LGU52006 - Norsk 2 for (5-10) emne 1: Språk og litteratur i historisk perspektiv

Om emnet

Vurderingsordning

Vurderingsordning: Muntlig eksamen
Karakter: Bokstavkarakterer

Vurderingsform Vekting Varighet Hjelpemidler Delkarakter
Muntlig eksamen 100/100

Faglig innhold

I dette emnet blir dei diakrone linjene i arbeidet med språk og litteratur framheva, og studentane får utvikla evna til å trekkje inn komparative perspektiv i norskundervisninga, både med vekt på ulike tidsepokar og ulike kulturar. Studentane får utvida, forskingsbasert innsikt i korleis sjangrar og teksttypar har utvikla seg og framleis er i utvikling. Dei skal vidare studere korleis språklege praksisformer endrar seg over tid, både når det gjeld munnleg og skriftleg språk.

Læringsutbytte

Kunnskap
Studenten
- har kunnskapar om ulike teoretiske perspektiv og retningar i arbeidet med å forstå litteratur
- har utvida innsikt i korleis gutar og jenter på ungdomssteget kan motiverast til lesing og vidareutvikle leseforståing og lesestrategiar, både elevar med norsk som førstespråk og norsk som andrespråk
- har god litteraturhistorisk oversikt og kunnskapar om sentrale verk i norsk fiksjonslitteratur og sakprosa
- har inngåande kunnskap om norsk språkhistorie etter 1800 og om gjeldande normering av bokmål og nynorsk
- har god innsikt i språklege endringsprosessar i fortid og samtid
- har god innsikt i talemålsvariasjonen i moderne norsk på historisk og dialektologisk grunnlag
- har kjennskap til særtrekk ved den talespråklege praksisen til ungdom

Ferdigheiter
Studenten
- kan samanlikne tekstar skrivne for ungdom og vaksne med omsyn på innhald, form og funksjon
- kan bruke kunnskap om talemål og skriftspråksnormering i skriveopplæringa
- kan leggje til rette og gjennomføre undervisning i den målforma som er sidemål for elevane
- kan synleggjere korleis mangfald i språk og kultur er ein ressurs i norskfaget
- kan setje sentrale norske tekstar og eit utval samiske tekstar (i omsetjing) inn i ein historisk samanheng og sjå dei i lys av nordisk og annan internasjonal litteratur
- kan rettleie elevar i bruk av litteraturfagleg kjeldemateriale
- kan bruke læreplanen i faget til å formulere mål for norskopplæringa og relevante kriterium for vurdering av arbeid med litteratur og språk med vekt på historiske dimensjonar

Generell kompetanse
Studenten
- kan vurdere skulefaget norsk og eigen praksis som norsklærar og grunngi vurderingane
- har innsikt i norskfaget ut frå forsking og på bakgrunn av fagets historie og kan reflektere kritisk og konstruktivt ut frå slike perspektiv
- kan rettleie elevar i arbeidet med tekstar slik at dei kan utvikle seg sjølve, skaffe seg kunnskapar og førebu seg for aktiv deltaking i offentlege rom og samfunnet som eit heile
- kan sjå faget i eit større danningsperspektiv og undervisninga som ein del av opplæringa i eit aktivt deltakardemokrati
- er sikker munnleg språkbrukar i samtalar om litteraturhistoriske og språkhistoriske emne og har god meistring av både skriftleg bokmål og nynorsk

Læringsformer og aktiviteter

Studiet inneber både fellesforelesningar, undervisning i seminarform og arbeid i mindre grupper. Studentane skal gjennom heile studiet bruke språket aktivt i skriftleg og munnleg kommunikasjon med medstudentar og faglærarar - mellom anna i form av faglege framlegg av ulike teksttypar og med støtte i digitale verktøy. Det er ein føresetnad at studentane tileignar seg lærestoff gjennom sjølvstudium utanom den organiserte undervisningstida, også gjennom kollokviegrupper og gjennom læringsplattforma. Vidare er det forventa at studentane brukar biblioteket og møter førebudde til undervisninga. Ved sidan av dei obligatoriske arbeidskrava som er presiserte nedanfor, vil studentane bli møtte med forventningar om aktiv deltaking gjennom heile studieprosessen, ikkje minst fordi mykje av undervisninga vil vere ¿eksemplarisk undervisning¿ med overføringsverdi til eigen praksis.

