LGU52007 - Norsk 2 (5-10) emne 2: Tekstkulturer i endring

Om emnet

Vurderingsordning

Vurderingsordning: Hjemmeeksamen
Karakter: Bokstavkarakterer

Vurderingsform Vekting Varighet Hjelpemidler Delkarakter
Hjemmeeksamen 100/100 4 dager ALLE

Faglig innhold

Dette emnet tar for seg språk og kommunikasjon i mange typar tekstar, både munnlege, skriftlege og samansette. Som i emne 1 står samanhengar mellom tekst og språk i fortid og samtid sentralt, men her vil hovudvekta ligge på dei nyaste utviklingslinjene innanfor tekstkulturen. Av den grunn har design, tolking og vurdering av samansette tekstar og bruk av nye tekstarenaer ein viktig plass i undervisninga. Her vil studentane, blant anna ved bruk av omgrep og analyseverktøy frå retorikken, få innsikt i korleis språkleg kommunikasjon skjer i ulike medium og sjangrar, ikkje minst dei digitale. Det vil bli lagt særleg vekt på å få ei forståing av korleis ungdom brukar dei forskjellige kommunikasjonskanalane. Remediering, adaptasjon og rekontekstualisering er andre tema som blir drøfta i ein fagdidaktisk samanheng. Emnet inneber eit breitt spekter av arbeidsmåtar som skal gi studentane ei utvida forståing av relasjonane mellom fag, fagdidaktikk og praksis.

Læringsutbytte

Kunnskap
Studenten
- har utvida innsikt i korleis elevar på ungdomssteget kan vidareutvikle skriveferdigheitene sine, både elevar med norsk som førstespråk og norsk som andrespråk
- har kjennskap til særtrekk ved den språklege praksisen til ungdom
- har kunnskapar om kva for funksjonar lesing og skriving har hatt og har i kulturen vår og om kva som kjenneteiknar språkleg kommunikasjon i ulike medium
- har utvida kunnskapar om munnlege og skriftlege sjangrar i tradisjonelle og moderne medium og innsikt i korleis elevar på 5.-10. trinn utviklar kunnskapar om desse og kan nytte dei i eige tekstarbeid
- har god kjennskap til teoriar om samansette tekstar
- har kunnskap om kva som skjer når ein tekst blir overført frå eit medium til eit anna (adaptasjon)

Ferdigheiter
Studenten
- kan setje i gang, rettleie og vurdere munnleg, skriftleg, digital og samansett tekstproduksjon hos elevar på ungdomssteget og grunngi karakterane ein set
- kan rettleie elevar i ulike former for munnleg og skriftleg argumentasjon
- kan lese, analysere, tolke og vurdere samansette tekstar, sjå dei i eit historisk perspektiv og setje dei inn i ein større kulturell og offentleg samanheng
- kan bruke læreplanen i faget til å formulere mål for norskopplæringa og relevante kriterium for vurdering av munnleg, skriftleg og digital tekstproduksjon

Generell kompetanse
Studenten
- kan vurdere skulefaget norsk og eigen praksis som norsklærar og grunngi vurderingane
- har innsikt i norskfaget ut frå forsking og på bakgrunn av fagets historie og kan reflektere kritisk og konstruktivt ut frå slike perspektiv
- kan rettleie elevar i arbeidet med tekstar slik at dei kan utvikle seg sjølve, skaffe seg kunnskapar og førebu seg for aktiv deltaking i offentlege rom og samfunnet som eit heile
- kan sjå faget i eit større danningsperspektiv og undervisninga som ein del av opplæringa i eit aktivt deltakardemokrati
- er sikker munnleg språkbrukar i samtalar om munnleg, skriftleg og digital tekstproduksjon og stø i både skriftleg bokmål og nynorsk

Læringsformer og aktiviteter

Studiet inneber både fellesforelesningar, undervisning i seminarform og arbeid i mindre grupper. Studentane skal gjennom heile studiet bruke språket aktivt i skriftleg og munnleg kommunikasjon med medstudentar og faglærarar - mellom anna i form av faglege framlegg av ulike teksttypar og med støtte i digitale verktøy. Det er ein føresetnad at studentane tileignar seg lærestoff gjennom sjølvstudium utanom den organiserte undervisningstida, også gjennom kollokviegrupper og gjennom læringsplattforma. Vidare er det forventa at studentane brukar biblioteket og møter førebudde til undervisninga. Ved sidan av dei obligatoriske arbeidskrava som er presiserte nedanfor, vil studentane bli møtte med forventningar om aktiv deltaking gjennom heile studieprosessen, ikkje minst fordi mykje av undervisninga vil vere ¿eksemplarisk undervisning¿ med overføringsverdi til eigen praksis.

Obligatoriske aktiviteter

  • Obligatoriske arbeidskrav

Mer om vurdering

Obligatoriske arbeidskrav:
- Deltaking i digital tekstproduksjon i gruppe.
- Innlevering av refleksjonslogg knytt til tre definerte undervisningsbolkar. Krav til loggane vil bli kunngjorde ved semesterstart.
- Deltaking i før- og etterarbeid knytt til praksis.
- Individuell fagtekst (omfang 4–5 sider) på bokmål.

Obligatoriske arbeidskrav vert vurdert med godkjent/ikkje godkjent.
Obligatoriske arbeidskrav må vere godkjende før ein kan framstille seg til eksamen. Kandidatar som står i fare for å bli nekta å gå opp til eksamen pga. manglande arbeidskrav, skal varslast om dette, jf. gjeldande studieforskrift ved NTNU.

