Dansevitskap
- studieretning dansevitskap
Dans kan analyserast som rørsle og estetisk uttrykk, som tradisjon og musikktolking.
På studieretning dansevitskap lærer du å lese og skrive dans, å instruere, formidle og dokumentere dans. Kjernen i studiet er eit inngåande oversyn over den norske tradisjonsdansen og han blir sett inn i dei historiske, sosiale og kulturelle samanhengane han var og er del av. Det er eit hovudpoeng å arbeida med folkeleg stil og danseteknikk ut frå filmdokumentasjon.
Målet med studiet er å lære å analysere og tolke danseframføringar og danseformer, og arbeide med ulike typar dans i etnokoreologisk ramme med til dømes historisk, estetisk og pedagogisk tilnærming. Dette oversynet blir så utvida til å omfatta hovudgenrar innafor vestleg scenedans og med døme frå verdsdans. Du får kunnskap om dans i fortid og notid, både som form og som samfunnsfenomen.
Arbeid med reiskapsfag som danseanalyse, notasjon, feltarbeid og pedagogisk tilnærming står sentralt. Ei innføring i hovudmoment frå faghistorie, teoridanning og tolkingstradisjonar høyrer med.
For å vere kvalifisert søkjer må du kunne dokumentere at du er ein habil danseutøvar.
Leiter du etter informasjon om enkeltemne i dans?
For informasjon om enkeltemnestudium innen dans gå til følgjande side