ODYSSEUS – Forvaltning av fragmenterte ferskvatn


Ferskvassorganismar er spesielt sårbar for menneskeskapt fragmentering av leveområde. Det er bare vassvegar som bind saman dei ulike habitata. Dammar, kulvert og andre fysiske installasjonar i elver og bekker skapar ofte absolutte hinder for fisk. Dette kan ha mange negative effektar på fiskesamfunn. Men, restaurering av elver og bekkar gjennom ta vekk fysiske installasjonar kan og vere ein risiko ved å fremje spreiing av framande artar. Denne avveginga er ikkje tatt omsyn til i nasjonale og internasjonale forvaltningsregime slik som Vanndirektivet. Forvaltninga manglar også verktøy for å utforske konsekvensene av slik restaurering.


Føremål

Det viktigste formålet med ODYSSEUS prosjektet er å demonstrere verktøy for å utforske konsekvensane av endra fragmentering av ferskvatn. Dette i form av interaktive kart kor hinder for vandring av fisk og risiko for spreiing av framande artar for ulike forvaltningsalternativ. Vi vil bruke Skandinaviske  ferskvatn som eksempel, og utforske kva som trengs for å utvide dette for andre EU-regionar.


Aktivitetar

Verktøy som blir utvikla baserer seg på økologiske og geografiske modellar og databasar. Viktige aktivitetar i er derfor samanstilling av informasjon i databaser og statistisk modellering av denne, samt og framsyne desse på interaktive nettbaserte kart:

  • Kvantifisere moglegheit både framande og stedegne artar har til å passere hinder
  • Kvantifisere korleis fragmentering av leveområder påverkar levedyktigheit til bestandar av ferskvassfisk
  • Studere korleis fragmentering påverkast av andre menneskeskapte faktorar, slik som klimaendringer, vasskvalitet, og framande artar.
  • Utvikling av nettbaserte kartløysingar for utforsking av økologiske konsekvensar av fragmentering av leveområder og restaurering

Prosjektet vil bli utført i samarbeid og dialog med regional og nasjonal forvaltning. Eit viktig komponent er også å undersøke korleis andre samfunnsaktørar som til dømes dei som brukar naturen til rekreasjon og oppleving ser og oppfattar problema. Vi har derfor også aktivitetar i prosjektet retta mot desse gruppene:

  • Arbeidsmøter med forvaltning og andre samfunnsaktørar
  • Samfunnsfaglege studiar av dialogen mellom forskarar og forvaltninga
  • Samfunnsfaglege studiar av korleis verdien av ulike artar og habitat blir oppfatta på tvers av ulike grupper av samfunnsaktørar i ulike regionar av Europa.


Finansiering

ODYSSEUS er eit prosjekt finansiert av BiodivERsA-nettverket. BiodivERsA finansierer tverr-europeisk forsking på biodiversitet og økosystemtenester. Det er eit “ERA-NET Co-fund”, finansiert under EU’s Horizon 2020 rammeprogram.

 

Project partners

Umeå University, SWEDEN
Norwegian University of Technology and Science, Trondheim, Norway
Institute of Research for Development, Toulouse, France
University of Girona, Spain

ODYSSEUS
Varigheit: 01-2017 to 12-2019
Norsk kontaktperson: Anders G. Finstad, NTNU Vitenskapsmuseet

Internasjonalt konsortium

Umeå universitet, Sverige
Göran Englund, Umeå University, Sweden (International koordinator)
Gunnar Öhlund, Umeå University, Sweden


NTNU Vitenskapsmuseet, Noreg
Anders Finstad (Norsk koordinator)
Sam Perrin

Luleå Universitet, Sverige
Carina Lundmark, Luleå University
 
Norsk Institutt for Naturforskning, Noreg
Ingeborg Palm Helland
Stefan Blumenrath
 
Institute of Research for Development, Toulouse, France
Bernard Hugueny (Fransk koordinator)
Pablo Tedesco
Stephanie Januchowski-Hartley
Gaël Grenouillet
Celine Jezequel
Leroy Boris
Thierry Oberdorf

University of Girona, Spain
Emili Garcia-Berthou (Spansk koordinator)
David Almeida
Anna Menció
Josep Mas-Pla

Autonomous University of Barcelona, Spain
Beatriz Rodríguez-Labajos

Eit dilemma i forvaltning av vassdrag er at restaurering av fragmenterte habitat fjernar hinder for spreiing av framande artar. Vi har derfor kalla dette prosjektet opp etter Odysseus og hans dilemma når han segla mellom Scylla (eit sekshoda monster) og Charybdis (ein malstraum) i Messina sundet.