Kunnskap for ei betre verd

– NTNU - internasjonalt framifrå

Strategi 2011–2020 for Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet - NTNU. Vedteken av styret for NTNU 30. mars 2011

Visjon: Kunnskap for ei betre verd

NTNU skal leggje premissar for kunnskapsutviklinga og skape verdiar – økonomisk, kulturelt og sosialt. Vi skal utnytte den teknisk-naturvitskaplege hovudprofilen vår, den faglege breidda og den tverrfaglege kompetansen til å møte dei store, samansette utfordringane Noreg og verdssamfunnet står overfor.

NTNUs eigenart som universitet er ein styrke. Målet vårt er å vere internasjonalt framifrå. Forsking og utdanning ved NTNU skal vere høgt verdsett i internasjonale fagevalueringar. På utvalde område skal vi ha fagmiljø som hevdar seg i internasjonal toppklasse. NTNU skal vere ein ettertrakta samarbeidspartnar for leiande kunnskapsmiljø og bedrifter nasjonalt og internasjonalt. Vi skal ha eit attraktivt utdanningstilbod som gjer studentane si utvikling som menneske rikare og som stør opp under danninga av demokratiske og ansvarlege samfunnsborgarar. Kandidatane våre skal vere etterspurde på arbeidsmarknaden fordi dei har relevant utdanning med høg kvalitet.

NTNU skal ha ein moderne forskingsinfrastruktur og eit lærings- og arbeidsmiljø som tiltrekkjer seg dei dyktigaste studentane og medarbeidarane. Trondheim skal vere kjend som den beste studiebyen i landet.

Verdiar


Kreativ

Vi skal våge å gi oss i kast med dei mest utfordrande spørsmåla i vitskapen og søkje innovative løysingar. Vi skal utdanne menneske som er i stand til å møte nasjonale og globale utfordringar i framtida. Vi skal verdsetje og stimulere nyskapande undervisning, forsking og kunstnarisk verksemd.

Konstruktiv

Vi skal vere i open og konstruktiv dialog internt og med omverda. Vi skal ta samfunnsansvar og påverke samfunnsutviklinga gjennom aktuell og relevant utdanning, forsking, kunstnarisk verksemd og formidling.

Kritisk

Vi skal byggje på grunnleggjande demokratiske verdiar og representere ei fordomsfri og uavhengig røyst. Vi skal utfordre konvensjonelle idear og løysingar, søkje ny kunnskap og utøve gjerninga vår i tråd med normene for god etikk.

Respektfull og omtenksam

Vi skal vise respekt for ulike fagtradisjonar og disiplinar. Vi skal fremje likeverd og krevje toleranse på tvers av livssyn, kultur og kjønn. Vi skal bidra til mangfald og likestilling i arbeidsliv og eiga verksemd. NTNU skal vere ein ettertrakta arbeidsplass for studentar og tilsette. Arbeids- og læringsmiljøet skal vere prega av respekt og omtanke. Saman skal vi leggje tilhøva til rette for personleg vekst og kompetanseutvikling.  

Samfunnsoppdrag

Samfunnsoppdraget rommar både dei forventningane nasjonen og verdssamfunnet har til NTNU og dei samfunnsoppgåvene universitetet sjølv ønskjer å løyse. Dette er styrande for verksemda vår.

Det generelle oppdraget vårt

Som universitet har NTNU eit særleg ansvar for langsiktig, grunnleggjande forsking og fagutvikling. Vi skal tilby forskingsbasert utdanning på alle nivå, med vekt på høgare grads studium og doktorgrad. Vi skal formidle kunnskap og forvalte kompetanse om natur, kultur, samfunn og teknologi. NTNU skal vere ein kulturberar og bidra til nyskaping i samfunn, næringsliv og offentleg verksemd.

Det spesielle oppdraget vårt

Den teknisk-naturvitskaplege hovudprofilen gir oss eit særskilt oppdrag om å utvikle det teknologiske grunnlaget for samfunnet i framtida. NTNU har eit tyngdepunkt i profesjonsutdanning på masternivå.

