NTNU i Ålesund

Informasjon om lokalt opptak i Ålesund

Du søkjer lokalt opptak til Y-veg, tresemesterordning (TRES), forkurs, enkeltemne, vidareutdanningar og masterprogram ved NTNU i Ålesund. For spørsmål om opptak, ta kontakt: studier@alesund.ntnu.no

Lokalt opptak opnar 1. februar for søknadar til studium som startar komande studieår. Søknadsfristen er 1. mars eller 15. april for dei fleste studieprogram, sjå nettsida for studieprogrammet og Søknadsweb for detaljert informasjon.


Søk her


SøknadsWeb

Følg med på e-post og Søknadsweb

Resultatet av søknaden din vert sendt per e-post og publisert på Søknadsweb. Du er sjølv ansvarleg for å leggje inn korrekt e-post.


Prioritering av søknadsalternativ

Rekkjefølga på studieønska er viktig fordi ved tilbod fell lågare prioriterte studieønske vekk. Det vil seie at dersom du får tilbod om førsteprioriteten din, fell dei andre studieønska vekk. Søknadar i ulike kategoriar (t.d. master og vidareutdanning) vert vurdert uavhengig av kvarandre, men du kan berre takke ja til og starte på eitt studieprogram.


Dokumentasjon

Dokumentasjon må bli lasta opp som PDF-fil innan søknadsfristen.

Du må laste opp dokumentasjon av utdanning og eventuelle arbeidattestar for å få vurdert søknaden din. Søkjarar til studieprogram som også krev arbeidserfaring må oppfylle praksiskravet til søknadsfristen. Arbeidsattestar må vere datert og signert av arbeidsgivar og innehalde stillingsprosent, stillingstittel, startdato og eventuell sluttdato.

Skal du fullføre høgare utdanning i vår som er opptaksgrunnlag for vidare utdanning ved NTNU i Ålesund? Du må laste opp stempla og signert karakterutskrift/vitnemål på fullført utdanning innan fristen for studiet du søkjer opptak til.

Søkjarar som sender inn falsk dokumentasjon vert meldt til politiet, jf. Straffelova § 182.