Språkpolitiske retningsliner

Vedteke av NTNUs styre 26. mars 2009

ALLMENNE PRINSIPP

  • NTNUs skal ha ein språkpolitikk som skal vere med på å gjere NTNU framifrå, nasjonalt og internasjonalt.


  • Universitetet har eit særleg ansvar for å medverke til å utvikle norsk språk og norsk fagterminologi. Norsk omfattar både bokmål og nynorsk.


  • Ved NTNU er engelsk det primære framandspråket. Framandspråk er ikkje-skandinaviske språk. Dansk og svensk vert rekna som skandinaviske språk.


  • NTNU har som mål å styrkje den skandinaviske språkfellesskapen, og vil difor fremje bruk av framståande faglitteratur på skandinaviske språk både i undervisning og forsking når den er fagleg relevant.


  • NTNU skal fremje bruk av parallellspråk. Det inneber eit språkleg mangfald der norsk vert nytta ved sida av eitt eller fleire framandspråk.


  • Fagmiljøa skal arbeide for å fremje god språkmeistring både blant studentar og tilsette. Dei skal leggje stor vekt på at studentar og tilsette skal meistre både norsk og engelsk.

UTDANNING

GENERELT

  • Norsk er hovudspråket i undervisninga ved NTNU.


  • Dei skandinaviske språka svensk og dansk er sidestilte med norsk som undervisningsspråk.


  • Faglitteratur og læremiddel kan vere både på skandinaviske språk, engelsk og/eller på andre framandspråk, så framt som studentane tileignar seg kunnskap på eit høgt internasjonalt fagleg nivå. Når det finst eigna faglitteratur på høgt nok fagleg nivå på norsk, svensk eller dansk, bør fagmiljøa informere studentane om denne litteraturen.


  • Når språkleg kompetanse er eit sentralt læringsmål i emnet eller studieprogrammet, skal det gå fram av emneinformasjonen og studieplanane.


  • Emneinformasjonen og studieplanane skal alltid informere om kva for undervisningsspråk som vert nytta primært.

STUDIEPROGRAM FOR NORSKSPRÅKLEGE STUDENTAR

  • Undervisninga på lågare grad og på lågare grads nivå i profesjonsstudia skal i all hovudsak vere på norsk. Studentar både på lågare og høgare nivå skal kjenne den sentrale terminologien for fagfeltet sitt både på norsk og engelsk, eller på andre framandspråk når det er relevant.


  • Undervisninga kan vere på engelsk utan nærare godkjenning. Det kan òg undervisast på andre framandspråk når det er fagleg relevant eller naudsynt.


  • Undervisninga på høgare grad kan ha engelsk som hovudspråk. Same kva undervisningsspråk som vert nytta, skal studentane kjenne til og kunne nytte norsk fagterminologi.


  • Studentar på høgare nivå skal vere i stand til å arbeide med faget sitt både på norsk og engelsk, eller på andre relevante framandspråk.

INTERNASJONALE STUDIEPROGRAM OG STUDIEPROGRAM MED FRAMANDSPRÅKLEG UNDERVISNING

  • På internasjonale studieprogram vert det undervist på engelsk. Det kan likevel undervisast på norsk dersom det ikkje deltek framandspråklege studentar.


  • Når undervisninga vert gjeven på engelsk eller eit anna framandspråk fordi studentane skal utvikle evna si til å forstå og utøve faget sitt i en internasjonal samanheng, må undervisninga likevel vere på engelsk eller det aktuelle framandspråket, sjølv om det ikkje deltek framandspråklege studentar.

SPRÅKVAL I OPPGÅVETEKSTER OG VED SKRIFTLEGE VURDERINGAR

  • Kva språk som skal nyttast ved skriftlege vurderingar (eksamensoppgåver), er regulert i NTNUs studieforskrift, sjå § 34 pkt 2-4.


  • Når all undervisning vert gjeven på eit ikkje-skandinavisk språk, kan fakultetet fastsetje at både oppgåvetekst og svar som vert levert til vurdering, skal vere berre på det språket. I så fall skal det stå i emneinformasjonen.


