Om oss

Om oss

RKBU Midt-Norge har lokaler på Øya i Trondheim, Klostergata 46.
RKBU Midt-Noreg har lokale på Øya i Trondheim. Me held til i dei to bygningane midt i biletet, Klostergata 46, 3-4 etasje.

om rkbu_txt

Regionalt kunnskapssenter for barn og unge - psykisk helse og barnevern er eit forskings- og utviklingssenter med fokus på utfordringar knytt til den psykiske helsa til barn og unge. Gjennom tverrfagleg og praksisrelevant forsking bidreg me til auka kvalitet i omsorg og tenester for barn og unge.

Me arbeider for å utvikla og formidla kunnskap i våre fagområde og styrkja berekraftig kompetanse og kvalitet i tenestene for barn, unge og deira omsorgspersonar. Kjerneoppgåvene ved senteret er tenestestøtte, formidling, undervisning og forsking.

Hovudmålgruppa vår er tenesteutøvarar, leiarar og avgjerdstakarar i kommunale og spesialiserte helse-, velferds- og omsorgstenester. I målgruppa er også aktørar i fritidsarenaer og frivillige organisasjonar. Me ønskjer å styrkja desse målgruppene gjennom formidling og tenestestøtte. Tilsette i tenestene er studentane våre og deltakarar i forskingsarbeid.

RKBU Midt-Noreg grunnfinansierast av Helsedirektoratet og Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir). Rammer og retningslinjer for RKBUs oppgåver og virksomheit er gitt i årleg tilskotsbrev frå direktoratet. Tilskotsbrev RKBU Midt-Noreg 2023.pdf

Regionalt kunnskapssenter for barn og unge - psykisk helse og barnevern (RKBU) er del av Institutt for psykisk helse ved Fakultet for medisin og helsevitskap, NTNU. RKBU Midt-Noreg har lokale på Campus Øya i Trondheim.  Ved senteret er me 65 tilsette.

Samarbeid

Samarbeid

Dei fire regionsentra bidreg til kunnskap om barn og unges psykiske helse og omsorg gjennom forsking og utvikling.

Noreg har fire regionale sentra

Forskinga byggjer på eigen kompetanse, men større oppgåver blir gjennomførte i samarbeid mellom regionssentera. I forskingsverksemda inngår rekruttering og rettleiing av doktorgradsstipendiatar. Sentera rår over høg kompetanse i psykiatri, psykologi, sosialt arbeid, pedagogikk og andre helse- og samfunnsvitskaplege fag.

Forskingsverksemda skjer i samarbeid med praksisfeltet, både ved at forskinga tilfører praksisfeltet oppdatert kunnskap, og ved at praksisfeltet klargjer kliniske, metodiske eller organisatoriske problemstillingar til forskinga.

Kompetansesenterforum i Midt-Noreg er ein arena for samhandling mellom kompetansesenter i regionen med kunnskap innanfor felta psykisk helse, rus, vold og traumer, barnevern og utviklingshemming. Vi utveksler kunnskap og erfaringar, slik at vi på ein god måte kan samordne kunnskapsformidling til felles målgrupper.

  1. Kompetansesenter rus – Midt-Norge (KoRus), er ei avdeling ved Klinikk for rus- og avhengighetsmedisin ved St. Olavs hospital.
  2. Nasjonalt kompetansemiljø om utviklingshemming (NAKU), er ei eining ved Institutt for psykisk helse, NTNU.
  3. Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid (NAPHA), er ei eining ved NTNU Samfunnsforskning AS.
  4. Regionalt kunnskapssenter for barn og unge – Psykisk helse og barnevern (RKBU) i Midt-Norge, er ei fageining ved Institutt for psykisk helse, NTNU.
  5. Ressurssenter om vold, traumatisk stress og selvmordsforebygging​​​​​​ (RVTS Midt) er knytt til avdeling for Psykisk helsevern, St. Olavs hospital.

Kontakt

Kontakt

Marit By Rise  Marit By Rise, Senterleiar RKBU

   kontakt@rkbu.ntnu.no

  Tilsette

   Om oss

Adresse

RKBU Midt-Noreg, NTNU Institutt for psykisk helse, 7491 Trondheim

Besøksadresse

Klostergata 46, 3. etasje

RKBU Midt-Norge, Inngang. Klostergata 46 Trondheim

Førespurnader og spørsmål

  Førespurnad om studiar

  Søk faglege råd og støtte

Faglig støtte for deg som jobber med barn og unges psykiske helse

Søk kunnskap og ressurser om barn og unge - Kunnskapombarn.no
Kunnskapombarn.no - Fagleg støtte for deg som jobbar med den psykiske helsa til barn og unge

Kunnskapombarn.no er nettstaden for dei fire regionale kunnskapsentera for den psykiske helsa til barn og unge og barnevern. Her kan du lesa nyheiter om forsking, tiltak, verktøy og erfaringar frå praksis.


Sosiale medier RKBU

dato_om RKBU

27 jan 2024 Irene Aspli