Kulturminneforvaltning

Kulturminneforvaltning

Kulturminneforvaltning - bachelorstudium

Foto: Aud Mikkelsen Tretvik

studyprogramme-autofacts-portlet

  • BachelorFulltid, 3 år
  • Studiested Trondheim
  • Opptakskrav Se opptak
  • Studieplasser 20
  • SpråkNorsk
  • Søknadsfrist 15. april
BKULMI, Fri Mar 29 00:55:04 CET 2024 | B3

Kulturminneforvaltning er eit tverrfaglig studium der du lærer om forvaltning og formidling av fortida. Dette inkluderer både materielle og immaterielle kulturminne. Kulturminna blir studert i kontekst til menneske, samfunn og miljø.
På dette studiet har du ein variert studiekvardag som inkluderer ekskursjonar, studiebesøk og praktisk feltarbeid med realistiske prosjektoppgåver. Også fire veker hospitering ved relevant arbeidsplass inngår.
Utdanninga gjer deg kvalifisert til å jobbe i museum, offentlig forvaltning (kommune, fylke og stat), organisasjonar og bedrifter relatert til kulturminne.
NTNU er den einaste lærestaden i landet som tilbyr ei slik tverrfaglig utdanning retta mot forvaltning og formidling av kulturminne. 

Kulturminne er både reint fysiske spor frå nær og fjern fortid og det meir immaterielle som kunnskapar og ferdigheiter, skikkar og tradisjonar. Studiet har fokus på både dei materielle og dei immaterielle sidene av kulturarven: på bygningar og handverksferdigheiter, på minnestader og tradisjonar og på kulturlandskap og bruksmåtar.

Studiet i kulturminneforvaltning gir deg skolering til å kunne arbeide i dette tverrfaglige feltet. Kulturhistorie, kulturminnerett, arkitektur- og stilhistorie, bygningsvern, arkeologi, kulturgeografi, lokalhistorie, allmenn historie og ein hospiteringsperiode er hovudkomponentane i studieprogrammet. Nokre av desse emna er spesifikke for programmet, mens andre er henta frå andre studieprogram.

Gjennom studiet lærer du korleis du studerer, tar vare på, fortolkar og presenterer fortida. Du lærer eksempelvis kva for lovverk som gjeld på feltet, korleis dokumentere og vurdere tilstanden til bygningar og korleis bygningar og andre kulturminne kan formidlast til publikum.

Du lærer også om korleis kulturminna kan vere ein ressurs for oss i dag, korleis dei kan brukast til verdiskaping og korleis dei kan brukast som grunnlag for å diskutere dagsaktuelle tema. Til dømes kan krigsminne vere utgangspunkt for å diskutere spørsmål om ytringsfridom og menneskerettar.

Les mer om hva du lærer

Bachelorprogrammet i kulturminneforvaltning er profesjonsretta og har tette band til praksisfeltet. Du finn tidligare studentar i jobb både ved museum, i offentlig forvaltning, i kulturvernorganisasjonar og i bedrifter som driv med antikvarisk handverk.

Etter bachelorgrad kan du gå vidare til masterstudium. Du kan søkje deg til masterprogrammet i kulturminneforvaltning eller tilgrensande fagområde som masterprogrammet i historie eller masterprogrammet i arkiv- og dokumentasjonsforvaltning. Du kan også vere faglig kvalifisert til andre masterprogram.

Les mer om jobbmulighetene

Læringsaktivitetane på programmet inneber at studentane får møtast mykje utanfor dei vanlige undervisningslokala. Ekskursjonar og studiebesøk til aktuelle museum og institusjonar gir variasjon i studiekvardagen. Du får gjennom studieløpet mellom anna muligheit til å besøke Bygningsvernsenteret ved Rørosmuseet, Falstadsenteret, Stiklestad Nasjonale Kultursenter, Sverresborg, Trøndelag Folkemuseum, og lokale bygningsmuseum i samband med kurs i bygningsvern.

Det blir lagt stor vekt på å byggje opp kullidentitet og tilhøyrsle til bachelorprogrammet blant studentane. Studiet har ei eiga linjeforeining, Kultura, som arrangerer både faglige og sosiale samkomer og studieturar. Linjeforeininga medverkar også ved faglige arrangement i regi av studieprogrammet.

Les mer om studiemiljøet

Bachelorprogrammet er treårig og består av 180 studiepoeng (sp). Foruten emner fra geografi, historie og arkeologi, består programmet av seks "unike" emner innenfor kulturminneforvaltning: Introduksjon til kulturvern, bygningsvern, lokalhistorie, kulturminnerett og inføring i museologi. I tillegg kommer fellesemner

Les mer om studiets oppbygning

Søknadsfrist 15. april Opptakskravet er generell studiekompetanse. Har du utenlandsk opptaksgrunnlag må du søke innen 1. mars.

Antall studieplasser
Høst 2023: 20

Les mer om opptak og opptakskrav

Dersom du har spørsmål knyttet til fagområdene arkeologi, historie, antikkens kultur, kulturminneforvaltning, klassiske fag eller europastudier kan du ta kontakt med våre studieveiledere enten per mail til: studieveiledning-ihs@hf.ntnu.no
eller direkte til studieveilederen for respektive fagområde.

 

Du kan også booke en veiledningstime.

Kontakt og veiledning