Obligatoriske aktiviteter

  • Obligatoriske arbeidskrav

Mer om vurdering

Obligatoriske arbeidskrav:
- Ein individuell fagtekst (omfang 4–5 sider) på nynorsk.
- Deltaking i for- og etterarbeid knytt til alle praksisperiodane.
- Deltaking på litterært verkstadarbeid. Nærare detaljar blir kunngjorde ved semesterstart.

Obligatoriske arbeidskrav vert vurdert med godkjent/ikkje godkjent.
Obligatoriske arbeidskrav må vere godkjende før ein kan framstille seg til eksamen. Kandidatar som står i fare for å bli nekta å gå opp til eksamen pga. manglande arbeidskrav, skal varslast om dette, jf. gjeldande studieforskrift ved NTNU.

Eksamensforma er ei individuell munnleg prøve i slutten av semesteret.

Ny/utsett eksamen blir gjennomført i samsvar med gjeldande studieforskrift ved NTNU.

Spesielle vilkår

Vurderingsmelding krever godkjent undervisningsmelding samme semester. Obligatorisk aktivitet fra tidligere semester kan godkjennes av instituttet.

Krever opptak til studieprogram:
Grunnskolelærerutdanning 5-10 (LTGLU5-10)
Grunnskolelærerutdanning 5-10 trinn med norsk (LTGLU5-10N)

Forkunnskapskrav

Studierettskrav:
Emnet er forbeholdt studenter med studierett ved grunnskolelærerutdanningen

Kursmateriell

Pensumlistene er rettleiande. Endeleg pensumliste blir lagd ut på Blackboard før studiestart.
Andersen, P.T. (2011). Hva skal vi med skjønnlitteraturen i skolen? Norsklæreren, 35(2), 15-22. (8 s.) Tilgjengeleg her: http://www.norskundervisning.no/images/stories/norsklaereren/andersen.pdf
Andersen, P.T. (2012). Norsk litteraturhistorie (2. utg.). Oslo: Universitetsforlaget. ”Norrøn litteratur” s. 11-38, 59-63. ”1800-tallet. Andre del” s. 199-219, 226-258 og 269-279.
Aristoteles (2004). Om diktekunsten. Oslo: Cappelen akademisk forlag. s. 30-57 (28 s.) Tilgjengeleg som e-bok: http://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2010091403047
Askeland, N., & Falck-Ytter, C. (2009). Nynorsk på nytt: ei idébok for studentar og lærarar. Bergen: Fagbokforlaget. s. 11-138 (127 s.)
Brumo, J., & Furuseth, S. (2005). Norsk litterær modernisme. Bergen: Fagbokforlaget. kap. 1, Hva er modernisme?, s. 13–32 (19 s.)
Fjørtoft, H. (2014) Norskdidaktikk. Bergen: Fagbokforlaget. Kapittel 8, Flerspråklighet i norskfaget. s. 209-236. (27 s.)
Hennig, Å. (2010). Litterær forståelse. Oslo: Gyldendal akademiske. 250 s.
Iversen, H. M., Otnes, H., & Solem, M. S. (2011). Grammatikken i bruk (3. utg.). Oslo: Cappelen akademisk forlag. s. 27–58, 141–230, 245–305 (oppslagsdelen) (184 s.)
Jahr, E. H. (1994). Utsyn over norsk språkhistorie etter 1814 (2. utg.). Oslo: Novus. (90 s.) Tilgjengeleg som e-bok: http://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2009042800058
Larsen, A.S. (2009). Analyse og tolking av fortellinger – moderne fortelleteori. I Smidt, J. (red.), Norskdidaktikk (s. 287-303). Oslo: Universitetsforlaget. 16 s.
Leitre, A., Lundeby, E., & Torvik, I. (1991). Språket vårt før og nå: språkhistorie, norrønt, dialekter (3. utg.). Oslo: Gyldendal. (s. 168-190; utdelt materiale). 22 s. Tilgjengeleg som e-bok: http://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2009080700021
Mossige, M (red). (2009). Mangfold i språk og tekst. Leseopplæring i et flerspråklig perspektiv. Senter for lesopplæring og leseforskning, Universitetet i Stavanger. 50 s. Tilgjengeleg her: http://lesesenteret.uis.no/boeker-hefter-og-materiell/boeker-og-hefter/mangfald-i-spraak-og-tekst-article80069-12686.html