Vi skal også arbeide i skjeringspunkta mellom teknologi, naturvitskap, medisin, arkitektur, humaniora og samfunnsvitskap. NTNU har eit ansvar for å tilby universitetsutdanning innanfor kunst og drive kunstnarisk utviklingsarbeid.

Vi skal bruke den faglege breidda og tverrfaglege kompetansen vår til å løyse samansette problem og auke forståinga for samanhengane mellom teknologi, samfunn og miljø. Vi skal utnytte dei spesielle føresetnadene våre for å fremje innovasjon og utvikle kunnskapsgrunnlaget for berekraftig verdiskaping og eit konkurransedyktig næringsliv.

Det demokratiske og solidariske oppdraget vårt

Det er universitetet si oppgåve å ta del i ein kunnskapsbasert offentleg debatt om viktige samfunnsspørsmål. Vi skal bruke kunnskapen vår til beste for samfunnet og bidra til kompetansebygging i utviklingsland. Vi skal engasjere oss i å løyse globale utfordringar innanfor helse og velferd, energi og klima, miljø og ressursutnytting. Verksemda vår skal fremje menneskerettar og tverrkulturell dialog.  

Overordna mål og vegval

 

Internasjonalt framifrå

NTNU tar mål av seg til å bli eit framifrå universitet i internasjonal målestokk. Det krev at vi sjølv har fagmiljø i verdsklasse og at vi søkjer samarbeid med andre leiande kunnskapsmiljø i verda. På område som er sentrale for samfunnsoppdraget, vil NTNU ta ansvar for å byggje framifrå miljø. Vi må prioritere ressursane slik at vi kan gi dei beste lærarane, forskarane og faggruppene høve til utvikling, uavhengig av område.

Fagmiljøa våre må konsentrere verksemda si for å skape robuste grupper med kvalitet på internasjonalt nivå. Dei må skape nok rom for den langsiktige, grunnleggjande forskinga og utnytte dei høva som tverrfagleg samarbeid gir til å skape unike resultat innanfor eige fag. Fagmiljøa må vidareføre det nære samarbeidet med næringsliv og offentleg sektor om å utvikle den kompetansen samfunnet treng.

Motiverte tilsette og studentar er eit vilkår for at NTNU når måla sine. Alle har sjølvstendig ansvar for å bidra til eit fruktbart og godt arbeids- og læringsmiljø og til at NTNU løyser samfunnsoppdraget sitt.

Mål

  • Heile verksemda held kvalitet på høgt internasjonalt nivå, og fleire fagmiljø er i internasjonal toppklasse, målt gjennom internasjonale fagfellevurderingar
  • NTNU har førsteklasses laboratorium og infrastruktur for forsking og utdanning
  • Hovudprofilen og eigenarten vår er eit fortrinn i den akademiske konkurransen nasjonalt og internasjonalt og i samarbeidet med næringsliv og offentleg verksemd
  • Vi tiltrekkjer oss dei beste studentane og medarbeidarane og er internasjonalt kjende for det gode studentmiljøet vårt
  • Studentar og medarbeidarar kjenner at dei høyrer heime ved og er stolte av NTNU


Vegval

  • Vi skal prioritere langsiktig, grunnleggjande forsking og mogeleggjerande teknologiar og skape ein god infrastruktur for dette
  • Vi skal prioritere forskingsbasert utdanning for framtidas arbeidsliv og vere ei drivkraft i berekraftig nyskaping
  • Vi skal skape robuste fagmiljø med høg kvalitet og tydeleg profil gjennom prioritering og fagleg konsentrasjon
  • Vi skal skape handlingsrom og verkemiddel for å utvikle fagmiljø i internasjonal toppklasse og styrkje tverrfagleg samarbeid
  • Vi skal leggje større vekt på samarbeid med leiande kompetansemiljø i og utanfor Noreg og byggje vidare på den strategiske alliansen med SINTEF og St. Olavs hospital
  • Vi skal prioritere arbeids- og læringsmiljøet og styrkje den posisjonen Trondheim har som leiande studieby

Forsking og kunstnarisk verksemd

Samfunnsutviklinga treng kulturell fornying og forskingsbasert kunnskap. Forskinga skal gi innsikt i teknologi, samfunn og kultur. Ho skal bidra til å løyse aktuelle problem og setje oss i stand til å møte utfordringar i framtida. Samansette problem kan berre løysast med djup disiplinkunnskap og tverrfagleg samarbeid. Det må vere ein balanse og eit samspel mellom anvend og langsiktig, grunnleggjande forsking.

