Forskning ved Institutt for sosialantropologi

Forskning ved Institutt for sosialantropologi

Mann som går berrføtt på Svalbard. Arthur Mason, Svalbard/NTNU

Ved Institutt for sosialantropologi forskar vi på dei spesifikke historiske, sosiale og kulturelle dimensjonane i tema som teknologi og framtid, global ulikskap, organisasjon og berekraft, og migrasjon og mobilitet. Vi gjer komparative etnografiske studiar i heile verda med hovudvekt på Afrika, Europa og Latin-Amerika. Slik er ein «global komparativ antropologi» treffande for instituttet sitt bidrag til forståing av samtida og utfordringane i samtida, der vi støttar opp om NTNUs innsats for å nå FNs berekraftsmål.

Forskinga ved instituttet er organisert i forskingsgrupper som samarbeider med andre fagmiljø og samfunnsaktørar lokalt, nasjonalt og internasjonalt.

Instituttet jobbar for eit forskingsmiljø der forskarane har fridom til å forfølge sine faglege talent og interesser, i eit miljø for kritisk, fagleg utveksling og samarbeid. Instituttet vil auke innsatsen for eksternfinansiering og prosjektutvikling.

Instituttet har fokus på kvalitet i publisering og formidling, i ei breidde av formidlingskanalar, frå internasjonalt anerkjende tidsskrift til lokale aviser. Vi styrker og tydeleggjer relasjonen mellom undervisning, forsking og samfunnsliv. Dette gjeld og forskarutdanninga gjennom å integrere ph.d.-ar og post. doc.-ar i sterke og aktive forskingsgrupper.

Forskningsprosjekt, - grupper og -nettverk

Forskargrupper

Forskingsprosjekt

Nettverk

Publikasjoner og foreninger

Publikasjonar

Oversikt over publikasjonar ved instituttet:


Foreiningar


Doktorgradsutdanning