Eksamensforma er ein individuell heimeeksamen ved slutten av semesteret. Meir detaljerte krav til omfang og innhald blir kunngjort ved semesterstart.
Målform: Valfri

Ny/utsett eksamen blir gjennomført i samsvar med gjeldande studieforskrift ved NTNU.

Spesielle vilkår

Vurderingsmelding krever godkjent undervisningsmelding samme semester. Obligatorisk aktivitet fra tidligere semester kan godkjennes av instituttet.

Krever opptak til studieprogram:
Grunnskolelærerutdanning 5-10 (LTGLU5-10)
Grunnskolelærerutdanning 5-10 trinn med norsk (LTGLU5-10N)

Forkunnskapskrav

Studierettskrav:
Emnet er forbeholdt studenter med studierett ved grunnskolelærerutdanningen

Kursmateriell

Pensumlistene er veiledende. Endelig pensumliste legges ut på Blackboard før studiestart.
Faglitteratur
Bakken, J. (2014). Retorikk i skolen (2. utg.). Oslo: Universitetsforlaget. (Ca 100 s.)
Engelstad, A. (2013). Fra bok til film: om adaptasjoner av litterære tekster (2. utg.). Oslo: Cappelen Damm akademisk.
kap. 5, 6 og 7. s. 39-92. 53 s.
Engelstad, A., & Tønnessen, E. S. (2011). Film: en innføring. Oslo: Cappelen Damm akademisk.
kap.2, Filmen forteller, s. 27-121 (95 s.)
Evensen, L. S. (2009). Vurdering av skrivekompetanse: en kompleks utfordring. I O. K. Haugaløkken, L. S. Evensen, F. Hertzberg & H.
Otnes (red.), Tekstvurdering som didaktisk utfordring (s. 15-23). Oslo: Universitetsforlaget.
Liestøl, G., Hannemyr, G., & Fagerjord, A. (2009). Sammensatte tekster: arbeid med digital kompetanse i skolen. Oslo: Cappelen akademisk forlag. s. 7-160. 153 s
Løvland, A. (2007). På mange måtar: samansette tekstar i skolen. Bergen: Fagbokforlaget, s. 70-144. (74 s.)
Otnes, H. (2009). Digital tekstskaping - hva er målet?: kompetansemål, delmål, vurderingskriterier, kjennetegn. I O. K.
Haugaløkken, L. S. Evensen, F. Hertzberg & H. Otnes (red.), Tekstvurdering som didaktisk utfordring (s. 150-160). Oslo: Universitetsforlaget. (10 s.)
Otnes, H. (2015). Å invitere elever til skriving. Ulike perspektiver på skriveoppgaver. Bergen: Fagbokforlaget. (s. 11-24, 29-43, 83-99, 221-241)
Slettan, Svein (red.) (2014). Ungdomslitteratur: ei innføring. Oslo: Cappelen Damm. Kap. 5, 8, 9, 10, 11 og 12 s. 59-84, 113-190. (90 s.).
Solberg, O. (2007). Inn i eventyret: norsk og europeisk forteljekunst. Oslo: Cappelen akademisk forlag.
Kapitlene: «Eventyret som genre» og «Eventyrtolkning og eventyrteoriar». (55 s.)
Tønnesson, J. L. (2012). Hva er sakprosa (2. utg.). Oslo: Universitetsforlaget. (154 s.)
Øvrige tekster
Biografi
Ewo, J. (2003). Vil den virkelige William være så snill å reise seg!: William Shakespeare - et puslespill av en biografi. Oslo: Omnipax
Tegneserieroman
Kvammen, Anders N. (2016). Ungdomsskolen. Oslo: No Comprendo Press
Episk dikt
Ibsen, H. (1871). Terje Vigen. I Digte (s. 84-101). København: Gyldendalske boghandels forlag.
Tilgjengelig fra: http://www-bib.hive.no/tekster/ekstern/ibsen/terje-vigen.html
Noveller
Dahl, Roald (1953). Dypfryst. I Et hode kortere og andre hårreisende historier. Gyldendal Norsk Forlag.
Tilgjengelig fra: http://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2008082704047
Sandel, Cora (1927): Lort-Katrine. I En blå sofa og andre noveller. Oslo, Gyldendal.
Skram, Amalie (1882): Madam Høiers Leiefolk. Fortelling. I Nyt Tidsskrift.
Stien, Laila (1979): Skolegutt. I Nyveien.
Drama
Ibsen, H. ([1879] 2005). Et dukkehjem. Oslo: Gyldendal
Eventyr
Grimm, Jacob (1970). Rødhette. Oslo: Gyldendal. Tilgjengelig på nett via Nasjonalbiblioteket: http://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2011101208095
Annet
Torseter, Ø. (2015). Mulegutten. Oslo: Cappelen Damm
NRK (2016). Skam, utvalgte episoder og tekster knyttet til sesong 2.
Merk: Artikler og enkeltkapittel kan komme i tillegg.

Eksamensinfo

Vurderingsordning: Hjemmeeksamen

Termin Statuskode Vurderingsform Vekting Hjelpemidler Dato Tid Rom *
Høst UTS Hjemmeeksamen 100/100 ALLE

Utlevering
27.11.2017

Innlevering
30.11.2017

Vår ORD Hjemmeeksamen 100/100 ALLE
  • * Skriftlig eksamen plasseres på rom 3 dager før eksamensdato.
Hvis mer enn ett rom er oppgitt, finner du ditt rom på Studentweb.