Faggruppa Engelsk
Engelsk er ei av tre faggrupper ved instituttet, og er sett saman av tre disiplinar: språk og språkvitskap, litteratur og kulturkunnskap. Faggruppa har 9 fast tilsette, samt eit mindre tal midlertidig tilsette og PhD-kandidatar. Vi har studentar på alle nivå frå bachelor til PhD, og emna vi tilbyr er blant dei med flest studentar ved Det humanistiske fakultet.
Vi er ei aktiv og produktiv faggruppe når det gjeld forsking, med høg produksjon av fagbøker og -artiklar. Ein større del av desse bøkene og artiklane finst i tidsskrift og hos forlag som vert rangerte på nivå 2 av Universitets- og høgskolerådet. I Choice vart ein monografi utgitt av ein av våre vitskapeleg tilsette valt til ein av ti framragande akademiske bøker publiserte i 2000.
Tilsette i faggruppa Engelsk gjev undervisning på emne i dei tverrfaglege studieprogramma i Europastudium med framandspråk, og vi samarbeider om felles masteremne i litteraturteori og lingvistisk teori med tilsette i andre faggrupper på instituttet og ved andre institutt på fakultetet. Vi er aktivt involverte i ei rekkje forskingsprosjekt, som for eksempel
- "Space in Modernist and Postcolonial Literature", finansiert av The South African Research Council og med deltakarar frå Trondheim, Oslo og fleire sørafrikanske universitet.
- "Narrative Theory and Analysis", finansiert av Senter for grunnforskning, Oslo. Dette er eitt av tre prosjekt som fekk stønad i studieåret 2005-2006.
- "Motion Encoding in Language: A theoretical and experimental investigation of lexical semantic structures and constructions", eit treårig internasjonalt samarbeidsprosjekt finansiert av The Joint Nordic Research Council for the Humanities.
- "Balkan Morpho-syntactic similarities: a bridge for levelling differences among peoples", eit toårig internasjonalt prosjekt med deltakarar frå fleire faggrupper ved instituttet. Prosjektet vert finansiert av Forskningsrådet.
Tilsette i litteratur har forskingsfelt som inkluderer irsk litteratur og kultur, Emily Dickinsons lyrikk, Joseph Conrads romanar og noveller, Laurence Sternes forfattarskap og irske dramatikarar i London på 1700-talet.
Tilsette i språk driv forsking som dekkjer felt som språk og kognisjon, språktileigning, generativ syntaks, grensesnittet mellom semantikk og syntaks, leksikalsk semantikk, språktypologi, diakron lingvistikk, korpora og annotasjon, minoritetar og trua språk, pragmatikk, omsetjing og sosiolingvistikk.
Eining for engelsk
Universitetslektor Anja Angelsen
Førsteamanuensis Yuri Cowan
Professor Annjo Klungervik Greenall
Universitetslektor Helene Hauge
Førsteamanuensis Terje Lohndal
Førsteamanuensis Rhonna Robbins-Sponaas
Universitetslektor Ane Vikaune
Førsteamanuensis Daniel Weston
Førsteamanuensis Christopher Wilder
Stipendiatar