Samfunnsoppdrag for dansevitskap

Forståing for bevegelse

Alle menneskelege ytringar blir skapte gjennom bevegelse. Dansevitskap utviklar reiskap og metodar for analyse og brei forståing av menneskeleg estetisk bevegelse. Faget har også potensiale til å ta ut gevinstar i helse, samfunnsintergrering og trivsel.

Arbeidsfelt

Program for dansevitskap skal fremja dansekunnskap som kroppsleg dugleik, som undervisningsemne og som vitskapleg felt. Det skal gi samfunnet kompetent tilgang til bruk av dans som brei, engasjerande kulturaktivitet med viktig helsepotensiale, som breispektra presentasjonsutrykk gjennom sport, show eller kunst og som ein sentral del av immateriell kulturarv.

Ambisjonsnivå

Dansevitskap skal vera internasjonalt leiande i forsking og høgre utdanning når det gjeld dans som kunst- og kulturaktivitet, som estetisk uttrykk og som immateriell kulturarv i fortid, samtid og framtid. Dansevitskap skal stå sentralt i internasjonal forsking på dans i eit totalperspektiv, og vera leiande i arbeidet med den norske dansearven, også som praksis og kunst.

Kompetanseproduksjon

Dansevitskap styrker praktisk kompetanse for danseundervising blant lærarar på alle nivå i skuleverket, kulturskulen, danseskular og friviljug kulturliv med breiare fagleg innsikt. Bachelorprogrammet utdannar profesjonelle utøvarar og pedagogar av tradisjonsdans. Frå masterutdanningane kjem spesialistar som tek arbeid hos dansekompani, i danseorganisasjonar, i formidlingsinstitusjonar og i høgre utdanning. Dei blir også dansekritikarar, arkivarar og spesialistar i det offentlege.