Utlån frå dei kulturhistoriske samlingane

Utlån frå dei kulturhistoriske samlingane

Konservator Leena Aulikki Airola ved monteringen av det såkalte Tornesfunnet fra folkevandringstiden i utstillingen «Romsdalshistorier» på Stiftelsen Romsdalsmuseet, Molde. Foto: Terje Masterud Hellan, NTNU Vitenskapsmuseet.

NTNU Vitskapsmuseet låner ut gjenstandar frå sine kulturhistoriske samlingar til museum og liknande institusjonar i inn- og utland, så framt det ikkje vil være til skade for gjenstandane, at NTNU Vitskapsmuseet ikkje sjølv skal bruke dei til formidling eller forsking, og at NTNU Vitskapsmuseet har ressursar til handtere utlånet. 

Søkjarar blir viste til NTNU Vitskapsmuseet sine retningsliner for utlån og søknadsskjema med fasilitetsrapport

Søknadar om utlån frå dei kulturhistoriske samlingane skal innehalde både søknadsskjema og fasilitetsrapport, og sendast til: utlaansutvalget@vm.ntnu.no 

Berre komplette søknader vil bli behandla. Supplering av gjenstandslista etter at søknaden er sendt fører til meirarbeid for personalet ved museet, og vil derfor leie til eit nytt sakshandsamingsgebyr. 

Utlånsutvalet handsamar søknadar fire gonger i året; to gonger om våren og to gonger om hausten. 

Det må være minimum seks månader frå nærmaste søknadsfrist til planlagt utstillingsopning. 

Søknadsfristar

  • Våren: 15. februar og 15. april
  • Hausten: 15. september og 15. november

Spørsmål om utlån rettast til Utlånsutvalet på e-post: utlaansutvalget@vm.ntnu.no

I Utlånsutvalet sit: førsteamanuensis Birgit Maixner (koordinator), instituttleiar Bernt Rundberget, leiar for konservering Daniela Pawel.