Forskinga og den kunstnariske verksemda ved NTNU er del av det internasjonale fagfellesskapet, og alle  fagmiljøa våre har eit ansvar for å bidra aktivt til fag- og disiplinutviklinga. Noreg som kunnskapsnasjon må halde tritt med den internasjonale forskinga, og som eit stort universitet skal vi ha ambisjonar om å setje spor etter oss.

Internasjonalisering er eit vilkår for utvikling av høg kvalitet. Å vere synleg nasjonalt og internasjonalt gjer oss attraktive for samarbeid med dei beste. Dette krev robuste fagmiljø med ein tydeleg profil, klåre prioriteringar og fagleg konsentrasjon. Miljøa må identifisere forskarar og kunstnarar som kan bli framifrå i framtida og motivere studentar for forsking. Doktorgradsutdanning er eit sentralt verkemiddel for å fornye forskinga og styrkje kunnskapsbasen i samfunnet.

Mål

  • All forsking og kunstnarisk verksemd held høgt internasjonalt nivå, og fleire vitskaplege og kunstnariske miljø er i internasjonal toppklasse
  • Forskingsmiljøa har ein tydeleg profil som byggjer opp under utdanning og nyskaping og som utnyttar tverrfaglege koplingar
  • Forskinga er langsiktig og grunnleggjande. Ho bidrar til internasjonal kunnskapsutvikling og skaper grunnlag for framtidig nyskaping
  • Doktorgradsutdanninga ved NTNU er etterspurd og held høg internasjonal standard


Vegval

  • Vi skal prioritere internasjonalisering og byggje opp kompetansen på å initiere, ta del i og leie internasjonale forskingsprosjekt
  • Vi skal identifisere og byggje opp talent innanfor forsking og kunst og etablere mekanismar for å halde ved like og utvikle fagmiljø i internasjonal toppklasse
  • Vi skal konsentrere forskinga gjennom robuste fagmiljø med høg kvalitet og tydeleg fagprofil
  • Vi skal styrkje den grunnleggjande, langsiktige forskinga og mogeleggjerande teknologiar som IKT, bioteknologi og nanoteknologi
  • Vi skal arbeide for at offentleg verksemd og næringsliv etterspør og verdset kandidatar med doktorgrad

Utdanning og læringsmiljø

Behovet for menneske med høg kompetanse som kan løyse samansette samfunnsutfordringar, aukar. Konkurransen om studentane tilspissar seg på den globale utdanningsmarknaden, og fleksibilitet og endringsevne er viktig. Skal vi tiltrekkje oss dei dyktigaste studentane og faglærarane, må NTNU utnytte eigenarten sin og utvikle ein tydeleg, ambisiøs profil på studieporteføljen. Utdanninga må skje i eit rikt og inkluderande læringsmiljø. Ho må byggje på god forsking og stimulere til kritisk refleksjon og nyskaping.

Alliansar med sterke fagmiljø nasjonalt og internasjonalt skaper attraktive studietilbod, aukar kvaliteten i utdanninga og styrkjer studentmobiliteten. For å utvikle samfunnsrelevante studieprogram og førebu studentane på den arbeidsmarknaden dei møter både under og etter studiet, trengst det tett dialog med næringsliv og offentleg verksemd. Kompetansekrava endrar seg kontinuerleg. Dette krev tilpassa læringsaktivitetar og livslang læring.

Studentane må ta ansvar for eiga læring og involvere seg i utviklinga av utdanningstilbod, undervisning og læringsmiljø. NTNU må gi studentane tett oppfølging og læringsfremjande evalueringar. Leiarar av utdanning, undervisning og læringsmiljø skal ha klåre roller og tydeleg ansvar. Vi må utvikle kvalitetskulturen i fagmiljøa vidare, og vi må følgje opp utdanningskvaliteten kontinuerleg.