Mæhlum, B., Røyneland, U., Akselberg, G., & Sandøy, H. (2008). Språkmøte: innføring i sosiolingvistikk (2. utg.). Oslo: Cappelen akademisk forlag. s. 11-63, 89-126, 167–193 (116 s.)
Skaftun, A., Solheim, O.J., & Uppstad, P.H. (red.). (2014). Leseboka: leseopplæring i alle fag på ungdomstrinnet. Oslo: Cappelen Damm Akademisk. Forord + Innledning + Kap. 1, 2, 3, 4 og 10. 103 s.
Slettan, S. (red.). (2014). Ungdomslitteratur: ei innføring. Oslo: Cappelen Damm. Kap. 1, 2, 3, 4, 6, 7, 13, 14, 15. s. 9-57, 85-11, 191-240. (135 s.).
Artiklar/kapittel kan komme i tillegg.
Skjønnlitteratur
SAGA:
Kjalnesinga saga (Blackboard)
Thórarinsdóttir, B., Laxness, M.E. (ill.), Jónsson, J.S. (oms.). (2005) Njåls saga Oslo: Damm
Trymskvida etter utgave av Jón Helgason i Haugen, O.E. (2001) Norrøne tekster i utval.
Voluspå i Steinsland, G. (1999) Voluspå. Oslo: Pax Tilgjengeleg som e-bok: http://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2009050704006
NOVELLER:
Dahl, Roald (1953). Dypfryst. I Et hode kortere og andre hårreisende historier. Gyldendal Norsk Forlag
Kielland, Alexander (1880) En god Samvittighet. I Nye Novelletter. Gyldendalske Boghandels Forlag (F. Hegel & Søn)
Sandel, Cora (1927): Lort-Katrine. I En blå sofa og andre noveller. Oslo, Gyldendal.
Skram, Amalie (1882): Madam Høiers Leiefolk. Fortelling. I Nyt Tidsskrift.
Stien, Laila (1979): Skolegutt. I Nyveien.
ROMANAR/BØKER:
Egeland, T. (2014). Skatten fra Miklagard Oslo: Aschehoug (269 s.)
Mjønes, J. (2010). Orkanger. Oslo: Aschehoug (160 s.)
Nilsson, P. (1992/2007). Hjärtans fröjd. Stockholm: Rabén & Sjögren. (148 s.)
Røssland, I. (2001). Kunsten å innhalera. Oslo: Samlaget. Også som: Røssland, I. (2009). Kunsten å innhalera ; og Flyt. Oslo: Samlaget. (131 s.)
Frank, A. og Engen B. (oms.) (2012) Anne Franks dagbok. Oslo: Aschehoug (362 s.)
Nordin, S. (2014). En sekund i taget. Stockholm: Rabén og Sjögren (193 s.)
Sárá, Máret Ánne (2014). Mellom verdener. Kautokeino: DAT forlag. (Oms. frå samisk) (199 s.)

Eksamensinfo

Vurderingsordning: Muntlig eksamen

Termin Statuskode Vurderingsform Vekting Hjelpemidler Dato Tid Rom *
Høst ORD Muntlig eksamen 100/100
Vår UTS Muntlig eksamen 100/100
  • * Skriftlig eksamen plasseres på rom 3 dager før eksamensdato.
Hvis mer enn ett rom er oppgitt, finner du ditt rom på Studentweb.