Årsstudium allmenn litteraturvitskap

Allmenn litteraturvitskap

Studentbilde gata Dragvoll

Allmenn litteraturvitskap gir ei innføring i den vestlege litterære tradisjonen frå oldtida og fram til våre dagar.

Sentralt står utviklinga av dei store genrane: Epikk, dramatikk og lyrikk. Dei blir studerte i eit samanliknande perspektiv over tidsepokar og over språk- og landegrenser. Dette litteraturhistoriske perspektivet blir supplert med ei innføring i dei viktigaste teoriane og metodane i litteraturfaget, slik dei har utvikla seg frå antikken og fram til vår eiga tid.

Litterære hovudverk

Vi tar for oss eit utval av hovudverk innafor dei ulike periodane og dei viktigaste sjangrane. Desse verka vert sette i samanheng med litteraturhistoriske tekstar, og med dei allmenne estetiske og kulturelle tendensane i perioden dei høyrer heime i.

Dialog

Allmenn litteraturvitskap er eit komparativt fag: Ingen litterære verk står aleine, men inngår alltid i ein dialog med andre verk. Difor må dei verte forståtte i høve til desse. Du studerar og dei litterære tekstane i høve til andre kunstartar som biletkunst, film og musikk. Studiet gir ei omfattande og fagleg fundert kulturkompetanse som er relevant for andre fagområde innafor humanistiske og estetiske fag.

Originalspråk

Det er ingen bestemte forkunnskapskrav til basisdelen av studiet. Men det er ein fordel å ha god lesetrening i fremmendspråk, først og fremst engelsk. Studentane skal lese alle skandinaviske og engelskspråklege pensumverk etter ca. 1500 på originalspråket.

Fakta om årsstudium allmenn litteraturvitskap:

Studienivå: Årsstudium
Varigheit: 1 år
Avgrensa tilgang: Ja
Søknadsfrist: 15. april (1. mars for nokre søkjargrupper)
Søkerkode (SO): 194 615

Institutt:
Institutt for nordistikk og litteraturvitenskap
Tlf.: 73 59 64 25
Epost: studieveiledning-inl@hf.ntnu.no

Fakultet:
Det humanistiske fakultet

Gyldigheit: Informasjonen om årsstudium allmenn litteraturvitskap er gyldig for studieåret 2013/2014.

Illustrasjon - bokstabel

Vegen vidare etter årsstudiet

Du kan søke opptak til bachelorstudiet i allmenn litteratur.

Årsstudiet kan også nyttast som støttefag (og del av valfrie emne) i ein humanistisk bachelorgrad.