  • Vurderingssvar og masteroppgåver kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk dersom det ikkje er fastsett noka anna ordning i emneinformasjonen eller studieplanen.


  • Når eit anna framandspråk enn engelsk er del av eigenarten til emnet, i læringsmålet eller pensum for emnet, fastset eininga sjølv kva språk kandidatane kan nytte i sine vurderingssvar.


  • Masteroppgåva skal skrivast på det språket som er mest relevant for innhaldet i oppgåva og dei praktiske tilhøva for kvar enkelt masterstudent. Masteroppgåver som vert skrivne på norsk, skal ha eit samandrag på engelsk eller eit anna relevant framandspråk. Masteroppgåver som vert skrivne på eit ikkje-skandinavisk språk, skal ha eit kort samandrag på norsk.

FORSKING

  • Fagmiljøa skal arbeide for å fremje betre meistring av språk og utvikle relevant fagterminologi – på norsk og engelsk, eventuelt på andre framandspråk.


  • Val av publiseringsspråk vert styrt av kven forskinga retter seg til og kva temaet for forskinga er. I ein del faglege samanhengar er norsk difor det mest relevante fagspråket for vitskapleg fagutvikling og publisering. I andre samanhengar er engelsk, eller andre framand¬språk, best eigna.


  • Ut frå NTNUs visjon skal forskingsresultat gjerast allment kjende både internasjonalt og i det norske samfunnet. Tilsvarande skal internasjonale forskingsresultat i størst mogleg grad gjerast kjende i det norske samfunnet. Dei einskilde fagmiljøa ved NTNU må difor ha både norskspråkleg og relevant framandspråkleg kompetanse.


  • Doktoravhandlingar som vert skrivne på engelsk eller eit anna framandspråk, bør ha eit norsk samandrag. Doktoravhandlingar som vert skrivne på norsk, skal ha eit engelsk samandrag, eventuelt òg eit samandrag på eit anna framandspråk.

FORMIDLING

  • Norsk er det primære formidlingsspråket ved NTNU.


  • Ved formidling retta til internasjonale målgrupper er engelsk det primære språket.

ADMINISTRASJON, INFORMASJON OG SAMFUNNSKONTAKT

  • Administrasjonen har norsk som sitt primære arbeidsspråk.


  • Når NTNU vender seg til tilsette eller studentar med framandspråkleg bakgrunn, skal det primært gjerast på engelsk.


  • Administrativt tilsette ved NTNU bør meistre norsk og engelsk.


  • NTNU skal formidle sentral informasjon til både interne og eksterne mottakarar på både norsk og engelsk.


  • NTNU har som mål å gjere all informasjon og saksutgreiing enkel, lett forståeleg og eintydig.

SPRÅKOPPLÆRING

  • Systematisk språkopplæring for både studentar og tilsette skal vere ein integrert del av verksemda ved NTNU.


  • Studentane skal stimulerast til å utvikle den akademiske framstillingsevna si slik at dei kan vere med i det faglege arbeidet så vel nasjonalt som internasjonalt.


  • Universitetstilsette som skal undervise på engelsk i internasjonale studieprogram, skal ha tilbod om relevant språkopplæring og andre språklege tenester slik at dei kan gje god undervisning.


  • I NTNUs tilsettingsavtale for framandspråklege vitskapleg tilsette er det sett følgjande krav om å meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk: ”Det forutsettes at den tilsatte innen en periode på tre år kan vise kunnskaper i norsk, eller et annet skandinavisk språk, på linje med trinn tre i kurset for fremmendspråklige holdt ved Institutt for språk- og kommunikasjonsstudier.” Framandspråklege tilsette skal difor sikrast opplæring i norsk språk, kultur og samfunnsforhold. NTNU skal så langt det er praktisk mogleg, gje framandspråklege studentar tilbod om relevante språkkurs i norsk språk og kultur.