSE
Kandidaten
• kan bruka grunnleggjande observasjonsmetodar
• kan lesa og tolka tabellar, diagram og kart, og skriva drøftande fagtekstar i samsvar med vitskapsfaglege normer.
• kan drøfta utvikling over tid, variasjon i rom og perspektiv i vitskaps- og skulefag.
• kan gjera greie for korleis samfunnsvitskapane har produsert kunnskap om fortid og samtid.

Læringsformer og aktiviteter

Førelesingar, sjølvstendig arbeid og arbeid i grupper. Rettleiing. Løysing av obligatoriske og andre oppgåver individuelt og i grupper, med og utan rettleiing. Ekskursjon. Praksis i skulen.

Obligatoriske aktiviteter

  • Obligatoriske arbeidskrav iht. emnebeskrivelsen

Mer om vurdering

Obligatoriske arbeidskrav:
• Deltaking på introduksjonsdagar til samfunnsfagstudiet
• Godkjend individuell metodeøving
• Deltaking på ein ekskursjon i Trondheimsregionen
• 2 godkjende skriftlege oppgåver, løyst individuelt eller i grupper.
• 1 kort munnleg presentasjon førebudd i grupper

1. Eksamensmappe
2. Skriftleg individuell skuleeksamen

I eksamensmappa inngår ein individuell leselogg, ein individuell fagtekst over oppgjeve tema/problemstilling og ei gjeve oppgåve løyst i gruppe - etter retningsliner kunngjort ved semesterstart. I fastsetting av karakter på eksamensmappa, vil kvar del telja likt.

Ved skriftleg skuleeksamen er godkjende geografiske og historiske atlas og kalkulator type A tillatne hjelpemiddel.

Ny/utsatt eksamen blir gjennomført i samsvar med gjeldende studieforskrift ved NTNU.
Delvurderinger kan tas opp eller forbedres enkeltvis.

Spesielle vilkår

Vurderingsmelding krever godkjent undervisningsmelding samme semester. Obligatorisk aktivitet fra tidligere semester kan godkjennes av instituttet.

Krever opptak til studieprogram:
Grunnskolelærerutdanning for trinn 5-10 (MGLU5-10)

Forkunnskapskrav

Krav om førhandskunnskap:
Som opptakskrav til studieprogrammet, sjå studieplan for studiet.

Studierettskrav:
Emnet krev studierett ved grunnskulelærarutdanninga.

Kursmateriell

Endelig pensumliste legges ut på Blackboard før studiestart.

Studiepoengreduksjon

Emnekode Reduksjon Fra Til
MGLU3509 15.0 01.09.2017

Eksamensinfo

Vurderingsordning: Mappevurdering og skriftlig eksamen

Termin Statuskode Vurderingsform Vekting Hjelpemidler Dato Tid Rom *
Vår ORD Mappevurdering 49/100 HJELPEMIDD
Vår ORD Skriftlig eksamen 51/100 HJELPEMIDD
  • * Skriftlig eksamen plasseres på rom 3 dager før eksamensdato.
Hvis mer enn ett rom er oppgitt, finner du ditt rom på Studentweb.