Mål

  • Kandidatar frå NTNU har relevant og anerkjend høg kompetanse. Dei er etterspurde nasjonalt og internasjonalt
  • All utdanning er prega av kvalitet på høgt internasjonalt nivå, fagleg og pedagogisk
  • Undervisninga stimulerer studentane til kritisk refleksjon og aukar interessa for forsking og nyskaping
  • NTNU har motiverte studentar som er rekrutterte nasjonalt og internasjonalt og som kan arbeide på tvers av faggrenser og læringskulturar

Vegval

  • Studia skal gi tydelege og dokumenterte kvalifikasjonar for nasjonalt og internasjonalt arbeidsliv
  • Fagmiljøa skal konsentrere studieporteføljen for å styrkje kvaliteten og gi internasjonalt samarbeid høgare prioritet
  • Vi skal tilby undervisning som har tett kopling til forsking og innovasjon og som stimulerer til tverrfagleg samarbeid
  • Vi skal involvere studentane sterkare i å betre utdanningskvaliteten og skape eit variert og godt læringsmiljø
  • Alle fagmiljø skal utvikle god utdanningsleiing og kvalitetskultur med bruk av systematisk evaluering og god oppfølging
  • Vi skal auke omfanget av og kvaliteten på etter- og vidareutdanninga

Innovasjon og nyskaping

NTNU har vore med på å byggje det moderne Noreg. Ambisjonen vår er å vere ein minst like stor bidragsytar til berekraftig verdiskaping i framtida. Vi må stimulere til auka innovasjon og nyskaping i heile breidda av fagområda ved NTNU. Dette skal kome klårt fram i utdanningstilboda våre. Den tverrfaglege profilen vår og erfaring frå samarbeid med samfunnet og bedrifter gir NTNU eit konkurransefortrinn innanfor nyskaping.

Nyskapingsaktiviteten vår spring ut av utdanning, forsking og kunstnarisk verksemd. Heile prosessen frå idé til nye produkt og tenester må fungere optimalt, og kapasiteten i utdanning av entreprenørar må auke. I samarbeid med andre aktørar må NTNU leggje til rette for fleire nyetableringar og utvikling i eksisterande verksemder.

Effektiv nyskaping krev tettare, sterkare og meir profesjonalisert samhandling med næringsliv og offentleg verksemd. Ein brei forskingsbase er grunnlaget for samfunnsnyttige, kommersialiserbare idear. Vi må styrkje tverrfagleg forsking på nyskapings- og innovasjonsprosessar og motivere studentar og tilsette for nyskaping.


Mål

  • NTNU er ei drivkraft for omstilling, berekraftig innovasjon og nyskaping i samfunnet
  • NTNU er internasjonalt framifrå innanfor forskingsbasert innovasjon og samarbeid med næringsliv og offentleg verksemd
  • Studentar og tilsette i heile fagbreidda tar del i entreprenørskap og innovasjon
  • NTNU har eit velfungerande internt system for nyskaping, frå idé til nyetablering

Vegval

  • Vi skal profesjonalisere og vidareutvikle eksterne relasjonar internasjonalt, nasjonalt og regionalt
  • Vi skal auke forskingsinnsatsen på prosessar knytte til nyskaping og entreprenørskap
  • Nyskapingsarbeidet ved NTNU skal leggje vekt på det tverrfaglege og samarbeide med nærings- og samfunnsliv
  • Vi skal tilby infrastruktur og profesjonelle støttefunksjonar for tilsette, studentar og oppstartsbedrifter

Formidling og kommunikasjon

Universiteta skal bidra til ein kunnskapsbasert offentleg debatt, formidle innsikt og gi ålmenta forståing for kor relevant forsking er.

NTNU ønskjer å stimulere til ei god samfunnsutvikling gjennom formidling av kunnskap og kompetanse. Formidlinga og kommunikasjonen vår skal femne vitskap, samlingar, kunst og kultur. Vi tar eit særleg ansvar for teknologi og naturvitskap. Formidlinga må spegle at kunnskapen er i stadig endring.

Allmennretta forskingsformidling må skje i open dialog med samfunnet. Tilbakemeldingar frå omverda skal ha innverknad både på forsking og utdanning og dermed auke relevansen av verksemda vår. Forskingsformidlinga konkurrerer om merksemda i informasjonssamfunnet. NTNU må utvikle og ta i bruk nyskapande verkemiddel og medium.

