Program for lærerutdanning

Forskning

 PLU sitt samfunnsansvar er primært knytt til lærarutdanning og skoleutvikling. FoU-arbeidet ved PLU skal støtte opp under dette, ut frå kravet om at utdanningstilboda som blir gitt skal vera forskingsbaserte.

Ambisjonane for PLU er å utvikle høg kompetanse på skolerelatert utdanningsforskning og anvendt, praksisretta forskning. I planlegginga av nye prosjekt skal det leggjast auka vekt på inter­nasjonalisering, og det er eit mål å knytte FoU-arbeidet både til nasjonale strategiar og til NTNU sine overordna strategiar.

PLU sin forskingsstrategi skal ha ein klår samanheng med både nasjonale strategiske satsingar, og med NTNU sin hovudprofil. For perioden 2010- 2013 vil PLU legge særskilt vekt på utvikling av prosjekt som tematisk kan knytast til områda "Utvikling av skolen som arena for danning, demokrati og medborgarskap, og "Styrking av realfag- og teknologiundervisninga i norsk skole".

NTNU har som ein lærande organisasjon behov for forsking på eiga verksemd. PLU har eit særskildt ansvar for at det vert utført forsking av høg kvalitet inannfor områda universitetspedagogikk og lærarutdanningsforsking. Dette arbeidet vert ivaretatt av Unipedseksjonen.


Illustrasjonsbilde/FOTO

 

 

 

 

 

Nestleder med ansvar for FoU:
Ove Haugaløkken

E-post: ove.haugalokken@plu.ntnu.no

Telefon: +47 735 91982