Eit godt formidlings- og kommunikasjonsarbeid styrkjer omdømmet til institusjonen. Dette kan bidra til å rekruttere dyktige tilsette og studentar og gjere oss til ein attraktiv samarbeidspartnar for næringsliv og kunnskapsinstitusjonar.

Mål

  • Kunnskapsformidling er ein integrert del av verksemda ved NTNU, og studentane og medarbeidarane våre er aktive bidragsytarar i den offentlege debatten
  • NTNU hjelper dei som tek avgjerder nasjonalt og internasjonalt, med kompetanse bygd på forsking
  • Vi driv effektiv formidling av resultata våre innan forsking, utdanning og nyskaping og skaper interesse for naturvitskap og teknologi
  • NTNU er synleg og har eit godt omdømme nasjonalt og internasjonalt

Vegval

    Vi skal etablere og delta på strategiske arenaer for kontakt med samfunnet
  • Vi skal ta eit særleg ansvar for å auke kunnskap om teknologi og naturvitskap i samfunnet
  • Vi skal profilere dei kunstfaglege miljøa våre sterkare i formidling og kommunikasjon
  • Vi skal sikre vitskaplege samlingar og gjere dei meir tilgjengelege
  • Vi skal styrkje internasjonal formidling og kommunikasjon
  • Vi skal auke innsatsen for å skape ein samlande NTNU-identitet hos studentar, medarbeidarar og alumni

Leiing, medverknad og ressursar

Organisasjon og ressursar skal støtte opp under kjerneverksemda. Betre tenester, lett tilgjengeleg informasjon og gode støttesystem bidrar til dette. NTNU må sørgje for ei miljøforsvarleg verksemd.

Rammevilkåra endrar seg raskt, og dette stiller store krav til god leiing og til omstillingsevna i organisasjonen. Leiarane må gjere krevjande strategiske val for å utvikle verksemda og leggje til rette for eit raust og trygt arbeidsmiljø. Dei har eit særskilt ansvar for å styrkje arbeidet med helse, miljø og tryggleik (HMT) ved einingane sine.

Eit internasjonalt framifrå universitet er avhengig av aktiv medverknad frå studentar og medarbeidarar. Dette føreset inkluderande leiing og godt samarbeid med studentdemokratiet og dei tilsette sine organisasjonar.

Ei av dei store utfordringane ved NTNU er å rekruttere høgt kompetente og motiverte personar til vitskaplege og teknisk-administrative stillingar. På prioriterte område må vi søkje medarbeidarar med kompetanse frå internasjonalt leiande fagmiljø og ha høvelege verkemiddel for dette. NTNU har ei spesiell utfordring i å rekruttere fleire kvinner til teknologi og naturvitskap.

Mål

  • NTNU har leiarar med evne til å setje mål, skape entusiasme og bidra til fagleg utvikling
  • NTNU har eit raust og sikkert arbeidsmiljø med brei medverknad frå studentar og medarbeidarar
  • NTNU er eit universitet med gjennomgåande miljøforsvarleg verksemd
  • Organisasjonen har høg kompetanse og god ressursstyring i alle ledd
  • NTNU har effektive støttefunksjonar og informasjonssystem som er tilpassa primæroppgåvene og studentane si læring

Vegval

  • Vi skal utvikle leiarrolla og heve kompetansen til leiarane ved NTNU
  • Vi skal føre ein aktiv personalpolitikk som bidrar til gode arbeids- og læringsmiljø, med vekt på rekruttering, utvikling av medarbeidarar og likestilling
  • Vi skal styrkje det systematiske HMT-arbeidet blant studentar og medarbeidarar
  • Vi skal ta større ansvar for det ytre miljøet
  • Vi skal skape større handlingsrom for strategiske prioriteringar i alle ledd
  • Vi skal drive ei aktiv eigedomsforvaltning der vi prioriterer fornying av bygningsmassen og den vitskaplege infrastrukturen
  • Vi skal etablere betre tenester og utvikle støttesystem slik at studentar og medarbeidarar får meir tid til hovudoppgåvene sine

Last ned pdf-versjon av Kunnskap for ei betre verd.